Jeg fylte 16 like før jeg høsten 1960 dro ut i den store verden som messegutt på M/S Tanafjord, som gikk med stykkgods i linjefart mellom Skandinavia og Øst-Afrika. Mønstret på i Oslo etter en nattlang togreise fra Trondheim sammen med en god venn hjemmefra som hadde fått hyre som maskingutt.
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Debut-trioen Gurls: Med nyskapande instrumentering og sjølvironiske tekstar utfordrar bandet sjangranes tolegrenser.
Jazz med latterkrampe
Intervju og
Når tre av landets fremste jazzmusikarar går saman, vil dei at du skal danse, skjerpe øyra – og bli litt flau.
I eit gråleg, lite øvingsrom på Grünerløkka sit saksofonist Hanna Paulsberg med lue på hovudet og skjerf rundt halsen. Ho masserer beina med ullsokkar på, og trer ei dunkåpe over seg som teppe. Gradestokken visar ti blå, og vokalist Rohey Taalah snurrar også skjerfet på. Med eitt medlem – bassist Ellen Andrea Wang – nede for telling med sjukdom, har dei ingen fleire å miste før bandet skal varme opp for a-ha.