STORTINGET: Statistisk sentralbyrås (SSB) prognosar viser at alle dei 169 representantane på Stortinget vil bikke éin million i lønn denne stortingsperioden. Førre stortingsperiode auka lønna til representantane frå 836.579 kroner til 928.602 kroner, og veksten ser ikkje ut til å minke, skriv Dagsavisen. SSBs prognosar viser at representantane vil nå éin million i lønn i 2020. Det eksakte talet er 1.026.549 kroner. Finanspolitisk talsperson for SV, Kari Elisabeth Kaski, er kritisk til lønnsveksten. For å hindre at lønnsavstanden mellom representantane og folk flest aukar ytterlegare, ønsker SV eit kronetillegg som tar utgangspunkt i den årlege lønnsveksten.©NPK
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Rasjonalitet følgjer ikkje automatisk med y-kromosomet.
Kvinneleg biologi
Solveigs salt
Som part i saka er eg sjølvsagt inhabil, sa filosofen Aristoteles då han blei spurd om kven som var best, kvinner eller menn.
Ikkje søtt, ikkje surt, ikkje bittert – men salt. Solveig Aareskjold skriv om det ho sjølv vil i Klassekampen kvar laurdag.