Vestlandsfest: Er Vestlandet i ferd med å gjenerobre seg sjølv?

Meste motstands veg

BERGENSAR: Erlend O. Nødtvedt har skapt eit mytologisk vestlandslandskap til bruk (og misbruk) i den regionale identitetsdanninga. FOTO: PAUL S. AMUNDSEN Paul S. Amundsen

I opninga av «Vestover» (2017), Gudmund Skjeldals bok om Bergens Tidendes 150 år lange historie, fortel forfattaren ein vits om hardingen, bergensaren og vossingen som alle var dømde til døden, og som hadde fått kvar sitt siste, fattige ynskje før dei skulle halshoggast. Hardingen bad om nokre supar av sideren frå heimstaden sin, bergensaren bad om å få halde ein tale, og vossingen? Han bad om å bli kappa hovudet av før bergensaren byrja talen sin.