Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Jubileum: Den eine og fulle sanninga forsvinn i orda hos Ingmar Bergman.

Stort og splitta ego

Det er snart 100 år sidan Ingmar Bergman vart fødd (14. juli 1918). Jubileets første bok, Jan Holmbergs «Författaren Ingmar Bergman», gjev gode argument for at han framleis fortener den litt daterte tittelen auteur, med særleg vekt på grunntydinga forfattar. Bergman utvida filmspråket og rørte ved viktige 60-talstema: Eksistensiell einsemd, ein flytande identitet, kommunikasjonsproblem, den flyktige naturen til sanning og kjærleik. Når Bergman framleis engasjerer og provoserer, skuldast det ikkje at hans mangslungne visuelle uttrykk er tidlause, men at han, til filmskapar å vera, er uvanleg litterær og språkleg leikande i sitt arbeide, ein kvalitet som også gjer arbeida meir uavhengig av ein modernistisk bilderetorikk.