Arrangementet vi har venta på: Debatten om Trondheims kunstscene på 1980-talet! Kunsthall Trondheim står for tilbakeblikket. I kveld møtest kunstprofessor Øyvind Storm Bjerke, kunstnarane Leiken Vik og Oddvar I.N. Daren og kunstnar, skribent, kurator og kunstkritikar i Klassekampen Tommy Olsson. Olsson var sjølv tydeleg og dels provokativt til stades i det trondheimske kunstmiljøet på 80-talet, som student ved Kunstakademiet i Trondheim. Skolen fekk status som statleg kunstakademi i 1987, men det eksperimentelt orienterte akademiet, KIT, skilte seg frå den målartunge akademitradisjonen i Oslo. Intermedia-lina trekte til seg talent frå heile Norden, under styring av Jeremy Welsh frå 1990. «Kaotisk og vital» er Kunsthall Trondheims tittel på debatten i kveld. Leikande, anti-kommersiell og engasjert i byutvikling, kan publikum som opplevde det, leggja til. Minimalen Kortfilmfestival var (då som no) eit høgdepunkt, der overskotet blant KIT-studentane kom til uttrykk. Trondheim var ein liten by med eit stort studentmiljø, og kunstmiljøa hadde ingen tydelege grenser mellom galleri, lerret, litteratur og klubb- og teaterscene. Samtalen er knytt til Oddvar I.N. Darens soloutstilling «Lokalt Land», der mange av verka er frå 80-talet. Guri Kulås
Få med deg: