Lørdag 17. februar 2018
ACER VENTURA: Eivind Smith er professor ved Institutt for offentleg rett ved Universitetet i Oslo. Han tviler på at regjeringa kan gje dei garantiane Ap bed om. FOTO: CHRISTOPHER OLSSØN
Acer-forsikringar frå EU gjeld berre til dei ombestemmer seg, seier Eivind Smith:
Vedtak på Brussels nåde
Undersak

Her er krava:

• Noregs olje- og gassressursar er det norske folks eigedom og skal kome heile samfunnet til gode.

• Eigarskapen til norske vasskraftressursar skal liggje fast. Minst to tredelar skal vere offentleg eigd.

• Norsk fornybar kraftproduksjon skal bidra til auka verdiskaping og sysselsetting i Noreg og til å erstatte fossil energi med fornybar energi.

• Norske styresmakter skal ha sjølvstendig kontroll over alle viktige avgjerder for energitryggleiken i Noreg, til dømes dei som gjeld industrien. • Avgjerder om nye utanlandskablar skal framleis vere ei suveren avgjerd fatta av norske styresmakter. Eventuelle nye kablar skal vere samfunnsøkonomisk lønsame.

• Statnett skal eige og drifte alle framtidige mellomlandssamband. Dette skal inn i energilova.

• Dei såkalla flaskehalsinntektene skal framleis kunne gå til å redusere nettariffane og til å vedlikehalde og byggje ut det norske straumnettet.

TYNN IS: Ap har stilt sju vilkår til regjeringa for å kunne seie ja til EUs tredje energimarknadspakke og Acer. Men dette er garantiar regjeringa ikkje kan gje, forklarer ekspert.

ENERGI­POLITIKK

Onsdag vedtok stortingsgruppa i Arbeidarpartiet sju krav som må bli innfridd for at partiet skal gå med på å gje støtte til EUs tredje energimarknadspakke, der energibyrået Acer er ein viktig del. No møter dei motbør: Eivind Smith er ein av landets fremste ekspertar på offentleg rett. Han meiner fleire av krava ikkje kan bli innfridd av regjeringa:

– Korleis EU-samarbeidet på energiområdet utviklar seg til neste år eller i 2025, det kan ikkje Solberg-regjeringa gjere noko med, altså. Det er så enkelt som det, seier Smith.

Fakta

Acer-motstand:

• Regjeringa ønskjer at Acer, EU-byrået for samarbeid mellom energiregulerings­styresmakter, skal få råderett over norsk kraftpolitikk. Dette er eit ledd i å få Noreg inn i EUs energiunion.

• Paragraf 115 (fram til 2014: paragraf 93) i Grunnlova seier at det må til tre firedels fleirtal i Stortinget for norsk suverenitetsavståing. Paragrafen er brukt to gongar. Kjelde: Nei til EU

Ikkje rettsleg bindande

Han teiknar ein parallell til forhandlingane om EØS og EU på nittitalet:

– Dette minner meg om den siste folkerøystinga om EU. Då var det mykje diskusjon om kva ein risikerte og ikkje risikerte, og Brundtland-regjeringa fekk inn nokre protokolltilførslar om kva partane då meinte om framtida. Men dei var jo ikkje rettsleg bindande, seier Smith.

Han peikar på at ein no kan tilslutte seg noko som kan endre seg mykje i åra frametter:

– Om EU ombestemmer seg, eller til dømes ein dom gjev eit anna resultat enn regjeringa no har i tankane, er det det nye som gjeld og som Noreg må forholde seg til.

Han tek atterhald om at han ikkje kjenner Acer-saka inngåande. Eivind Smith meiner at dei sju punkta frå Ap fyrst og fremst er viktig for den innanrikspolitiske debatten:

– Skal Aps liste gje meining, må det vere for å avskjere nokre alternative tolkingar, altså få regjeringa til å seie at det ikkje er det eller det denne pakka vil seie. Men korleis til dømes EU-byrået om nokre år vil tolke dette, eller kva som vil kome med neste unionspakke – det kan ikkje regjeringa gjere noko med.

Jan Olav Andersen er leiar i EL og IT Forbundet, LO-forbundet for folk som arbeider med IKT, energi og el-installasjon. Forbundet har nesten 40.000 medlemer.

– Eg synst det er bra at Ap prøver å svare på nokre av dei viktigaste spørsmåla om Acer. Samstundes spør eg om dette eigentleg er forhold som kan bli avklart med den norske regjeringa, seier Andersen.

Han peikar på spørsmålet om dei såkalla flaskehalsinntektene som eit døme. Her er det snakk om inntekter som kjem av å selje straum frå eit område med låg pris, til eit med høgare pris.

– Saka er at dette er eit spørsmål som krev at EU endrar pakka slik ho ligg no. Eg kan ikkje skjøne anna enn at desse avklaringane skal ha nokon som helst verdi, må dei kome frå EU og ikkje frå den norske regjeringa.

– Vår erfaring er at EU-regelverket er veldig dynamisk. Det endrar seg. Det vi seier ja til i dag, veit vi ikkje alltid korleis ser ut om fem år. Vi har mange døme på at det har gått sånn. Og vi har berre éin sjanse til å stå på utsida. Det er gjennom å nytte reservasjonsretten ved innføring. Er ein fyrst gått inn i det, er ein prisgjeve dei endringane som måtte kome i det same regelverket undervegs, seier LO-toppen.

Usikker på garantien

Han tviler på at det er nok med garantiar frå Oslo. Brussel må til:

– La meg seie det litt diplomatisk: Eg er usikker på kva slags verdi slike garantiar vil ha. I alle fall om dei blir gjevne av den norske regjeringa.

– Så EL og IT står framleis på at ein bør seie nei?

– Ja, det som skjedde i Arbeidarpartiet har ikkje endra vårt standpunkt. Vi får vurdere situasjonen når svara kjem, både med tanke på kven som gjev svara og kva dei inneheld. Men at spørsmåla er stilt, er ikkje nok til å endre noko for vår del.

politikk@klassekampen.no

Torsdag 20. september 2018
KRITISK: Varselet mot skolebyråd Inga Marte Thorkildsen kan ende med at varslerne får sparken, tror advokat Olav Lægreid. Han mener det er gjort flere feil i varslingen.
Lørdag 15. september 2018
IVRIG: Statsministeren hyllet amerikanske soldater i forkant av norgeshistoriens største Nato-øvelse. Landet rundt forberedes motdemonstrasjonene.
Torsdag 13. september 2018
UKLART: Begge fløyene i Ap er fornøyde med migrasjonsutvalgets innstilling. Ekspertene mener den er uklar.
Onsdag 12. september 2018
ASYL: Storbylagene vil at Arbeiderpartiet skal snu om returer av sårbare grupper. I dag kommer migrasjonsutvalgets innstilling om asylpolitikk.
Fredag 7. september 2018
TIL MOTMÆLE: Forslaget om 24 ukers selvbestemt abort er forankret i filosofiske tankestudier fra unge menn, ikke i reelle utfordringer i kvinners hverdag, mener Kirsti Bergstø i SV.
Torsdag 30. august 2018
SOSIAL DUMPING: Raymond Johansen (Ap) vil granske Aleris-kontraktene og varsler nye tiltak mot sosial dumping i omsorgssektoren.
Onsdag 29. august 2018
MOT STJERNA: Jonas Gahr Støre meiner Riksrevisjonen har avdekt mangelfull leiarskap frå Erna Solberg. Han held statsministeren sjølv ansvarleg for ­terrorsikring-skandalen.
Tirsdag 28. august 2018
HØRING: Heimevernet har fått ny sjef – som ikke deler forgjengerens bekymring for soldatmangel. Norges Offisersforbund er kritisk.
Mandag 27. august 2018
STRID: Jussprofessor Mads Andenæs sier Aleris bryter loven når de sier opp saksøkerne sine. SV-leder Audun Lysbakken mener alarmen bør gå for fullt i landets rådhus.
Lørdag 25. august 2018
KLAR: Ap-leder Jonas Gahr Støre vil vekk fra fryktpolitikken og holder fram mulighetspolitikken som svar. I dette intervjuet forteller han om hvordan sosialdemokratiet skal reise seg på ny.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk