Tirsdag 16. januar 2018
SKATTEFESTBREMS: KrF-leiar Knut Arild Hareide blir nok ikkje den som gjev regjeringa fleirtal for å utvide ølsalet til klokka 21.00. Foto: Tom Henning Bratlie
Den nye regjeringa lovar å «senke skattenivået», men KrF meiner det ikkje finst pengar til det:
KrF varslar skattekonflikt
Undersak

Dei blå

har trua

Høgre og Frps fremste representantar i Stortingets finanskomité lar seg ikkje stogge av varselet frå Hareide. Dei har tru på nye skattekutt.

– Utsiktene til å få til nye skattekutt er gode, dei, seier Frps Helge Andre Njåstad.

Han syner til at Frp har klart å overtyde KrF om å stø kutt tidlegare.

– Du er sterkare i trua enn KrF?

– Ja. Når det gjeld lågare skatt, er eg både sterkare i viljen og i trua enn KrF.

Men Njåstad syner òg til heilskapen i økonomien. Det er viktig å skape nye arbeidsplassar og auke statens inntekter, seier han.

– Men Frp er altså nøgd med at kutt, til dømes i eigedomsskatten, er eit sentralt punkt i regjeringsplattforma.

– Du har tru på kutt i eige­domsskatten?

– Ja, i valkampen var det berre vi som ynskja det, no har vi fått med to andre parti. Utfordringa no er stortingsfleirtalet.

Nikolai Astrup i Høgre blir heller ikkje uroa av Hareide.

– Slik eg les Hareide, er han innstilt på å gjere endringar i skattesystemet, slik KrF òg har vore med på dei siste åra, og eg meiner det finst rom for det, seier han.

Astrup syner til at KrF til dømes er imot skatt på arbeidande kapital.

– No er vi alle opptekne av å skape nye jobbar, som igjen vil finansiere velferda.

Kristin Skogen Lund
FOTEN NED: Knut Arild Hareide meiner vi ikkje har råd til store skattelettar i åra som kjem. Regjeringserklæringa er ei av dei vagaste han har lese.

REGJERINGen

Den nye regjeringa vil at «den økte bruken av oljepenger skal vris i retning av investeringer i kunnskap og infrastruktur, samt vekstfremmende skattelettelser». Dei skriv òg at dei vil «senke skattenivået». Men regjeringa – sjølv med Venstre om bord – har ikkje fleirtal, og dermed er mykje opp til KrF.

Partileiar Knut Arild Hareide varslar at det ikkje blir nokon skattefest om han får viljen sin. Tvert imot: Skal nokre skattar ned, bør andre gå opp, meiner han.

– Det vi kan diskutere, er kva skattar og avgifter vi kan redusere – og kva vi kan auke. Det er rom for å gjere endringar på skatte- og avgiftssida, men eg er veldig usikker på om det er rom for store skattelettar totalt sett, utan at det går ut over velferdstilbodet, seier Hareide.

KrF-leiaren er tydeleg på at Noreg ikkje kan finansiere store skattekutt i åra som kjem:

– For å seie det rett ut: Eg trur ikkje vi har råd til det. Og då eg høyrde statsministeren hos NHO, tenkte eg at ho eigentleg sa det same, men med andre ord.

Fakta

Regjeringsplattforma:

• Søndag la Høgre-leiar Erna Solberg, Frp-leiar Siv Jensen og Venstre-leiar Trine Skei Grande fram ei politisk plattform for den nye blågrøne regjeringa.

Den nye regjeringa er ei mindretalsregjering med 80 stortingsmandat bak seg. Stortingsfleirtal krev 85.

KrF sit på vippen i Stortinget og har sytt for fleirtal for 2018-budsjettet.

KrF varslar no motstand mot lågare skatt, som regjeringa legg opp til i plattforma.

Skattekonflikt

Hareide er usamd i at alle skattelettane er vekstfremjande.

– Nei, kutt i eigedomsskatten er ikkje vekstfremjande.

– Kva tenkjer du om at dei vil prioritere meir skattelette?

– Eg trur det blir eit konfliktområde om ein legg opp til det. Det budsjettet vi har lagt bak oss no, viser at røynda har nådd regjeringa. På skatt var 2018-budsjettet så å seie eit nullbudsjett. Då vi høyrde statsministeren snakke om handlingsrommet framover så seint som på NHOs årskonferanse, høyrde ikkje eg at det var rom for så mykje skattelette framover, seier Hareide.

Klimaskryt til Venstre

Hareide meiner tiltaka i plattforma er lite konkrete – bortsett frå på klimafeltet. Han meiner det ikkje er mål, men verkemiddel, som deler det politiske Noreg.

– Denne regjeringserklæringa er vagare i si form enn dei fleste regjeringserklæringar eg har lese i mitt politiske liv, seier Hareide.

Klima er altså unntaket.

– Eitt område er tydeleg òg når det gjeld politiske verkemiddel. Det er klima og miljø. I tillegg er det mykje bra på verdiskaping.

Vil styre frå Stortinget

Hareide varslar kamp i Stortinget på fleire saksfelt.

– Kva tenkjer du om distriktsprofilen på denne regjeringserklæringa?

– Distriktspolitikken for dei neste fire åra er ikkje reelt avgjort i denne erklæringa. KrFs rolle og at vi har høve til å forhandle i Stortinget om dette, gjer at ein kan finne gode løysingar, seier han.

Han er skuffa over verdi­dimensjonen ved plattforma.

– Det var overraskande sekulært og overraskande at dei ikkje vil ha ei tydelegare verdiforankring, seier Hareide.

– Om du samanliknar, var den raudgrøne regjeringserklæringa i 2005 tydelegare enn kva den blågrøne er i 2018. Det er eit paradoks, særleg når dei seier at dei hadde KrF med i tankane i forhandlingsrommet.

Heller ikkje familiepolitikken får skryt frå KrF.

– Eg saknar ei meir offensiv tilnærming til familiefeltet. Det handlar om at fødselstala i Noreg går ned. Det er krevjande å kombinere arbeid og familieliv.

Fekk telefon i skiløypa

Hareide fekk telefon frå Erna Solberg nokre timar før pressekonferansen søndag.

– Statsministeren ringde meg på søndag medan eg var på skitur med familien. Ho sa «du er heldig», og eg trur nok ho ville meint at eg var endå heldigare om eg var på Jeløya. Men vi gjorde det vi sa til veljarane før valet at vi skulle gjere, seier Hareide om opposisjonslivet.

– Kva var di melding til Solberg ute frå skiløypa?

– Ho ringde meg eit par timar i framkant av framlegginga, gav meg eit par «heads up» på kva som stod der og ønskte meg lukke til med lesinga. Det er mykje i erklæringa som er bra og som vi kan nikke til alle saman.

Hareide er spent på korleis erklæringa vil bli følgt opp.

– Trine Skei Grande har greidd å gjere denne regjeringa grønare. Om ho har greidd å gjere den rausare – det trur eg ikkje vi veit svaret på enno.

NHO: Kritisk til skatteprofil

Kristin Skogen Lund, administrerande direktør i NHO, seier til Klassekampen at ho ikkje er glad for regjeringas varsla endring av eigedomsskatten.

– Det viktige no er å innrette skattesystemet så det løner seg å skape arbeidsplassar – og prioritere det. Dei prioriterer skattelettar til einebustader og hytter, seier ho.

Ho peikar på at skatteregima for hus og hytter allereie er «veldig gunstige».

– Det er derfor vi overinvesterer i eigedom i Noreg. Vi set meir pris på at regjeringa vil halde fram med å trappe ned skattesatsen på arbeidande kapital i verksemdene.

politikk@klassekampen.no

Onsdag 15. august 2018
VERRE: En fersk forskningsrapport viser at innvandrere er langt mer utsatt for opphopning av levekårsproblemer. Men de som bor i distriktene, klarer seg jevnt over bedre.
Tirsdag 14. august 2018
ADVARER: Frps Jon Helgheim sier rommet for hva som er greit å si som politiker blir mer snevert. I går måtte enda en frittalende Frp-statsråd gå av.
Mandag 13. august 2018
SINNA: Den russiske ambassaden er djupt misnøgd med forsvarsministerens grunn for at Vladimir Putin ikkje er invitert til Finnmark i 2019.
Lørdag 11. august 2018
AP STØRST: Jonas Gahr Støre (Ap) trur sharia-bråket rundt Per Sandberg er ein hovudgrunn til at Frp går tilbake på dagens måling.
Fredag 10. august 2018
BLI HJEMME: Hege Storhaug i Human Rights Service og Hans Rustad i Document er forferdet over Per Sandbergs feiring av den iranske nasjonaldagen.
Torsdag 9. august 2018
REFS: Frank Bakke-Jensen vil utsette 22. juli-komiteens terrorsikringsfrist for Forsvaret med ti år, uten å spørre Stortinget. Nå får han refs av komiteens leder, KrFs Knut Arild Hareide.
Onsdag 8. august 2018
JUBILEUM: Neste år skal vi feire at det er 75 år siden soldater fra Sovjet startet frigjøringen av Norge. – Da må sanksjonene overfor vår nabo i øst være avsluttet, sier stortingspolitiker fra Frp.
Tirsdag 7. august 2018
PROVOSERT: Før Aps landsmøte i 2017 samlet industriarbeiderne seg til ­demonstrasjon mot vern av områder i nord. Nå er de provosert over AUFs varslede offensiv for vern.
Mandag 6. august 2018
OVERTID: Nominasjonskomiteen skulle hatt svar for tre måneder siden, men Rita Ottervik (Ap) vet ennå ikke om hun ønsker å fortsette som ordfører i Trondheim.
Lørdag 4. august 2018
REKORD: Kostnadskutt og auke i oljeprisen kan gje Equinor høve til å tene meir mellom 2018 og 2020 enn dei har gjort dei siste 17 åra til saman.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk