Onsdag 14. februar 2018
JUST A SMALL TOWN BOY: Masud Gharahkhani, leiar av migrasjonsutvalet i Ap, har tidlegare understreka at han er frå bygda. For tida ser det ut til at Storby-Ap ikkje forstår kva han seier. FOTO: TOM HENNING BRATLIE
Ap-laga i storbyane går i bresjen for å gje Ap ein meir liberal innvandringspolitikk:
Møter storbyopprør
Undersak

Sakna Ap i innvandringsdebatten

Khamshajiny Gunaratnam, varaordførar for Ap i Oslo, er ein av dei som skal sitje i migrasjonsutvalet. Dei har sitt fyrste møte fredag.

– Eg har tidlegare etterlyst venstresida – og særleg Ap – i innvandringsdebatten, seier Gunaratnam til Klassekampen.

– Oslo Ap er jo tradisjonelt eit asylliberalt partilag?

– Sjølv om eg representerer Oslo, er min jobb også å representere breidda i Ap. Eg tek med gode erfaringar frå integreringa i Oslo med inn i utvalet, seier Gunaratnam.

Oslo-politikeren meiner debatten allereie er blitt polarisert:

– Det er ikkje bra med ein for-og-mot-debatt. Vi skal utvikle politikk, ikkje setje merkelappar.

– Har utvalsleiar Masud Gharahkhani også eit ansvar for det?

– Alle har eit ansvar for det, seier Gunaratnam.

Lubna Jaffery
VEND I TIDE: Fleire av dei største laga i Arbeidarpartiet går i stikk motsett retning av Masud Gharahkhanis stramme asyl­politikk.

innvandring

I både Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger er det no sterke krefter som tek til ords mot den nye, tøffare asyllina som Masud Gharahkhani har streka opp.

Han er leiar for det nye migrasjonsutvalet i Ap og har markert seg med ein hard retorikk og fleire utspel om at «innvandringa bør bli mest mogleg avgrensa» og at asylfamiliar med avslag skal få fotlenke til dei er ute av landet.

Dette får partilag over heile landet til å reagere.

Fakta

Aps migrasjonsutval:

• Arbeidarpartiet har sett ned eit utval som skal utvikle politikk for integrering, migrasjon og flyktningpolitikk.

Leiar er Masud Gharahkhani frå Buskerud Ap. Resten av medlemma er Hanne Moe Bjørnbet (Trøndelag), Roger Valhammer (Hordaland), Henrik Thune (Akershus), Sylo Taraku (Buskerud), Lotte Grepp Knutsen (Nordland), Khamshajiny Gunaratnam (Oslo), Arnhild Holstad (Trøndelag), Abdullahi Mohamed Alason (Vest-Agder), Trude Tinnlund frå LO og leiar Mani Hussaini frå AUF.

Ikke streng i Bergen

I helga var det årsmøte i Arbeidarpartiet i Bergen. Lubna Jaffery, nestleiar i laget, fortel at dei vedtok resolusjonen «En human og rettferdig asylpolitikk og en integreringspolitikk for fremtiden». Dei gløymde med andre ord å ta med «streng» i tittelen.

– Vi vil ha ein rettferdig og human politikk. Ap har ein tradisjon for å vere strenge, men debatten no har blitt sånn at retorikken klistrar seg til Frp, seier Jaffery.

Bergensarane har ikkje lagt vekt på innstramming i sitt vedtak:

– Vi vil ta imot 5000 kvote­flyktningar i året. Noreg må ta ei rolle i det europeiske samarbeidet.

Jaffery er ikkje nøgd med korleis innvandringsdebatten i Ap har kome ut av start­gropa.

– Eg og mange i Bergen trur at det blir polarisering i partiet. Eit råd frå grasrota er å justere måten ein pratar på.

Dansketid i Ap

Sist veke leverte Aps danske søsterparti ei rekkje kontroversielle innstrammingsframlegg på innvandringsområdet.

– Trur du det kan flytte Ap?

– Eg trur ikkje det. Jonas Gahr Støre har sagt at det ikkje er aktuell norsk politikk. Men det gjer noko med debattklimaet når eit søsterparti gjer dette, seier Jaffery.

Også Stavanger Arbeidarparti hadde årsmøte i helga. Til liks med sine partikameratar i Bergen droppa dei ordet «streng». I staden skal den nye politikken vere «basert på raushet og humanitet, rettferdighet og solidaritet».

Siddisane går inn for arbeidsløyve for asylsøkjarar, fleire kvoteflyktningar, at Noreg tek fleire av flyktningane frå Sør-Europa og fleire andre liberaliseringar. Dei meiner sosialdemokratiet handlar om å inkludere, men at «flyktning- og asylpolitikken ikke vært preget av partiets verdier».

Gode på integrering

Frode Jacobsen er leiar for Oslo Arbeidarparti. Han meiner Oslo Ap har «tydelege vedtak».

– Det er bra med skikkeleg diskusjon. Eg har ikkje behov for å kritisere det, seier Jacobsen.

I haust var Oslo eit av laga som fatta vedtak om at Ap måtte gå inn for ei meir liberal haldning overfor dei såkalla oktoberbarna, slik at fleire skulle få bli.

Klassekampen skreiv sist veke om korleis Edvin Helland, fungerande leiar i Trondheim Ap, såg på saka:

«Vi er for ein human, streng, rettferdig, varm og raus politikk», sa han då.

«Så du synst Masud Gharahkhani har gått litt hardt ut?»

«Litt i overkant hardt ut, ja. Han kom skeivt ut frå hoppet, men kan lande bra.»

politikk@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 14. februar 2018 kl. 08.24
Tirsdag 14. august 2018
ADVARER: Frps Jon Helgheim sier rommet for hva som er greit å si som politiker blir mer snevert. I går måtte enda en frittalende Frp-statsråd gå av.
Lørdag 11. august 2018
AP STØRST: Jonas Gahr Støre (Ap) trur sharia-bråket rundt Per Sandberg er ein hovudgrunn til at Frp går tilbake på dagens måling.
Fredag 10. august 2018
BLI HJEMME: Hege Storhaug i Human Rights Service og Hans Rustad i Document er forferdet over Per Sandbergs feiring av den iranske nasjonaldagen.
Mandag 6. august 2018
OVERTID: Nominasjonskomiteen skulle hatt svar for tre måneder siden, men Rita Ottervik (Ap) vet ennå ikke om hun ønsker å fortsette som ordfører i Trondheim.
Onsdag 1. august 2018
KRISE: KrF mener det er «svært sannsynlig» at Stortinget retter kritikk mot regjeringen etter Riksrevisjonens slakt av terrorsikringen. Partiet utelukker ikke at det kan gå lenger.
Mandag 30. juli 2018
SPIS DE RIKE: Audun Lysbakken ser for seg å fylle statskassa med minst 14 milliarder kroner i økt skatt på «superhøye inntekter» og «de superrikes formuer».
Fredag 27. juli 2018
SKIFTE: Det viktigste for Senterpartiet i Trøndelag er å få fylkesordføreren, ikke hvem de samarbeider med. Det sier Ola Borten Moen (Sp).
Lørdag 21. juli 2018
debatt: Over­levende Helén Ingrid Andreassen fikk hat-telefoner da hun deltok i innvandrings­debatt. Men oppgjøret med ytre høyre etter 22. juli har uteblitt, sier hun – og derfor orker hun likevel.
Tirsdag 17. juli 2018
INKASSOKRAV: Hvor mye penger har Erna Solberg lovet Nato å bruke på forsvar de neste årene? Det er spørsmålet Bjørnar Moxnes nå krever et klart svar på.
Onsdag 11. juli 2018
BØNDA IFRA NORD: Finnmark kan ramle heilt ut av Stortinget. Finnmarks fylkesordførar er likevel open for at areal skal telje mindre enn i dag når ein fordeler stortingsmandat.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk