Torsdag 15. februar 2018
KONTROLL PÅ KONTINENTET: Sp-leiar Trygve Magnus Slagsvold Vedum etterlyser Ap i slaget om Acer. Her frå ein demonstrasjon utanfor Stortinget tidlegare i vinter. FOTO: TOM HENNING BRATLIE
Espen Barth Eide stiller nye krav for at Ap skal støtte EUs energimarknadspakke:
Ap med nye Acer-krav
Undersak

AUF går mot EUs energipakke

Ungdomspartiet til Ap vedtok tysdag å gå mot EUs tredje energimarknadspakke.

– Vi vil ha suverenitet over krafta. Den høyrer til fellesskapen, seier AUF-leiar Mani Hussaini til Klassekampen.

– Noreg er ein av dei største krafteksportørane i Europa. Vi skal bidra til at det blir brukt meir fornybar energi, og AUF støttar ideen om byte ut kolkraft med norsk overskotskraft, men det gjer vi utan å gje makta til eit overnasjonalt organ, seier han.

AUF meiner at eit vedtak om å bli med i Acer må bli handsama etter paragraf 115 i Grunnlova.

– Regjeringa har ikkje gjeve gode nok svar. Vi kan ikkje gje blankofullmakt med så mykje uvisse.

– Kva gjer Ap no?

– Mange industriarbeidarar og i fagrørsla er uroa, ikkje minst på grunn av suverenitetsspørsmålet.

Espen Barth Eide
LYS I LAMPA: Ap krev nye svar frå regjeringa for å gå med på energimarknadspakka. Sp-leiar Trygve Magnus Slagsvold Vedum trur fleirtalet i Aps stortingsgruppe er mot heile pakka.

ENERGI­POLITIKK

I dag samlar demonstrantar seg til aksjon over heile landet mot EUs energiunion. Særleg er motstanden stor på industristader som Sunndalsøra, Odda og Mo i Rana.

No prøver Arbeidarpartiet å kome kritikarane i møte: Partiets gruppestyre fatta onsdag morgon ei rekkje nye krav som må vere oppfylt for at partiet skal kunne gå inn for EUs tredje energimarknadspakke, der energibyrået Acer er ein viktig del.

Noregs olje- og gassressursar er det norske folks eigedom og skal kome heile samfunnet til gode.

Eigarskapen til norske vasskraftressursar skal liggje fast. Minst to tredelar skal vere offentleg eigd.

Norsk fornybar kraftproduksjon skal bidra til auka verdiskaping og sysselsetting i Noreg og til å erstatte fossil energi med fornybar energi.

Norske styresmakter skal ha sjølvstendig kontroll over alle viktige avgjerder for energitryggleiken i Noreg, til dømes dei som gjeld industrien. Avgjerder om nye utanlandskablar skal framleis vere ei suveren avgjerd fatta av norske styresmakter. Eventuelle nye kablar skal vere samfunnsøkonomisk lønsame.

Statnett skal eige og drifte alle framtidige mellomlandssamband. Dette skal inn i energilova.

Dei såkalla flaskehalsinntektene skal framleis kunne gå til å redusere nettariffane og til å vedlikehalde og byggje ut det norske straumnettet.

Fakta

Acer-motstand:

• Regjeringa ønskjer at Acer, EU-byrået for samarbeid mellom energiregulerings­styresmakter, skal få råderett over norsk kraftpolitikk. Dette er eit ledd i å få Noreg inn i EUs energiunion.

• I dag er det markeringar mot Acer og EUs energiunion på fleire viktige industristader: Mo i Rana, Mosjøen, Orkanger, Sunndalsøra, Høyanger, Odda og Kristiansand. I tillegg er det temamøte om saka på Raufoss.

• Paragraf 115 (fram til 2014: paragraf 93) i Grunnlova seier at det må til tre firedels fleirtal i Stortinget for norsk suverenitetsavståing. Paragrafen er brukt to gongar. Kjelde: Nei til EU

Krava blei sendt til regjeringa i går.

Avgjerande for Ap

Espen Barth Eide er energipolitisk talsperson i Ap. Han meiner dei nye Ap-krava svarer på uroa frå motstandarane.

– Essensen er at vi ikkje vil vere med på noko som endrar eigedomsretten til norsk kraft. Vi vil halde fram politikken med at noko skal vere offentleg eigd. Vi trur ikkje dette vil bli utfordra av EU, men vi vil forsikre oss om det, seier Eide til Klassekampen.

Han meiner desse krava er i tråd med den meir enn hundre år lange tradisjonen for at norsk kraftpolitikk skal sikre sjølvråderetten.

– Om det ikkje går å avklare, er det ikkje sikkert vi er for. Men om vi får dette avklart positivt, vil det seie at vi tek inn mykje av uroa der ute. Vi seier oss einige med dei som lagar parolar: Krafta er vår.

– Du har trua på at du kan få positive svar på dette?

– Om eg ikkje trudde det var mogleg, hadde eg ikkje prøvd. Men dette er reelle føresetnader, seier Eide.

Vedum: Vi treng tid

Trygve Slagsvold Vedum er leiar i Senterpartiet. Han meiner det er rett å bruke meir tid på denne saka no – ikkje minst i ljos av Aps nye krav.

– Det er så viktig at vi reelt sett gjev tid til det. Ap må sørgje for at vi må få meir tid til handsaminga her i Stortinget. Eg er heilt sikker på at hovuddelen av Ap er samde med oss i hovudmålsetninga om korleis vi skal bruke norsk kraftpolitikk, men så er dei så redde for å gjere noko som blir opplevd som EU-kritisk at dei er redde for å bli utfordrarar. Då bør Ap stø oss i at vi skal bruke meir tid på denne saka.

politikk@klassekampen.no

Fredag 22. juni 2018
VIL PRØVE: Varaordføreren i Oslo mener Arbeiderpartiet bør støtte regulert salg av cannabis for å hindre at organiserte kriminelle håver inn millioner.
Tirsdag 19. juni 2018
NEKTER: Kommunalministeren vil la Troms overkjøre Finnmark. Tromspolitikere fra Rødt, SV og MDG sier blankt nei, og nekter å overstyre finnmarkingene.
Lørdag 16. juni 2018
PÅ DØRA: Reklameguru Ingebrigt Steen Jensen og samboeren Trude Solheim er lei av at Arbeiderpartiet ikke skaper entusiasme, og fremmer ti saker som de håper kan gjenreise partiet.
Fredag 15. juni 2018
BØYER IKKE AV: Finnmark vil møte trusler fra regjeringen med sivil ulydighet. Regjeringen lover represalier.
Torsdag 14. juni 2018
RAUD ELLER DAUD: Støre meiner tida etter valnederlaget har gjort han meir oppteken av å finne løysingar på venstresida. Om 15 månader kjem folkets dom.
Onsdag 13. juni 2018
INNTOG: Amerikanske marinesoldater skal til Indre Troms – og blir der i fem år. Opposisjonen reagerer på regjeringens forsvarspolitikk.
Lørdag 9. juni 2018
SENTRUM: Høyre snuser på 30-tallet på Klassekampens juni-måling, men er fortsatt av­hengig av kriserammede KrF for flertall.
Onsdag 6. juni 2018
OPTIMIST: Tilbakegangen i Bergen er stor for Ap, men partiet har heng på Høgre. Byrådsleiar Harald Schjelderup har tru på fire nye år.
Mandag 4. juni 2018
RESSURSMANGEL: SV meiner kommunane får ei ekstrarekning på «eit tresifra tal millionar» for dei innbyggjarane som treng mest hjelp. Endringa har tilbakeverkande kraft.
Lørdag 2. juni 2018
URO: Tomrommet etter Trond Giske, politisk uenighet mellom Nord- og Sør-Trøndelag og skandaler i Trondheim har svekket Arbeiderpartiets største partilag.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk