Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ringeriksbanen ligg tynt an når utsetting trugar Intercity-satsinga.

Har plan, manglar pengar

GAMAL PLAN: Ringeriksbanen vart første gong vedteken i 1955. Bana vil korte Bergensbanen med 60 kilometer. Her nyt ein turist utsikta på vidda like før Finse. © FOTO: TORE MEEK , NTB SCANPIX Meek, Tore

Mange trur at Nasjonal Transportplan (NTP) er sjølve transportbibelen. Har jernvegstrekninga, brua eller flyplassen fått plass i dei investeringsplanane som vert presenterte der, er lukka gjort. Slik treng det slett ikkje å vere. Før dei første løyvingane er vedtekne og første spadetak teke, er NTP berre ein plan. Prosjektet må inn i NTP for å verte bygd, men det er langt ifrå tilstrekkeleg.