Klassekampen.no
Torsdag 11. januar 2018
Mållagsleiarens argumentasjon for nynorsk

nynorsk

I eit svar til Arild Rønsen 2. januar seier mållagsleiar Magne Aasbrenn at «dialektane har ein kulturell verdi». Ja, det er sant, men vert det naturleg for alle dialekt-talande å skriva nynorsk – også for østfoldingar? – Aasbrenn har kjempa for nynorsk i Østfold i lang tid. Men i skuleåret 2016 –2017 var der ingen nynorsk-elev i grunnskulen.

Under ‘dialektbylgja’ i 1970-åra, som Alf Prøysen må ha æra for, laga Noregs Mållag seg slagordet «Tal dialekt, skriv nynorsk!» Dette var det litt meining i den gongen. Men i dag er dialektane så pressa av fleirtalsspråket eller «bymålet» at dei mange stader vert borte hjå dei som veks opp. Det gjeld til dømes i Hallingdal og Valdres, og eg har opplevd det sjølv i Telemark.

Det har skjedd i heimbygda mi Sauherad og I Tinn, der eg var lærar frå 32 år frå 1960. Etter stutt tid i barnehagane talar borna åt dialekt-talande foreldre bymål, og i 2010 vart det bokmål i skulen, etter nynorsk frå 1908.

Utviklinga har gjort slagorde som ein tenkte skulle hjelpa nynorsken, ubrukeleg. Sylfest Lomheim kallar det «eit tøvete prinsipp», og i ein reportasje i Morgenbladet 21. mars 2013 sa han og professor Kjell Lars Berge at strategien åt Mållaget er «ein kjempetabbe». «Resultatet av Mållagets strategi blir i praksis: «Snakk dialekt, skriv bokmål», la Berge til. Og kva hjelper oppmoding til å skriva «dialektnært» når dialektane forsvinn?

Sjølv sviktar Mållaget dialektane ved å nytta e-infinitiv i mest alt dei skriv. 27. mars 2017 kom Torbjørn Berntsen med ei språkleg påminning i fjernsynet. Han vart intervjua i serien «Mitt liv», og med sitt folkelege mål stod han fram som den fargerike politikaren han var, og han uttrykte seg slik: «Det ville jeg ikke væra med på, og så skulle jeg sitta der.»

Og 17. september 2014, opplevde eg òg ein annan folkeleg politikar i fjernsynet, Sigbjørn Johnsen: «Je tænkte je skulle læsa et dikt,» sa han. Og: «Du kan itte sætta deg ned for å skrive et dikt.» – «Å dikte er å finna små ord for de store tinga.» «Diktet «Nye vårer» av Hans Børli har mye å fortælja meg,» sa han. Her er det mykje a-infinitiv. Før 2005 var kløyvd infinitiv jamvel tillaten i bokmålsnormalen. I dag har e-infinitiven vorte dominerande i nynorsk skrift. Tal om «målreising på norsk folkemåls grunn»!

Eit spørsmål til Aasbrenn: Kva er grunngjevinga for at ein i praksis arbeider for at e-infinitiv skal verta standard i nynorsk?

Så til Ivar Aasen: Han heldt det for viktig at det som vart skrive på «Landsmaal», måtte vera gjennomførd etter hans system. Dei som blanda inn dialekt, kalla han «Fuskere», og språket deira «Herkemaal»! I kvasse ordelag sa han i 1871 opp det nye bladet Andvake, fordi språket ikkje heldt mål.

Ivar Aasen kan ikkje takast til inntekt for den politikken Noregs Mållag stend for i dag.

hallvard.hegna@gmail.com

frilegg: aasen-button

Artikkelen er oppdatert: 30. januar 2018 kl. 12.03

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk