Klassekampen.no
Mandag 5. februar 2018
KORLEIS VAR DET? Litt makt her, og litt makt der.
Kven skal ha tillit til kven i Arbeidarpartiet?
Den indre gruppa

Etter at Aps politiske rådgivarar for stortingsgruppa blei utestengde frå landsstyremøte 29. og 30. januar spør ein seg: Kven avgjorde dette? Vedtaket innebar at Ap ikkje lenger hadde tillit til sekretariatet og gruppa av rådgivarar. Difor leverte Hans Kristian Amundsen si oppseiing kvelden før møtet på Gardermoen. Hans grunngjeving var ein fastlåst konflikt med partisekretær Stenseng i samband med varslarsakene mot Giske.

Vedtaket om utestenging kan ha kome frå arrangør av landsstyremøtet, den mektige partisekretæren. Ho sto ansvarleg for å stansa lekkasjar frå den såkalla «stortingsgruppa» av rådgivarar leia av Amundsen. Utestenginga kan vera røta i oppgjeret etter valnederlaget og især den VG-planta rapporten ført i pennen av klubbleiar Ingunn Yssen i «stortingsgruppa», som rådgivargruppa gjerne kallar seg.

Er det mogleg at Ap-leiar og nestleiar, parlamentarisk leiar og stortingsgruppa av folkevalde ikkje kjende konsekvensane av utestengingsvedtaket?

I oktober 2017 skreiv Støre i ein sms til VG om uroa blant Ap-tilsette i sekretariatet – kjend frå den lekka rapporten og eit pizzamøte på Stortinget då to rådgivarar gjekk på dagen i usemje med politisk komitetildeling for det nye stortinget: «I samarbeid med de ansattes representanter arbeider vi nå med å skape tillit og godt samarbeid med den nye stortingsgruppen.»

Kven er dette «vi» og sto desse samla bak vedtaket om utestenging? Det handlar om tillit. Og om kven som skal ha tillit til kven.

I inneverande periode sit 49 folkevalde representantar i stortingsgruppa til Ap. I rådgivingsgruppa for desse sit 45 tilsette. Kven skal ha tillit til kven? Redaktør Magne Lerø i Dagens Perspektiv skreiv i ein leiar 10. oktober 2017: «Det ledelsen i Ap må vurdere, er om de mange rådgivere i partiet er i ferd med å innta en rolle som de folkevalgte politikere ikke ønsker ... Det er spesielt at de ansatte klager over at ledelsen ikke har tillit til rådgivernes kompetanse. De ansatte er der for å bistå de folkevalgte. Deres oppgave er ikke å påvirke politiske prosesser ... Det er påfallende at to rådgivere trekker seg.»

Når politisk leiing, det politiske «vi» i Ap, ikkje pr. januar 2018 har tillit til rådgivarane i sekretariatet, er klartekst til leiaren: «You’re fired!» Utestenging frå møtet i landsstyret tyder at rådgivargruppa/sekretariatet ikkje har stortingsgruppa og partiets tillit. Tilhøvet mellom gruppene er at makta sit hos dei folkevalde. Dette kunne politisk leiing i Ap ikkje lenger samarbeida seg bort frå eller leva med. I dragsuget av mistilliten har ti rådgivarar gått etter stortingsvalet.

At «stortingsgruppa» det vil seie sekretariatet, tok aktiv del i varslarsaka, kan ha vore dropen som fekk det til å renna over for Aps samla leiing.

Avsatt nestleiar Trond Giske var både som statsråd og stortingsrepresentant alltid klar på kva ei uklar arbeidsdeling mellom desse to gruppene kunne innebera: Eit indre maktsentrum som kunne uthola parlamentarismen.

karinmoe1@gmail.com

Forfattar og litteraturkritikar Karin Moe kommenterer aktuelle saker frå sidelinja kvar måndag.

«Tilhøvet mellom gruppene er at makta sit hos dei folkevalde»

Artikkelen er oppdatert: 11. april 2018 kl. 13.43

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk