Klassekampen.no
Fredag 12. januar 2018
Det raudgrøne samarbeidet i Trondheim skin ikkje lenger klart.
Omgitt av mørke

Arbeidarpartiet har vorte hardt skadd av Giske-stormen. Varsel om seksuell trakassering har ført med seg brotsjøar av sinne. Om bord i Ap ser det ut til at det er kamp om kven som skal stå ved roret, tilløp til mytteri og omfattande lekkasjar. Ap liknar på Titanic når partiet no blir målt til under 20 prosent.

Krisa til Ap overskyggar andre viktige saker, som dei borgarlege regjeringsforhandlingane – og det politiske dramaet i Trondheim. Mens Ap er i hardt vêr, er nemleg fyrtårnet i ferd med å slokne.

Stormar har ramma Ap før. Etter valnederlaget i 2001 vart det full maktkamp. På ei måling i mars 2002 fekk Ap berre 14,6 prosent, mens SV hadde 18,7 prosent. Ap var i ferd med å havarere, og det var ikkje land i sikte.

Da vart det tent eit lys. Trond Giske, Rita Ottervik og mange andre unge Ap-folk hadde bygd stein for stein, og ved kommunevalet i 2003 stod fyrtårnet ferdig. SV og MDG stod saman med Ap, og etter valsigeren kom også Sp med i den raudgrøne alliansen. Rita Ottervik vart ordførar i byen som lenge hadde vore ein høgrebastion. Lyset frå Trondheim bidrog til å føre Ap inn på trygg grunn og inn i den raudgrøne regjeringa i 2005.

Ottervik er no ordførar på femtande året, og det kan sjå ut til at ho blir ståande i tårnet til evig tid. Trass i dette truar SV med å skru av lyset. SV har gitt ordføraren eit klart ultimatum: Går Venstre inn i Solberg-regjeringa, må Ottervik kaste partiet ut av det lokale samarbeidet. Viss ikkje går SV ut. Ap har kategorisk avvist kravet og vist til den skriftlege avtalen som også Venstre er med på.

Tilsynelatande ligg vikarierande motiv bak SV-trusselen, sidan regjeringa ikkje har så mykje med lokalpolitikken å gjera. Adresseavisen meiner SV bryt ut på «en feig måte» og at dette er eit taktisk grep framfor valet i 2019.

Det er da heller ikkje tvil om at SVs frustrasjon har bygd seg opp over tid. SV protesterte da Trondheim-alliansen vart utvida med KrF i 2011. Da Venstre og Pensjonistpartiet kom med etter valet i 2015, var SV nær ved å bryte ut. Samarbeidet som i si tid sprang ut av Ap og SV (og LO), hadde vorte eit 7-partisamarbeid, der berre Frp, Høgre og Raudt står utanfor.

Dei siste åra har det vorte stadig meir tydeleg at alliansen i Trondheim har vorte så brei at det nesten er uinteressant å drive politikk. Sjølv langt inn i Ap ser ein at det ikkje er nokon nerve i bystyret lenger, fordi de er «feige lag».

Samtidig er det politiske prosjektet vatna ut. Ap er nesten allmektig og går til Høgre og Frp om dei ikkje får viljen sin med partnarane, slik dei har gjort i reguleringssaker. Dermed klarar ikkje småparti som SV å prege politikken.

På toppen av alt dette, har Adresseavisen avslørt ein svært uheldig maktkultur i Ap. Ap-toppen Rune Olsø har vore involvert i fleire skandalar, blant anna knytt til reguleringssaker. Kritikarar omtalar maktstrukturane i Ap som «semikorrupte», sjølv om Rita Ottervik ikkje får skylda.

Alliansen i Trondheim vil få nye problem om Venstre går i regjering med Høgre og Frp, fordi lokale venstrefolk vil vera lojale med eigne statsrådar.

Når SV må gå ut av alliansen, er det likevel mest fordi han står i vegen for eit godt SV-val og større politiske sigrar på sikt.

Målet til SV er å gjenreise eit reindyrka raudgrønt samarbeid i Trondheim etter valet. Derfor har det som skjer i Trøndelag nasjonal interesse. SV tenker i same banar på riksplan. LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen ivrar også for ein ny allianse der kjernen er Ap, SV og Sp, utan å stenge døra for andre.

Ap-leiar Jonas Gahr Støre må få kontroll over skuta si, men han treng også eit nytt fyrtårn. Nokon bør slå på lyset.

kallset@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 30. januar 2018 kl. 12.08

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk