Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Livet i provinsen kan vere rikt. Frå Leikanger kjem det verdslitteratur i taktfast tempo.

Eit ekte under

Første gong eg fullførte ei heil bok ståande, heilt utan å ha planlagt det, var då eg som ung plukka ut Jon Fosses «Nokon kjem til å komme» (1996) frå bokhylla og først kom til meg sjølv att etter siste side. Førre helg skjedde det igjen, også denne gongen i møte med Fosse sine ord, no som omsetjar av James Joyces novelle «Dei døde» (1914), utgitt i fjor på det vesle forlaget Skald.