Klassekampen.no
Torsdag 11. januar 2018
Løper i pariserhjulet: Ei svært god Kate Winslet ser ut til å spegla sider ved regissøren, Woody Allen, i «Wonder wheel». Foto: Norsk Filmdistribusjon
Woody Allen kan framleis vera ein filmskapar å rekna med.
Ikkje eit lukkehjul
Lagnaden tyngjer Woody Allens tragiske og dubiøse, raudhåra heltinne. Det er lett å tenkja at han ser seg sjølv i henne.

«Wonder Wheel»

(USA, 2017)

Regi og manus: Woody Allen.

Med: Kate Winslet, Justin Timberlake, Juno Temple, James Belushi.

Lengde: 1 t. 41 min.

MELDING

HHHHHI

«Livet mitt er ein vits», seier Ginny (Kate Winslet). Den ein gong aspirerande teaterskodespelaren sit att med rolla som servitør ved ein sliten sjømatkafé på Coney Island. Ho og hennar andre ektemann, periodedrankaren Humpty (Jim Belushi) lever frå hand til munn i eit kjærleikslaust ekteskap i eit støyande husvære bak det glorete pariserhjulet. Mellom dei står to barn frå kvar deira tidlegare forhold, Ginnys pyromane smågut Richie (Jack Gore) og Humptys vaksne dotter, Carolina (Juno Temple), som har rømt heim frå eit glamorøst, men farleg giftarmål i mafiaen.

Sist Woody Allen vitja Coney Island, var det godt nytt at «livet er ein vits». Den anekdotiske oppvekstkomedien «Radio Days» (1987), som var sett til 1940-talet, er Allens mest sympatiske arbeidarklasseportrett. Dei kontinuerleg småkranglande vaksne og rakkarungane deira lever nøgd i eit trongbudd samhald, samstundes som det er mogleg for dei å skapa si eiga lukke ein annan stad, slik Mia Farrows sigarettseljar Sally gjer. Sally er ei blanding av rollene til Winslet og Temple i 1950-talshistoria «Wonder Wheel», men medan Sallys liv hadde ei framtid ti år før, har både Ginny og Carolina vorte slitne før tida, til liks med attraksjonen Coney Island. Dei har skusla bort talent og karriere på flyktig kjærleik og draumar om lukke. Komedien har vorte tragedie, der rollene må leva med konsekvensane av sine eigne karakterbrester. For den som kjenner Woody Allen og Mia Farrows biografi, er det lett å lesa mykje inn i skiftet mellom filmane – før og etter tragedien/overgrepet. Her er ingen varm nostalgi i det gule strandlyset. Tivoliet, karusellen, som metafor for livet, er ein travesti. Kontrasten mellom Allens manus og den gamle meisteren Vittorio Storaros foto er vond.

«Wonder Wheel» er eit av Allens beste alderdomsarbeide, og både Kate Winslet og Juno Temple gjev mykje til to kvinneroller som er blant filmskaparens mest likande. Winslet gjev sjåaren andenaud med sin desperasjon over å vera fanga av eigne feilsteg. Slike konsesjonar har vi knapt sett Allen gje kvinner sidan brotet med Farrow. Empatien ser ut til å grunna i identifikasjon, jamvel om Allens analyse av forholdet mellom kvinner og menn står ved lag også her.

Sterkast kontrast til «Radio Days» er likevel den rå skildringa av barn, der dei framstår som både øydelagde av og ei bør for sine eigne foreldre. Dette har ein heilt annan klangbotn enn Allens flåsete vitsar om foreldreskap («Barn, du bruker alle dine ressursar på dei i tjue år, og når dei greier seg åleine, er det første dei gjer, å skulda deg for å ha Alzheimer!») Skal ein prikka i etikken her, så held det ikkje at lagnadstrua i dei greske klassikarane blir brukt som litterært fikenblad for verna seg mot krav om å ta ansvar for eigne handlingar.

guri.kulaas@klasselampen.no

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk