Klassekampen.no
Onsdag 21. februar 2018
Forskjellen på ei dårleg språkspalte og ei spalte om dårleg språk.
Farlege forledd

No i februar kom det ei bok med tittelen «Psykisk helsearbeid». Me forstår at boka må handla om arbeid med psykisk helse. Men tittelen er ikkje uproblematisk. Han representerer det same uføret som Dagsavisen kom i den 19. januar då dei laga tittelen Psykisk helse-visitt om kronprinsesse Mette-Marits besøk i Rådet for psykisk helse.

Fenomenet blir kalla forleddstilknyting. Uinnvigde kan tru fenomenet handlar om farleg forelsking, men det er det altså ikkje. Forleddstilknyting er det når eit adjektiv kan lesast slik at det står til første leddet i det etterfølgjande samansette substantivet.

Dét er vel ok? Nei, forleddstilknyting bryt med det som i røynda er språksystemet vårt.

Me bør ikkje skriva politisk meiningsmåling, for det tyder i så fall ei politisk måling av meiningar. Me høyrer straks kor gale det blir. Regelen er med andre ord slik: Set me eit adjektiv framfor eit samansett substantiv, skal adjektivet tolkast slik at det står til det siste leddet i substantivet, ikkje til det første.

Fordi i vårt språk, som i andre germanske språk, er det slik at siste leddet i eit samansett substantiv veg tyngst for meininga. Ein husbank er ein slags bank, eit bankhus er eit slags hus. Dét er bakgrunnen for at eit førestilt adjektiv skal stå til siste leddet i eit samansett substantiv.

Ser me oppslaget vanskeleg bankhus, skal det vera huset som er vanskeleg, ikkje banken.

Problemet er at språkbruken etter kvart har sleppt gjennom nokre unntak. Seiemåten (ikkje praksisen) med kvit slavehandel ville truleg ikkje få ein einaste norsklektor til å ta fram raudblyanten. Utan å blunka les me det som handel med kvite slavar, ikkje kvit handel med slavar.

Eg tippar òg at kongeleg hoffleverandør og låg prisklasse blir akseptert av dei mest språkkritiske. Men tilfelle som dette har me ikkje mange av; dei er og blir unntak. Så personlege skattytarar bør få raud strek. Og ein problematisk saksbehandlar skal berre bety ein problematisk person som behandlar saker, ikkje ein som behandlar problematiske saker.

Som kollega Finn-Erik Vinje skriv i boka si «Moderne norsk» (2002): Det er slik at en billig bilkjøper ikkje skal bety ein kjøpar av billege bilar, det er kjøparen som er billeg. Systemet i norsk språk er klart. Og udiskutabelt.

Men – problemet stansar ikkje med dette. Det blir kommunikativt endå verre når me treffer på uttrykksmåtar som ulukkeleg kjærleikshistorie og nordisk prisvinnar. Slikt skapar forvirring, forsiktig sagt.

Mange vil lesa og tolka ut frå det som er regelen i norsk, andre vil landa på forleddstilknyting. Det beste i slike tilfelle er ikkje at skrivaren står på sitt (endå om han veit han skriv etter gjeldande regel). Det beste er å bruka litt ekstra plass for å skriva slik at formuleringa ikkje kan mistolkast: ei ulukkeleg historie om kjærleik og ein nordisk vinnar av prisen. Viss det då er dét som er tilfellet.

Dagens moral: Ein bør unngå forleddstilknyting.

sylfest.lomheim@gmail.com

Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.

«Utan å blunka les me det som handel med kvite slavar»

Artikkelen er oppdatert: 11. april 2018 kl. 10.51
Onsdag 9. mai 2018
Ingen månad er så prega av kunnskapsprøving som mai. Her kjem eit bidrag til eldre som ofte er rådgjevarar, og til yngre som er utøvarar.Først -ning og -ing: -ing fortel om handling,...
Onsdag 2. mai 2018
Den 1. mai byrja i 1889. Og rørsla, die Bewegung, the movement, le mouvement har halde seg. Fordi mange nok stiller opp. Men eg melder eit sakn: Eitt ord var mykje fråverande i talane i går,...
Onsdag 25. april 2018
«Wara for Listhaug» var Klassekampens kreative overskrift i byrjinga av månaden. Den nye ministeren kom som vara for den tidlegare ministeren... Ein desktiar og blink me ikkje ser kvar dag. Etternamnet til...
Onsdag 18. april 2018
Aker og Acer, fru Blom? Acer er, dessverre, i ferd med å bli eit av årets ord. Kva tyder det eigentleg, dette som også går under omtalen «den tredje...
Onsdag 11. april 2018
Livet vaknar i april. Latin aprilis er «den som opnar (året)», opplyser norske ordbøker. Den autoritative franske Grand Robert skriv derimot at april har kome frå gresk
Onsdag 4. april 2018
Turid Farestvedt (og nokre til) lurer på dette med aksentar. Ho ser eg skriv òg (også), for å skilja det frå bindeordet og. Uttalen er jo den same – /åg/. Eit betimeleg spørsmål.
Onsdag 28. mars 2018
Eg vil på ingen måte vera respektlaus i påskeveka. Men det er så mykje påskestoff i dei fleste aviser at eg i dag vel å skriva om noko så aktualitetsuavhengig som ‘skål’. Eg presiserer igjen, for å møta all eventuell...
Onsdag 21. mars 2018
Ein vaken lesar, Tore Været, gjorde merksam på at i same nummer av Klassekampen som eg skreiv om forleddstilknyting, stod det, tre sider lenger bak, om ferjefri E39 på Vestlandet. SV ville slå eit slag for

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk