Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Barbro Auestad kan visa til 140 kilo i markløft. No skal ho bruka all si kraft på å stoppa norsk medlemskap i EUs energiunion.

Kraftverket

Barbro Auestad erein sterkt talsperson mot Acer. Tom Henning Bratlie

Det er ein av desse bitande kalde vinterdagane med blå himmel og kald vind, der kulda sender straumprisane oppover på den nordiske straumbørsen Nordpool. Langs ein mur framfor Stortinget står 29 faner med broderte motiv og stadnamn frå heile landet oppstilte. Her er Kverneland Jern og Metall og Fiskaa Verk Arbeiderforening sine antikvariske faner frå 1920-talet. Her er faner frå Odda og Årdal, Stavanger og Oslo. Faner for folk i både industrien og offentleg sektor står langs muren. «Samhald gir styrke», står det på ei av dei.