Lørdag 3. mars 2018
MOTSTAND: Svend Brinkmann meiner at vi som har meir enn nok, bør greie oss med mindre. FOTO: TOM HENNING BRATLIE
Alt med måte
Nøysemd: Svend Brinkmann vil gjere oss til sekulære protestantar.

VEKAS BOK

«Gi slipp», heiter det i Fredrik Høyers populære Ferdig­snakka-slam, utgitt i både plate-, og bokform i «Grønlandsutraen» (2016) og dessutan framført på NRK, Nationaltheatret og det litt meir internasjonale Ted Talks Oslo. Høyer sette openbert ord på noko mange ville høyre, om trongen til å tenkje skit la gå og berre sleppe taket.

Den danske psykologiprofessoren og filosofi-predikanten Svend Brinkmann har dei siste åra gitt ut tre bøker, som alle no har kome på norsk: I «Stå imot» (2015) protesterer han mot sjølvhjelpstress og utviklingspress; i «Ståsteder» (2017) gir han ei smørbrødliste med gode verdiar å stå fast ved. I årets bok «Gå glipp» (på dansk i 2017) framsnakkar han «begrensningens kunst i en grenseløs tid», og dreg linjene attende til grekarane og den dygda dei kalla sofrosyne – måtehald og sindigheit.

For Brinkmann bør ikkje måtehald berre vere ei dygd for grekarar og protestantar, men også for det moderne mennesket som hastar rundt i eit utflytande arbeidsliv, ein teknologi som gjer oss tilgjengelege til ei kvar tid, med eit sjølvrealiseringsideal som naturleg nok aldri blir realisert. Vi er mange som lever i det, og som kan finne tilfredsstillande tankar hos Brinkmann. Til Høyers «gi slipp» og Brinkmanns «gå glipp» er det likevel freistande å leggje til eit lite don’t trip.

Fakta

SAKPROSA

Svend Brinkmann

Gå glipp

Oversatt av John Erik Frydenlund

Forlaget Press 2018, 144 sider

Det kunne Brinkmann ha sagt sjølv. Også måtehaldet må vere måteleg, meiner han. Han dyrkar ikkje sjølvpinande askese, men meiner berre at vi må slutte å stresse etter meir heile tida. Brinkmann er klar over at det er folk i eit visst sosialt lag som kan tillate seg å tenkje i slike baner. For å unngå det han kallar «den elitære fella», heilgarderer han seg og byrjar i politikken, der både klimakrisa og aukande ulikskap gjer det nødvendig at vi lærer oss å «gå glipp». Når han skriv vidare om verdien av nøysemd og måtehald ut ifrå eksistensielle, etiske, psykologiske og estetiske perspektiv, er det på grunnlag av verdiar som solidaritet og ansvar, og på ei forståing av fridom som vektlegg den positive tydinga av ordet, altså fridom til like mykje som fridom frå. Brinkmann protesterer mot privatiseringa av politiske problem, og mot individualisering og psykologisering.

I innleiinga skriv han likevel at kapitla kan lesast uavhengig av kvarandre, og at ein ikkje treng å vere samd i alt for å «få utbytte av boka»: «Noen vil kanskje legge vekt på det psykologiske, men avvise det politiske – andre vil se det stikk motsatt». I ei bok som vennleg parodierer sjølvhjelpslitteraturen, kjem desse oppriktige setningane farleg nær det som blir parodiert. Det grev nokre små hòl i tilliten min til Brinkmanns politiske tenking.

For det er sjølvsagt eit problem om lesarane vel bort det politiske, og berre tek til seg det som passar. Eit enklare liv kan vere eit betre liv, men om det skal vere mogleg for andre enn dei privilegerte, må det politiske perspektivet med: Når Brinkmann skriv om den kjende marshmallow-testen, der ungar blei lønna om dei lét vere å ete ein marshmallow, minner han difor om at det ikkje berre var sjølvkontroll som var avgjerande, men også tilliten til omgivnadane og omverda. Det er ein type tillit som blir til gjennom politikk.

Brinkmann gir gode politiske grunnar til at vi som har meir enn nok, bør slå oss til ro med mindre. Men dei politiske løysingane hans er lite konkrete, og blir berre lagt fram som «klangbunn» for det som følgjer. Eg mistenkjer at det er fordi politiske løysingar ofte handlar om kamp og mobilisering, og at det å «gå glipp» ikkje akkurat er ein eigna strategi om ein skal halde organisasjonar i drift eller halde ut kampen for arbeidsvilkår som gjer det mogleg å drive med det Brinkmann kallar «livskunst».

I Norden finst det likevel ein del folk, i ulike livssituasjonar og yrke, som faktisk kan velje og velje bort. Brinkmann ser til dei danske filosofane Søren Kierkegaard og K.E. Løgstrup, som på ulike vis skreiv om kunsten å velje bort, for å skape rammer som det er mogleg å leve meiningsfulle og etisk forpliktande liv innanfor. Hos protestantar som Løgstrup og Kierkegaard følgjer det gjerne reglar og ritual med, men når Brinkmann forsvarar slike ritual, er det heller ut i frå ei sekulær og sosiologisk forståing, der ritualet er ei sosial form meir enn ein veg til Gud. Ein eller annan stad går det likevel gale i sekulariseringa, og Brinkmann høyrest mest ut som ein coach når han meiner vi bør «tilstrebe å skape en kulturell økologi med estetisk appellerende ritualer som muliggjør en etisk basert livsform» og framhevar at «ethvert enkeltindivid kan forsøke å kultivere sitt eget lille landskap av ritualer i hverdagen».

«Gå glipp» er likevel ei poengtert og leseverdig bok, som kanskje likevel høyrer heime i sjølvhjelpssjangeren den mildt parodierer. Det skal ikkje vere meg i mot om den skaper ei lita sjølvhjelpsbølgje, og gir folk «mot til å forplikte seg», som Brinkmann forkynner. Det minner om noko Vilhelm Ekelund skreiv allereie for hundre år sidan i «Metron»: «Saktmod, ja. Men vi glömma icke modet. Och sannerligen, det kräfves mod till saktmod!»

bokmagasinet@klassekampen.no

Lørdag 19. mai 2018
Ujålete: Oda Malmin skriv om korleis sams tap kan binde saman.
Lørdag 12. mai 2018
Utforskar: Bøkene til Ingrid Z. Aanestad og Terje Holtet Larsen om lesing og skriving understrekar forlaget sin litterære profil.
Lørdag 5. mai 2018
Rød: Lerstangs brak av en bok framhever fellesskap og samhold.
Lørdag 28. april 2018
Skulpturelt: Roy Jacobsens essay om moren og Vigelandsanlegget er høydepunktet i en sterk antologi om offentlig kunst.
Lørdag 21. april 2018
Tospråkleg: Vigdis Hjorth sjanglar stødig mellom det personlege og det allmenne i fire essay om store mannlege forfattarar.
Lørdag 14. april 2018
Stillfaren: Cathrine Knudsen skriv eigenarta undersøkingar om vilkåra for liv i det tekno-kapitalistiske komplekset.
Lørdag 7. april 2018
Boligdrøm: Marit Eikemos romaner skildrer behovet for til­hørighet, et sted å bo med sine nærmeste, hvis man har noen.
Lørdag 24. mars 2018
Kraft: Hvordan former vold og frykt mennesker og samfunn?
Lørdag 17. mars 2018
Skurrar: Kaj Skagen skriv rikt og ofte råkande om norsk tru og tanke, men i samtidsdiagnosen brusar han med lånte fjør.
Lørdag 10. mars 2018
Poengtert: Mary Beard manar til medvit om makt.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk