Lørdag 24. februar 2018
MØTE: Politimeister Hans Sværre Sjøvold i Oslo politidistrikt og vise­politimeister Bjørn Vandvik var her på veg frå møte med byrådsleiar i Oslo Raymond Johansen i Oslo Rådhus tidlegare i år. Foto: Christopher Olssøn
Politimeisteren i Oslo vil vera tettare på aktiviteten ved senteret som kjempar mot arbeidslivskriminalitet:
Oslo tar grep mot arbeidskrim
Undersak

– Me står betre rusta no enn me har gjort

Koordinator ved a-krimsenteret i Oslo, Bjørn Marhaug, seier bakgrunnen for at det blir gjort endringar er at det er vedtatt ein nasjonal styringsmodell for alle a-krimsentera i landet. Modellen blei vedtatt i haust, og tredde i kraft i januar i år.

Marhaug meiner at a-krimsenteret i Oslo i dag står betre rusta i kampen mot arbeidskriminalitet.

– A-krimsenteret i Oslo er no betre rigga enn me nokon gang har vore, seier han.

– Når politiet no kjem med fleire folk, styrkar det det tverretatlege fagmiljø. Det gir oss større slagkraft, seier Marhaug og understrekar at det er nok å gripa fatt i.

– Det som er eit faktum, er at det er meir kriminalitet enn kontroll og tilsynsetatane klarer å ta unna, seier han.

Marhaug fortel at det har vore dialog med Oslo politidistrikt heilt sidan starten av januar, og at endringane blir gjort uavhengig av Klassekampens artiklar.

Også visepolitimeister i Oslo Bjørn Vandvik opplyser at endringane kjem som følge av at Oslo politidistrikt følger opp ein ny styringsmodell for a-krimsamarbeidet, og at dei har jobba sidan i haust med endringane.

Marhaug ved a-krimsenteret kjenner seg ikkje att i at det har vore frustrasjon blant dei tilsette ved senteret i Oslo.

Marhaug og Vandvik understrekar at a-krimsenteret er éin av fleire arenaer for politiet og kontrolletatanes innsats mot arbeidslivskriminalitet.

Oslo, Norge, 01.02.2018. Bengt Eriksson, leder av Norsk Tjenestemannslag (NTL) i Arbeidstilsynet. Foto: Christopher Olssøn.
STYRKAR: Oslo-politiet sender ein ekstra politibetent til det tverretatlege senteret som skal avdekka arbeidslivskriminalitet og flyttar ansvaret for oppfølging av politiets rolle.

AKRIM

Det har vore frustrasjon blant dei tilsette om politiets rolle ved det tverretatlege senteret for arbeidslivskriminalitet i Oslo, a-krimsenteret, som Klassekampen skreiv om tidleg i februar.

Politiet ved senteret hadde fått beskjed om å ikkje melda økonomisk kriminalitet ute på tilsyn, og dei andre etatane måtte søka om bistand dersom politiet skulle vera med på kontroll.

Bengt Eriksson er tillitsvald for Arbeidstilsynet og jobbar ved senteret. For tre veker sidan sa han at «hvis ikke politiet kommer med en annen løsning, så ser ikke jeg for meg hva politiet kan bidra med».

Fakta

A-krimsenter:

• Det er dei siste åra oppretta sju a-krimsenter i Norge, der ulike kontrolletatar og politiet jobbar saman for å kjempa mot arbeidslivskriminalitet.

• Klassekampen avslørte tidlegare i år at politiet ved a-krimsenteret i Oslo ikkje skal melda økonomisk kriminalitet ute på tilsyn.

• Det har også vore frustrasjon over at ikkje Oslo politidistrikt har stilt med fleire ressursar til a-krimsenteret.

• Dei sju a-krimsentera i landet er ulikt organisert, men frå januar i år tredde ein felles styringsmodell i kraft.

Klassekampen

3. februar s. 8 9

8. februar s. 8 9

Fleire politi på jobb

Visepolitimester Bjørn Vandvik skriv i ein epost til Klassekampen at politiet no går frå to til fire årsverk i samarbeidet. Tre personar skal jobba i operativ gruppe på a-krimsenteret, og politiet vil bruka eitt årsverk på analyse.

Til no har Eining for økonomi og etterforsking hatt ansvar for å koordinera arbeidet. Det ansvaret blir flytta til Felles eining for utlending og forvaltning. «Grepet medfører at vi skal være tettere på aktiviteten ved a-krimsenteret i det daglige, og sikre at sakene ivaretas godt i straffesporet med etterforsking og iretteføring», skriv Vandvik.

Bengt Eriksson er fornøgd.

– Det er blitt stor betring alt. Politiet har fått ei meir aktiv rolle, seier han.

Inga endring i prioritering

Eit fleirtal av sakene politiet har oppretta sidan starten av senteret i 2015, har vore brot på utlendingslova (38 av 47 frå 2015 til 18. januar). Vandvik opplyser at dei ikkje endrar prioritering av sakstypar framover: «Etterforskning vil knytte seg til økonomisk kriminalitet, utlendingsfeltet eller andre typer kriminalitet. I tillegg skal vi fortsette å bruke forvaltningssporet aktivt, både for å bekjempe og forebygge. Særlig utvisning og uttransportering har vist seg å være effektive tiltak», skriv han.

Han opplyser at «anmeldelsene skjer etter at vi har vært på kontroller og fått oversikt over hva som kan være det straffbare, med mindre det er åpenbart der og da».

Ein del av frustrasjonen blant tilsette var knytt til at politiet hadde fått ei rolle som gjorde at dei berre kunne bistå dersom dei andre etatane i samarbeidet følte seg trua, eller hadde grunn til å kjenna seg truga. Dette er no eit avslutta kapittel.

– Instruksen om at me må søka bistand for at politiet skal vera med på tilsyn, er trekt. No får politiet lov å reagera på det dei finn ute på kontroll, seier Eriksson.

innenriks@klassekampen.no

Tirsdag 19. juni 2018
NEKTER: Kommunalministeren vil la Troms overkjøre Finnmark. Tromspolitikere fra Rødt, SV og MDG sier blankt nei, og nekter å overstyre finnmarkingene.
Mandag 18. juni 2018
HØRING: Faresignalene har vært mange det siste året. I dag må byrådsleder R­aymond Johansen (Ap) svare på hva han har tenkt å gjøre for å bekjempe ungdomskriminaliteten i Oslo.
Lørdag 16. juni 2018
PÅ DØRA: Reklameguru Ingebrigt Steen Jensen og samboeren Trude Solheim er lei av at Arbeiderpartiet ikke skaper entusiasme, og fremmer ti saker som de håper kan gjenreise partiet.
Fredag 15. juni 2018
BØYER IKKE AV: Finnmark vil møte trusler fra regjeringen med sivil ulydighet. Regjeringen lover represalier.
Torsdag 14. juni 2018
RAUD ELLER DAUD: Støre meiner tida etter valnederlaget har gjort han meir oppteken av å finne løysingar på venstresida. Om 15 månader kjem folkets dom.
Onsdag 13. juni 2018
INNTOG: Amerikanske marinesoldater skal til Indre Troms – og blir der i fem år. Opposisjonen reagerer på regjeringens forsvarspolitikk.
Tirsdag 12. juni 2018
ADVARTE: Allerede i 2016 advarte ­Statsadvokaten mot gjenger og alvorlige konflikter i Oslo. Nå er situasjonen forverret, heter det i en fersk tilsyns­rapport.
Mandag 11. juni 2018
NYE TIDER: Framtidsutsiktene for bemanningsbransjen er dystre etter at opposisjonen tvang gjennom inn­stramminger. I Trøndelag har elektro­bransjen funnet en modell som gjør byråene overflødige.
Lørdag 9. juni 2018
SENTRUM: Høyre snuser på 30-tallet på Klassekampens juni-måling, men er fortsatt av­hengig av kriserammede KrF for flertall.
Lørdag 9. juni 2018
EN TID FOR ALT: Bjørgulv Braanen s­lutter som ansvarlig redaktør i Klasse­kampen, men han har ingen planer om å for­svinne fra spaltene.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk