Mandag 12. februar 2018
GLORETE MISERE: Lauren Greenfields utstilling «Generation Wealth» summerer ho opp 25 års studium av moderne konsumkultur i all sin glorete misere. I morgon er det opning ved Nobels Fredssenter i Oslo.
Det kostar å halde tritt med «naboane», særleg når dei har vorte tv-familien Kardashian:
Overflod av misnøye
– Det ekstreme viser oss det vi er blinde for i kvardagskulturen, seier stjernefotograf Laureen Greenfield, som no opnar utstilling på Nobels Fredssenter.

KUNST

Nyleg kunne heile landet le av norske toppleiarar som snakka ut om slitet og kostnadane ved å «måtte» reisa på like mange weekendturar og eiga like mange hytter som andre toppleiarar. Luksusforbruk leiar oftare til avhengnad enn til det gode livet. Det er ei gammal erkjenning for fotografen og filmskaparen Laureen Greenfield, som vaks opp i utkanten av Hollywood.

Og at overflod gjer oss misnøgde, er vel så tragisk som komisk. Det viser Greenfields utstilling «Generation Wealth», som i morgon opnar ved Nobels Fredssenter i Oslo. Her summerer ho opp 25 års studium av moderne konsumkultur i all sin glorete misere.

Fakta

Laureen Greenfield:

• Prislønt amerikansk fotograf og dokumentarfilmskapar (f. 1966).

• Kjent for å dokumentera ungdoms-, kropps- og forbrukskultur i arbeide som «Fast Forward» (1997), «Girl Culture» (2002) og «Thin» (2006).

• Aktuell med utstillinga «Generation Wealth» som opnar på Nobels Fredssenter i Oslo i morgon.

• Filmen med same namn opna Sundance-festivalen i Utah i januar og blir vist under Berlinalen 19. februar.

Kulturskifte

Blant 150 foto av høg og låg, store og små, finn vi middelklasseguten i Los Angeles som «må» bruka 50.000 dollar på sin bar mitzva for å henga med i veneflokken. Dei fallerte timeshare-milliardærane David og Jackie Siegel, som prøvde å bygga USAs største hus, den sterkt plastikkopererte klesdesignaren Donatella Versace og rapparen Kendrick «Pussy And Patron» Lamar i full «bling».

Alle ber dei vitne om noko større enn si eiga historie.

– Den siste mannsalderen har vi gått gjennom eit kulturelt skifte, seier Laureen Greenfield til Klassekampen, då vi møter henne under montering av utstillinga.

Det var finanskrisa i 2008, og kollapsen av den amerikanske draumen, som skapte ein ny kontekst rundt Greenfields antropologiske blikk på ungdomskultur, kroppsideal, kjendisdyrking og konsum.

– Draumen har alltid handla om suksess, men før gjekk vegen mot toppen via hardt arbeid. Det var idealet. Og når du nådde målet, var det venta at du stod rakrygga i verdispørsmål og at du gav noko tilbake til samfunnet. I dag handlar draumen berre om narsissisme, kjendisstatus og «bling». Oppskrifta for mange er «fake it till you make it».

Kim før og no

I arbeidet med «Generation Wealth» har Greenfield drive søk i sitt eige arkiv. Her fann ho bildet som illustrerer utviklinga. Fotoet av ei naturleg søt 12-årig jente, tilsynelatande umedveten om kameraet som ser på henne. Det er Kim Kardashian.

– Då var ho berre dottera til O.J. Simpsons advokat. I dag er ho eit sterkt kulturelt symbol.

Bildet kom ikkje med i Greenfields gjennombrotsutstilling «Fast Forward» (1997), men i dag har det vorte viktig som døme på alt som starta på 1990-talet.

– Tiåret kom ut av epoken med «reaganomics», Hollywood-filmen «Wall Street» med sitt «greed is good», og oppumpinga av media til eit 24-timarsshow med aggressiv marknadsføring mot barn.

Då Kim Kardashian vart verdskjent på grunn av ein nettpublisert sexvideo, var det symptomatisk, ifølgje Greenfield.

– Å laga ein sexvideo er ikkje lenger ein skamplett, men eit heidersmerke.

Kardashian-søstrene er no alle kjendisar, og familien har i årevis hatt eit realityshow, som også er kjent for norske sjåarar, med den talande tittelen «Keeping up with the Kardashians».

– I USA refererer uttrykket «Keeping up with the Joneses» til naborivaliseringa om å ha den flottast heimen og nyaste bilen. Med medierevolusjonen ser vi ikkje lenger ut av vindauget, men på kjendisane som dominerer våre mange skjermar, for å sjå kven vi bør jamføra oss med.

Det er ikkje berre norske toppleiarar som blir slitne av å følgja med på det dei trur er normalen. Globaliseringa har gjort fenomena i «Generation Wealth» verdsomspennande. Greenfield har fotografert både i Russland og Kina.

Kroppen – ei vare

I utstillinga møter vi også mange vanlege menneske, som den høgskoleutdanna sosialarbeidaren Brooklyn.

Ho slutta å arbeida med funksjonshemma ungdom for å bli prostituert, fordi ho tente så mykje meir på det. Særleg når ho kledde seg som ei småjente.

– Det er ein iskald logikk i valet, når materiell overflod er einaste verdimål og moralske dommar er oppheva.

Omskapinga av menneskekroppen til ei vare er blant det Greenfield har vore mest opptatt av, blant anna gjennom studiet av «prinsessekulten». I USA uttrykt gjennom skjønnheitskonkurransar for barn blant anna.

– Når jenter blir oppdolla frå dei er små, lærer dei fort at kroppen deira har ein verdi. For å dra nytte av den verdien, er det naturlege neste steget å selja han.

– Fører oss til ein mørk stad

Greenfield vil ikkje kalla kunsten sin politisk, men meiner kritikk av konsumkulturen bør appellera både til den moralske høgresida og den kapitalismekritiske venstresida.

– Arbeida mine er opne, slik at dei ikkje kan bli avfeia som polemikk. Likevel har det eg har sett, gjort meg til feminist, og mykje av det eg har sett, vil eg òg at andre skal sjå.

Laureen Greenfield er for mange mest kjend for «Like a girl», dei aktivistiske reklamefilmane ho laga for bindprodusenten Always.

Der spør ho kvifor «jente» blir brukt nedsetjande: «Du spring som ei jente.»

Fotografen meiner sjølv at «Generation Wealth» er eit dystert prosjekt, trass i dei solrike, fargemetta og lokkande glansa fotoa. Det er konteksten og intervjua med dei fotograferte som skil bilda frå kulturen dei analyserer.

– Vår trong til «meir» fører oss til ein mørk stad, fysisk, psykologisk, moralsk og samfunnsmessig. Klimakonsekvensane av forbruksrusen er kjent. Samstundes ligg det ei von i at mange av dei eg har snakka med, erkjenner det negative ved mønstera dei er fanga i. Det er starten på all endring. Eg ser på dei eg fotograferer som sanningsvitne frå konsumkulturen, ikkje menneske eg vil dømma eller latterleggjera.

guri.kulaas@klassekampen.no

Onsdag 23. mai 2018
Etter én uke med journaliststreik i NRK har nærmere halvparten av seerne og lytterne forsvunnet.
Tirsdag 22. mai 2018
Svenske Bonnier, som eier halvparten av Cappelen Damm, bruker markedsmakten sin i Sverige til å gjøre seg selv større, sier Pelle Andersson i Ordfront.
Lørdag 19. mai 2018
Det er ikke bare i Coop-butikkene Cappelen Damm prioriterer forlagets egne bøker. Også i Tanums bokklubber og i strømmetjenesten Storytel gjør eierforlaget reint bord.
Fredag 18. mai 2018
Minst fire norske antikvariater har lagt ned siden 2015, og stadig flere driver bare på nett. I bransjen er de uenige om det er fare på ferde.
Onsdag 16. mai 2018
Strømmetjenesten Spotify straffer artister med slett moral. – Skremmende ny makt og myndighet, sier musikkprofessor.
Tirsdag 15. mai 2018
Norsk Komponistforening tar grep og åpner for at eksterne kan sitte i ­stipendkomiteen til Statens kunstnerstipend.
Mandag 14. mai 2018
Kunstneren Jacqueline de Jong var med på å skape slagordene som ble brukt under studentopprøret i 1968. Nå er hun aktuell med utstilling i Oslo.
Lørdag 12. mai 2018
Norske elever vil få en fattigere undervisning hvis kommunene må betale for strømming av film og musikk på skolene, sier KS.
Fredag 11. mai 2018
Universitetets­rektor Svein Stølen, er kritisk til å skille ut universitetene fra staten. – Jeg har ingen tro på at foretaksmodellen vil gjøre oss mer selvstendige, sier han.
Onsdag 9. mai 2018
Dersom Dagbladet kommer inn i pressestøtteordningen, kan avisa komme til å stikke av med 33 millioner kroner av den samlede potten.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk