Klassekampen.no
Fredag 2. mars 2018
Sorg
Ikkje la optimistane knekke deg
Undersak

Å finna trøyst når ein er aleine

Nå er det jo slik at det ikkje alltid er mogleg å ha eit anna menneske der som kan gje trøyst. Mange finn fram til eigne ritual eller anna som dei finn trøyst i, sjølv om ein er aleine. Å gå i naturen er stor hjelp for mange. Biletkunst er viktige trøystarar for andre.

Ein katt, ein hund, ein undulat, ja til og med eit fuglebrett utanfor vindauget kan ha ein positiv verknad på emosjonar og kropp. Forskinga på den terapeutiske verknaden av nærleik av dyr er nok ikkje eintydig, men mykje ved kjæledyrdyr vil ha ein god verknad for den som er einsam – rutinar med mating og lufting, nærværet av eit anna levande vesen. Og dei som har glede av slikt, spør jo uansett ikkje om gleda deira er støtta av forsking.

Mange finn trøyst i å lytta til musikk. Om det er blues eller klassisk, pop, jazz eller folkemusikk vil kom an på smak og behag. Ja, Abbie Headon, som med eit fint glimt i auga har samla dikt til trøyst og hjelp for mange slags vanskar og dilemma i si bok «Poetry First Aid Kit», har teke med dette vesle diktet av Oliver Herford:

Here’s to Music,

Joy of joys!

One man’s music’s

Another man’s noise!

Det å verta riven med, teken bort frå det stadige fokus på eiga sorg eller uro, å gå inn i ein annan samanheng og sleppa litt vekk frå det som plagar ein, har positiv verknad i seg sjølv.

Eit område som har vorte mykje nytta til trøyst, er litteraturen. Psykologen Shira Gabriel har forska på den emosjonelle verknaden av å lesa romanar og funne at romanar gir noko av den same emosjonelle tilfredsstilling som det å høyra til ei sosial gruppe. Ho seier: «Bøker gir oss sjansen til å oppnå ei sosial tilhøyrsle og den velsigna roa som ein får av å høyra til i noko som er større enn ein sjølv for ei dyrebar, svevande stund.»

Asta Holter Dahl fann stor trøyst i poesi då ho mista mannen sin og samla trøystande dikt i boka «I sorgens time». Og sjølv har eg vorte forundra over alle dei som har fortalt meg at dei har vorte trøyste av desse fire orda som eg ein gong sette saman:

lyset

du treng

finst

htorvund51@gmail.com

Livet

Psykolog Peder Kjøs skriver om det personlige og nære.

Om det som trøystar og det som sperrar for trøyst.

For mange år sidan hadde eg ein reaksjon på folk som alltid var så glisande blide og som såg ut til å meina at dei hadde funne svaret på alle problema alle andre hadde. Eg skreiv dette diktet til dei som var utsette for slike folk:

Det er så langt igjen, kamerat

Her er så mange profetar

som peikar mot himmelen

Dei peikar og ropar

Gud veit

kva dei vil

Ingen kan peike med fingeren din

eller rope med di røyst

Ikkje la dei lyga deg huda full

Huda skal vera open

Her finst ikkje langvarig trøyst

Ingen grunn til overdriven optimisme

i året me nå er i

Langt er att

og det meste er slit

Men kan ein realistisk pessimist

få gje deg eit råd

Deg må ikkje optimistane

ta knekken på

Ein gong lenge etter dette, då eg nett hadde fått vite at eg var alvorleg sjuk, møtte eg ein god venn utanfor butikken i den vesle bygda der me bur. Han såg nok på meg at noko var gale: Eg var tynnare og bleik om nebben etter at eg hadde fått ei tung melding av fastlegen. Eg mumla fram dei vonde orda «svulst, kreft». Han såg på meg. Og så sa han berre: «Å, Helge, kan eg halda om deg?» Eg nikka.

Og så gjorde han det.

Det gjorde noko med meg og det gjorde noko med situasjonen. Ei spenning sleppte litt. Og eg kjende meg mjukare.

«It can be a hard world to be soft in.» Med desse orda innleiar Val Walker boka «The Art of Comforting». Ho har drive med sorgarbeid på eit sjukehus og i andre samanhengar og har eit skarpt blikk for kva som gjer det vanskeleg for oss å vera til trøyst for andre.

Eg hugsar godt ei historie som ein psykoterapeut fortalde, som illustrerer dette:

Ei kvinne som budde i eit fint strøk med villaer og hagar, hadde vanlegvis liten, men grei kontakt med naboane. Men då ho mista mannen sin, opplevde ho at naboane brått trekte seg unna. Ikkje ein gong kvinna i det næraste huset såg ho noko til. Ein dag då den sørgjande enka var ute og henta inn avisa frå postkassa ved fortauet, kom nabodama køyrande, opna bilvindauget og vinka med fingrane mot enka i muntre rørsler, medan ho ropte med lys og syngjande røyst: «Kondoleeerer!»

Kva er det som gjer det så vanskeleg å trøysta folk? Eit av problema er at det som trengst i ein slik situasjon, set oss på ein prøve i forhold til dei tinga som me har lært oss å setja høgt hjå oss sjølv og andre. Me vil så gjerne ordna og fiksa det som er vrangt og gale. Me vil ha løysingar for handa, handla målretta og oppnå resultat. Me liker å vita kva me skal seia og gjera for å koma ut av ein vanskeleg situasjon og få folk til å smila att.

Men trøysting fungerer ikkje på den måten. For å verkeleg trøysta kan ein ikkje ordna opp, fiksa ting, seie dei rette tinga, diagnostisera og vurdera, instruera eller gje råd. Når me skal vera der for nokon som treng trøyst, på ein måte som gjer dei godt, så må me risikera noko. Første bod er å berre vera til stades, fysisk og med merksemda, saman med den andre. Det er ikkje mogleg å tyna den type trøyst som har å gjera med reelt nærvær, inn på ein sms, på Twitter eller Facebook. Det er andlet til andlet og nærvær som er det beste.

Og det er det å la personen som har det vanskeleg, få lov å gå i oppløysing og vera i det håplause og uløyselege. Det å innsjå at det ikkje finst noko som er rett å seia, ingen greie frasar om «å sjå etter lyspunkta» eller «at motgang gir styrke» som ein kan lira av seg. Kjøleskapsmagnetvisdom fungerer ikkje framfor nokon som verkeleg har det vondt.

Då eg i si tid vart kursa i noko som vart kalla «involveringspedagogikk», ei form for tilnærming som lærte meg ting eg aldri har klart å mista trua på, viste kursleiarane oss til mi forundring at det «å trøyste» kunne vera ei kommunikasjonsform som dei kalla «sperresvar». Dette var svar som fekk den som sleit med noko, til å trekkja seg attende og vilja avslutta samtalen. Bagatellisering, eller det å ta fokuset bort frå den som presenterer problemet og til dømes seia «Eg har vore gjennom noko liknande, nå skal du høyra kva som hjelpte meg …» er døme på slike sperresvar.

Det er betre å teia, vera stille saman eller å berre lytta.

Det finst ein openberr kontrast i sjølve det prosjektet å skriva ei bok (eller ein artikkel som denne) om det å trøysta. For ei slik bok gir oss fort ei kjensle av at me her skal finna oppskrifta, den rette metoden. Langt på veg tykkjer eg Walker handterer dette fint, ved å mellom anna knusa ein del mytar om eigenskapar som Den Store Trøystaren må ha: evna til inderlege samtalar, uendeleg med tid, tolmod og vilkårslaus kjærleik.

Walker skriv at sjølv om me er klar over kva me set pris på når andre trøyster oss, så har me vanskeleg for å tru på vår eiga evne til å trøysta andre. Det finst ei tru på at trøysting er for ekspertar, spesielle menneske som er ekstremt empatiske og sjenerøse, og som anten var fødde med evna eller har årevis med erfaring som sjelesørgjarar eller sorgarbeidarar.

Påstanden hennar er at alle slags menneske – både sjenerte, reserverte og tilbaketrekte menneske, i alle yrke og stillingar – kan vera til stor trøyst. Det finst mange måtar å trøysta på. Eit praktisk ærend eller gjeremål frå nokon som ser kva som skulle vore gjort på eit område, kan vera like godt som ein stor bamseklem frå ein annan person.

Ein av mytane er at ein berre kan trøystast gjennom djupe og inderlege samtalar. Men trøyst treng nesten ikkje innebera samtale i det heile. Å lufta hundar saman, spela golf eller berre gå ein stilleteiande tur med nokon som treng at nokon er der, kan vera det som skal til. Ein kan spørja om det er noko ein kan gjera. Det kan vera ein god del trøyst i berre å få litt hjelp med konkrete ting for den som nesten ikkje orkar meir. Og det er betre å avtale eit nytt møte til ei spesifikk tid enn å seia at dei «alltid kan ta kontakt». Dei veit at det ikkje alltid passar, og ein vert litt usikker av det.

Det finst ingen fasitsvar. Men det er grunnleggjande at ein ikkje må få den som treng trøyst til å byrja oppføra seg på ein spesiell måte. Å vera i hop i denne vanskelege verda er det viktigaste.

htorvund51@gmail.com

Artikkelen er oppdatert: 10. april 2018 kl. 16.01

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk