Klassekampen.no
Torsdag 1. februar 2018
SKØYARAR OG DRUIDAR: Serien Britannia handlar om møtet mellom den romerske hæren og keltarane i England. Her Kelly Reilly som Kerra og Mackenzie Crook som druideleiaren Veran. Foto: Sky Atlantic
Tv-seriar får oss til å tenka på, diskutera og interessera oss for religion.
Gudar og kulturarv

2018 er Det europeiske kulturarvåret, har EU-kommisjonen bestemt. Slagordet for året er «Der fortida møter framtida». Kulturarvåret skal setta fokus på oppkomet av europeisk kulturarv, visa kva rolle arven har i å fremja felles kjensle av identitet og bygga Europa si framtid, som det heiter i ei pressemelding.

Europeisk kulturarv er ein interessant bakgrunn for dei store, historiske tv-seriane i tida, som Vikings og nykomarane Knightfall og Britannia. På kvar sine vis tematiserer og reformulerer dei europeisk kultur, historie og religion. Religion er som kategori fråverande i pressemeldinga om kulturarv. Det kan kanskje skuldast at ein har eit atterhald mot å klart seia at religion er ein del av kulturen, og ikkje ein «ting» i seg sjølv?

Dei populære tv-seriane er meir bramfrie sånn, der er det religion, kultur, sivilisasjon, ekspansjon, kropp, sex, makt og rus i salig blanding. Religionsformidlinga deira er relevant, fordi media faktisk er staden der folk flest møter religion oftast. Folk fortsett å gå i gudshus, be, delta i livsrite og andre tradisjonelle saker, men den allstadnærverande religionen er i aukande grad formidla av media og populærkultur.

Britannia, av britiske Jez Butterworth, handlar om møtet mellom den invaderande romerske hæren og keltarane i England i år 43. Butterworth seier til avisa The Guardian at målet med serien var å laga noko skøyaraktig, utan forsking og det historisk korrekte som det viktigaste, men heller personkarakterane.

Den romerske kulturen var jo skrivande og dokumenterande på heilt anna vis enn den keltiske, og særleg druidane, det keltiske presteskapet, er innhylla i mystikk.

Butterworth lar religion komma til syne gjennom personane, fokus er korleis folk levandegjer sine eigne førestillingar. Gjennom tvilsame spådommar, mislukka ritual og endra medvitstilstandar er det notorisk upåliteleg religion me møter. Mennesket si oppleving av sitt eige religiøse miljø og møta med nye idear eller eksisterande, konkurrerande idear er ein raud tråd. Dette ser me også i Vikings og Knightfall (om tempelriddarane), men Butterworth si turnering av religionsstoffet er friskare og morosamare, synst eg.

Ulike forståingar, forhandlingar, motstand og meining skapt i relasjon til den åndelege og guddommelege verda, oftast underverda, blir i Britannia fortelt på bakgrunn av historia om stormaktsinvasjonen. Som «kulturarv» blir dette herleg fleirtydig. Knapt nokon ser ut til å ha vore einige med kvarandre, alle har si eiga meining om og oppleving av det guddommelege. Slik projiserer Butterworth ei seinmoderne, subjektivt orientert religionsforståing bakover i tid, men mon om det ikkje er noko meir presist og universelt ved denne fleirtydigheita, enn dei store, harmoniserande og heilskaplege forteljingane om religionane som eintydige storleikar, ikkje minst i «gode, gamle dagar»?

Ulikt liknande seriar, er humor gjennomgåande i Britannia. Divis er ein bannlyst druide som inngår eit slags kampforbund med ungjenta Cait, som fekk vaksenseremonien sin avbroten av invasjonen. Han er ein både komisk og tragisk helt, ho nærmast ein frelsarfigur i all si barnlege usikkerheit. Druidane elles er skildra som så ekstreme at dei nærmast blir demoniske. Etter kvart framstår også dei som meir komplekse og konstruktive – trass i kvassfilte tenner, rusa auge og fryktelege offerritual. Dei er liminale, verken av denne eller gudane si verd og er både hata, mistrudde og beundra av resten av keltarane. Romarane og deira religion(ar) utgjer eit eige stoffunivers, og blir primært fortelt gjennom fotsoldatane, ikkje general Aulus Plautius, som trass i eit tilforlateleg oppsyn med bolleklipp og tjukke kjakar, framstår som noko nær ein djevel.

Krigardronningar har sentrale roller i serien, og som i Vikings har kostymeavdelingane mora seg ekstra her. Befriande i Britannia, trass i vald og graps, er at kvinnekropp og -seksualitet er langt mindre blottstilt og instrumentalisert enn i andre seriar. Ingen valdtekt av kvinner blir skildra, tenk det, medan mannleg impotens og magesjau blir narrative poeng! Vanleg og uvanleg blir tenkt på nytt.

Kan det ha vore sånn den gong då? Gudane veit, som me seier med eit eldgamalt munnhell. Sikkert er det i alle fall at seriane får oss til å tenka på religion, diskutera og interessera oss for religion, og såleis reprodusera religion som kultur(arv) og kommunikasjon.

anne.kalvig@uis.no

Lars Gule, Eivor Oftestad, Mina Bai, Anne Kalvig og Helene Næss skriv om religion i Klassekampen kvar torsdag.

Artikkelen er oppdatert: 11. april 2018 kl. 14.02

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk