Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Krim: Harstad har skrive ein like spissfindig som plump metafiksjon.

Spøk og spenning

FLIR OG FORTOLKNINGAR: Johan Harstad sin satire råkar først og fremst lese- og skrivekunsten. © FOTO: SIV DOLMEN Siv Dolmen/ Klassekampen

I fjerde sesong av krimserien «Broen» er politietterforskar Saga Norén hos psykolog. I ein kort sekvens, idet Saga fortel alt ho har gjennomgått på skjermen, framstår serien som ein ærleg parodi på seg sjølv: Mora leid av ’Münchhausen by proxy’ og hamna i fengsel saman med faren. Saga fekk ansvar for systera, som tok livet av seg. Seinare blir sjefen hennar myrda av ein mordar som til gjengjeld drep seg sjølv med ein binders – som Saga kan ha lagt igjen med vilje. Kollegaen hennar hemnar seg på ein annan mordar, og blir fengsla fordi Saga seier ifrå. Så kjem mora attende og tek livet av seg på ein måte som får Saga sendt i fengsel. Der sit ho i eit år, og får eit blodutgytande hogg i halsen med ein avbroten bordtennisracket før ho slepp ut. «Ja … Då har vi ein del å jobbe med», svarar psykologen.