Fredag 9. februar 2018
STRENG OG RETTFERDIG: Marte Gerhardsen meiner danske Socialdemokratiet går feil veg i asylpolitikken. Her saman med Ap-leiar Jonas Gahr Støre. FOTO: ANNIKEN C. MOHR
Agenda-sjef Marte Gerhardsen meiner dei danske sosialdemokratane er på feil kurs:
Langar ut mot danskane
Undersak

Kan føre til menneskerettsbrot

Norsk Folkehjelp, fagrørslas hjelpeorganisasjon, er skeptisk til utanlandsk asylsenter.

– Det er store juridiske, praktiske og moralske problemstillingar knytt til dette. Eg har ikkje sett seriøse forsøk på å opprette den type senter som kan stå seg godt, seier Ingrid Sætre, som leier Norsk Folkehjelps flyktningavdeling. Ho meiner det kan ende med menneskerettsbrot.

– Vi trur at det er mange som gjer framlegg om dette fyrst og fremst for å få færre asylsøkjarar til Europa, framfor å bidra til betre tryggleik.

– Aps migrasjonsutval har som mandat å sjå til kva sosialdemokratane i våre naboland gjer. Er det ikkje då naturleg at dei hentar idear frå Danmark?

– Vi har gode tradisjonar for å sjå til våre naboland. Då vi utvikla introduksjonsordninga, til dømes, såg vi til Sverige og Danmark, og dei til oss. Det vil ikkje seie at vi kan kopiere korleis Danmark gjer det.

Edvin Helland
TÅKELUR: Når Mette Frederiksen lagar enkle løysingar på vanskelege spørsmål, er det eigentleg tåkeprat, meiner Marte Gerhardsen. Ho åtvarar Ap mot å sjå til danskane.

INNVANDRING

Denne veka starta med at Mette Frederiksen, leiar for Socialdemokratiet i Danmark, lanserte ein ny og svært stram innvandringspolitikk.

No åtvarar Marte Gerhardsen, leiar av den LO-finansierte tankesmia Agenda, Ap mot å sjå til danskane.

– Ho kjem med framlegg som ikkje løyser noko som helst. Ho vil stengje grensene, kaste nøklane og satse på at FN og afrikanske land skal gjere jobben, seier Gerhardsen til Klassekampen.

Mange har meint at danske Frederiksen kjem med i overkant tydeleg tale. Gerhardsen snur på det, og meiner at den danske partileiaren driv med tåkeprat.

– Dette er heilt urealistisk. Det er tåkeprat når du presenterer løysingar som eigentleg ikkje er der, seier Gerhardsen.

Fakta

Den danske planen:

• Hovudgrepet til dei danske sosialdemokratane er å nekte asylsøkjarar opphald i Danmark medan søknadene deira blir handsama.

• Dei ser for seg at søkarane sendast til eit mottakssenter utanfor Europa.

• Asylsøkjarar som der får flyktningstatus, vil dei overlate til FN å ta vare på i utlandet.

• Søkjarar som blir avvist, vil bli sendt tilbake til heimlandet.

• Til gjengjeld ser dei for seg å ta imot eit uvisst tal kvoteflyktningar frå FN. Danmark tek ikkje imot kvoteflyktningar i dag.

Mot sosialdemokratiet

Gerhardsen meiner den danske måten å tenkje på utfordrar kjernen i den politiske tradisjonen dei begge står i.

– Den sosialdemokratiske tradisjonen handlar om å finne løysingar som faktisk lar seg gjennomføre, seier ho.

Og problemet som skal løysast, er enormt:

– Mange er på flukt, og ein liten del av desse kjem til Europa. Vi må finne regionale løysingar, og vi må bruke FN. Men at eitt land skal melde seg ut – nei, det går ikkje, slår Agenda-leiaren fast.

Ho liker heller ikkje tonen i det danske ordskiftet:

– Dei snakkar om at mange ikkje-vestlege er ein trussel mot samfunnet. Det går mot den grunnleggjande sosialdemokratiske verdien om at alle er like mykje verdt. For mange er internasjonal solidaritet grunnen til å vere sosialdemokrat. Mette Frederiksen går bort frå den tradisjonen.

Fredag 2. februar hadde Klassekampen eit intervju med Masud Gharahkhani, innvandringspolitisk talsperson i Ap. Under tittelen «Nå ser Ap til Danmark» fortalde han om kvifor han meiner partiet må lære av nettopp danskane.

Vanskeleg for samarbeidet

Gerhardsen meiner ein bør sjå ein annan veg.

– Eg opplever at norske Ap ikkje har valt same line. Det bør dei halde fram med. Eg trur ikkje dei vil gå den vegen, og eg vil åtvare mot å gjere det, seier ho til Klassekampen.

Gerhardsen meiner òg at ei slik line vil gjere samarbeid vanskelegare.

– Det er å fjerne seg frå dei ho vil samarbeide med på sentrum-venstre-sida. Å vere tøff og å bruke hard retorikk er det andre parti lengre til høgre som driv med. Den konkurransen vil ein aldri kunne vinne, seier Gerhardsen, som meiner Frederiksen «tøyer» internasjonale konvensjonar.

Edvin Helland, fungerande leiar i Trondheim Ap, er einig.

– Vi er for ein human, streng, rettferdig, varm og raus politikk.

– Så du synst Masud Gharahkhani har gått litt hardt ut?

– Litt i overkant hardt ut, ja. Han kom skeivt ut frå hoppet, men kan lande bra.

– Kva tenkjer du om å lære av danskane?

– Vi skal ikkje hoppe etter andre.

politikk@klassekampen.no

Onsdag 16. mai 2018
SMELL: Opposisjonen rasar mot regjeringas forsvarsbudsjett. Ap seier ja takk til å finne nye fleirtal i Stortinget – på tvers av forliket med regjeringa.
Fredag 11. mai 2018
FEKK RÅD: Alt i 2015 peikte det regjeringsoppnemnte Akuttutvalet på risikoen ved operatørbytte i lufta­mbulansen. Frp-politikar krev at helseministeren ryddar opp.
Tirsdag 8. mai 2018
SISTE SJANSE: I morgen skal stortingsgruppa i Ap ta stilling til Andøya-spørsmålet på nytt. Tilhengerne av flybasen mener den ble lagt ned på tynt fakta­grunnlag.
Mandag 7. mai 2018
REAGERER: Statsråden har ansvar for sikkerheten også når plattformer bygges i Sør-Korea, mener Ap.
Lørdag 28. april 2018
KUTTGUT: FpU-leiaren vil snu Frp i sjukelønssaka. Han trur partiet blir med på kutt.
Fredag 20. april 2018
KARAKTERER: Norge er flinkere til å innføre EU-regler enn EU-landene selv. Kun fire direktiver gjenstår, viser nye tall fra Esa.
Torsdag 19. april 2018
SKODDEHEIMEN: Utanriksopposisjonen på Stortinget vil ha svar om militsane i Syria.
Tirsdag 17. april 2018
FORSLAG: I SV skapar fleirtalet mot omskjering steile frontar. Både i Raudt og Miljøpartiet Dei Grøne kjem forslag om aldersgrense mot omskjering på agendaen i mai.
Mandag 16. april 2018
KRIG: Venstres leder Trine Skei Grande er nå fast medlem i regjeringens sikkerhetsutvalg. Hun lover åpen debatt om nye internasjonale operasjoner i ­Stortinget.
Lørdag 14. april 2018
STRAFF: Rebekka Borsch vil ha Venstre-landsmøtet med på at partifeller som trakasserer, skal kunne fratas tillitsverv. Statssekretæren forteller at hun i årevis har blitt trakassert av en lokallagsleder.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk