Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Aukande produksjonsavgift på fossile brennstoff vil få etterspørselen ned.

Mot klimakollaps?

© ILLUSTRASJON: KNUT LØVÅS, KNUTLVAS@GMAIL.COM

For klimaet hjelper det ikkje at den polare jetstraumen har skifta bane slik at store delar av Norge no har ein normal vinter. Som den framståande oseanografen og klimaforskaren Peter Wadhams skriv: «Tilførsel av karbondioksid til atmosfæren fører til temperaturauke. Det finst ingen veg bort frå denne konklusjonen. Dette er fundamental fysikk. Å fornekte det er som å fornekte tyngdekrafta, eller å hevde at jorda er flat.» Faktum er at CO2-innhaldet i atmosfæren har auka frå cirka 280 dpm (delar pr. million) i 1850 til 406 dpm i desember 2017. Dette er eit langt høgre nivå enn nokon gong før i dei siste 400.000 åra. Frå 1880–1920 (gjennomsnitt) til 2017 har den globale gjennomsnittstemperaturen stige med 1,17 grader celsius. Stadig fleire klimaforskarar trur ikkje lenger at det finst vilje eller evne til å halde den globale temperturstiginga innanfor to grader celsiuselsius i forhold til førindustrielt nivå.

Økonomane Morten Jerven, Erik S. Reinert, Rune Skarstein, Camilla Øvald, Chr. Anton Smedshaug og Ebba Boye skriv onsdagar i Klassekampen.