Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Nordflanken

Vismann: Ein amerikansk okkupasjon er ikkje nødvendig, vi lar allereie USA ruste opp her i Norge, skriv Jon Hellesnes. FOTO: Heiko junge / NTB Scanpix Junge, Heiko

USA aukar presset mot Russland blant anna ved å ruste opp her i Norge. Lagring av våpen og krigsutstyr, flyplass-utbygging og stasjonering av soldatar er tradisjonelle ingrediensar. Men også dei sinnsjukt dyre kampflya som norske skattebetalarar kjøper «frivillig» frå USA, er ein del av den amerikanske opprustinga. Skildringane av dei skadelege konsekvensane er mange og ulike. Hos ein og annan dominerer den satiriske ironien. Annikken Seip hadde ein fin liten stubb i Klassekampen, 3. januar. Men fleire ser ut til å vere i gang med noko liknande.