Klassekampen.no
Torsdag 11. januar 2018
Sminke og spel: Ja, det er faktisk Gary Oldman som Winston Churchill, og han greier å spela under all maskeringa. Foto: UIP
Set Churchill i himmelsk lys
Meir mytologisering.

FILM

«Darkest Hour»

(Storbritannia, 2017)

Regi: Joe Wright.

Manus: Anthony McCarten.

Med: Gary Oldman, Lily James, Ben Mendelsohn, Kristin Scott Thomas.

Lengde: 2 t. 5 min.

MELDING

HHHHII

Å kritisera britane for å mytologisera på nytt og på nytt dei same hendingane og dei same menneska frå andre verdskrig, er å kasta stein i glashus – når kritikken blir reist i Noreg. Heroisering av Winston Churchill overgår likevel norsk dyrking av Jan Baalsrud, Max Manus og Haakon 7. til saman. Ein kan berre nemna «Kongens tale», «The Crown» og «Dunkirk».

«We shall fight on the beaches» er no den historiske filmen og tv-dramaet sitt svar på Hamlets monolog. Det er ein tale mannlege skodespelarar med ambisjonar bør ha øvd på, til liks med Churchills sigar-, whisky- og badevanar. Gary Oldman kjem godt frå prøva. Han er – ikkje uventa – det beste med Joe Wrights «Darkest Hour», filmen om Churchills overtaking av den handlingslamma britiske regjeringa i maidagane 1940. Den spedlemma skodespelaren med dei markerte ansiktsdraga greier å gjera den aldrande Winston Churchill levande under eit berg av ansikts og kropps-maskering. Vi trur på Oldman, trass at augo er yngre og steget lettare enn rolla han spelar. Han har også ein god sparringpartnarar i Ben Mendelsohn som Georg VI, i tillegg til dei to som har oppgåva med å spela nidportretta av Churchills politiske rivalar: Den avsette Nevil Chamberlain (Ronald Pickup) og utanriksminister Edward Halifax (Stephen Dillane).

Filmen som heilskap er så som så. Her er både komiske, satiriske og gripande scener, men Joe Wright fekk sitt gjennombrot med den sterkt moralistiske og tungt symbolske «Om forlatelse» (2007), og han greier ikkje la vera å slå på dei retoriske paukane vi har høyrt drønna så mange gongar før.

Trongen til stordom gjer at filmen haltar når Wright og manusforfattar Anthony McCarten freistar å klemma inn eit nyansert miniportrett av Churchill gjennom utvalde dialogar. Desse er digresjonar til handlinga og minner i den stiliserte settinga mest om skisser til teaterscener. Wright har stor sans for tablå. Han skildrar Churchill som ein som ser verda til vanlege folk frå passasjersetet bak privatsjåføren og som observerer krigsspelet i fugleperspektiv frå fly eller på kart. Den litt anstrengte nøkkelscenen i filmen viser statsministeren stiga ned og finna legitimeringa av ein tilsynelatande vonlaus krig blant «tilfeldige» borgarar på undergrunnsbanen. Det er som å vera tilbake hos tv-familien Ashton, medan Underhuset er opphøgd til renessansemåleriet, der lyset fell diagonalt og kvitt ned på Churchill i ein mørklagd sal av mørkkledde menn.

guri.kulaas@klasselampen.no

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk