Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Prisgitt: Norske poetar er visst ikkje aktuelle for Nordisk Råds litteraturpris.

Ein trist rekord

Då det nyleg vart kjent at Carl Frode Tillers roman «Begynnelser» og Roskva Koritzinskys novellesamling «Jeg har ennå ikke sett verden» er nominert til Nordisk Råds litteraturpris 2018, var det femte år på rad at to prosaistar var nominert frå Noreg. Vi må tilbake til 2013 for å finne ei norsk diktsamling blant dei nominerte: Nils-Øivind Haagensens «God morgen og god natt». Det er ein trist rekord; sidan starten i 1962 har det éin gong før gått fire år utan at ein poet er nominert, og aldri fem. Men Stein Mehren har aleine fått heile sju av nominasjonane!