Klassekampen.no
Mandag 19. februar 2018
No har det gått for langt med fiksinga av vinnarlistene via støyt.
Støytvarsel

Medan det er mykje rot og att og fram mellom FIS, IOC og CAS om doping i samband med OL i Pyeongchang, er det ingen som legg merke til fiksinga av vinnarlistene via støyt. Det blei så tydeleg sist søndag etter at nordmenn hadde tapetsert pallen på tremila. Då gjekk det ut melding til støtkorpset: No more Norwegian gold to-day! Kven kan stå bak finprikka IKT-støyt, såkalla «jolting», i dette OL og andre internasjonale tevlingar? Truleg er det arrangørane, i Sør-Korea: sjølvaste IOC. Kan IOC ha eit elektronisk støtkorps på innsida klare i bakhand?

Ikkje skjøne bæret?

Småe støyt er digital fiksing via ankelbrikka som registrerer tida medan utøvarane flyg bakkar opp og bakkar ned. Den elektroniske lenka er festa slik at støta treff akupunkturpunktet for milten. Dette fører til småe smertestikk som utøvarane knapt ensar, grunna høge adrenalin- og melkesyrenivå. Det er spesielt i presisjonsøvingar som skiskyting og, endå farlegare, i alpint med toppfart opp i 140 km/t, at støyt kan fiksa hundredelar og ekstrarundar. For pengar eller ære? Pure smartness kickass? Toppidretten er så high tech styrbar og presisjonsmålbar at støyt ligg snublande nær og verkar heilt fjern.

Min ekstemregistrerande persepsjon av kropps­reaksjonar har observert støyt-fenomenet lenge nok til at eg finn det naudsynt å varsla.

Avgjerda kom då eg såg Johannes Thingnes Bø skyta fire bom i favorittdistansen sprint 11. februar. Eg hadde observert dei spinkle anklane hans under sommartrening. Tida for action var inne då eg såg samtlege norske favorittar ute av pallen. No var det nok av denne lite påakta, men teknologisk mulege og finurlege triksinga for å fiksa ei jevnare fordeling av medaljar i store internasjonale stemner.

Metoden er ikkje utan risiko for støyt-arrangørane heller, på sikt. For når favorittane på denne måten blir slegne ut, kan underdogen koma til å dominera heilt. Og deltakarnasjonane i tetsjiktet kan tapa interesse for støta konkurransar og laga superbowl. Det ser alt ut til at det kan bli eit second class OL i 2018. Fekk ikkje outsider Marte Olsbu sølv på skiskytarsprinten? Alle såg den fysiologiske roa som Marte utviste under heile løpet.

Og så denne Krüger’n frå Lyn som starta med eit magaplask og tok OL-gull? Eller var han støta og iført bestemors strikkasokkar med støytdempande selburoser? Krüger: «Skjønner ikke kva som har skjedd her.» Jonsrud: «En surrealistisk dag.» (TVNorge)

Under arrangerte støtregime er det viktig for deltakarlanda å ha gode middels utøvarar som fell under vinnar-radaren og slepp støyt. Det fører til overraskingar ikkje berre på pallen, men òg undervegs i tv-regien, jamfør Marte som gjekk ubemerka inn til sølv. Der bør òg koma avbøtande forbod mot salting i løypene. Kan forsterka effekten av elektroniske støyt. Klæbo må av silisiumrik havregraut!

Huttetu! No får CAS mykje å gjera, samanlikna med dømming av leppesår. Og er det ikkje arrangørane som står bak, kan det vera kem som helst med smarttelefon!

karinmoe1@gmail.com

Forfattar og litteraturkritikar Karin Moe kommenterer aktuelle saker frå sidelinja kvar måndag.

«Det er viktig for deltakarlanda å ha gode middels utøvarar»

Artikkelen er oppdatert: 11. april 2018 kl. 10.43

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk