Du kan bla til neste sideBla med piltastene

1968 var ikkje ei rørsle, men samklang og dissonans.

Femti år har gått. Har verda eigentleg blitt ein betre stad?

© ILLUSTRASJON: KNUT LØVÅS, KNUTLVAS@GMAIL.COM

Det er femti år sidan 1968, og forvirringa som kom over mange den gongen, ser ut til å gjenta seg i 2018. Skal 1968 få eit rettferdig ettermæle, må vi som var med da, sjå kritisk på vår eigen ungdom og ta oppgjer med det vi gjorde feil. Det er ikkje gjort i ein avisartikkel, men ein stad må vi begynne.