Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Bæ: Anna Blix skriv om korleis våre ulne vennar byggjer landet.

Ode til sauen

For mange moderne nordmenn og -kvinner er sauen først og fremst eit kjøtstykke med ull på, ei vandrande vegsperring, eit offerlam i ulvedebatten mellom sjølvsentrerte bybarn og sneversynte bygdisar. «Sau» blir også brukt som synonym for dumskap og flokkmentalitet. Dette er sjølvsagt ikkje den fulle og heile sanninga om sauen. I si første bok gir biolog Anna Blix, som mange vil kjenne frå Klassekampens Naturligvis-spalte, eit tiltrengt korrektiv til slike fårestillingar. «En hyllest til sauen» viser oss at sauen ikkje berre er ein kjøt- og klesleverandør, men også ein landebyggjar og landskapspleiar av rang. For sjølv om sauen kan vere irriterande einfaldig, er den ein kamerat i kampen for mangfald i naturen og levande kulturlandskap.