Klassekampen.no
Torsdag 11. januar 2018
TJA: Trine Skei Grande og Knut Arild Hareide leier partia Venstre og KrF, som går tilbake i medlemstal. Høgre-leiar og statsminister Erna Solberg har derimot grunn til å smile. Her frå Arendalsuka 2016. Foto: Terje Bendiksby, NTB Scanpix
• Sentrumspartia KrF og Venstre tapte 2000 medlemer i 2017 • Høgre går fram
Midten mista medlemer
John-Ragnar Aarset
Christian Herzog
I’M GOING DOWN: KrF og Venstre sleit kraftig med å halde på medlemene sine i fjor. Høgre har no ettertrykkjeleg lagt KrF bak seg som landets nest største medlemsparti.

PARTI- FLORAEN

Denne veka kan Venstre-leiar Trine Skei Grande signere ei regjeringserklæring med Erna Solberg og Siv Jensen. Men der målingane stort sett har vore stabilt positive for Venstre etter at Grande blankpussa den borgarlege profilen, fortel medlemstala ei anna historie: På eitt år har partiet gått frå 8048 til 7057 medlemer – ein nedgang på nesten tusen personar.

Christian Herzog, fungerande generalsekretær i Venstre, fortel at partiet no set i verk ei rekkje rekrutteringstiltak for å snu utviklinga.

– Fjoråret, særleg fyrste halvår, var prega av mykje høglydt diskusjon. Det har mykje å seie for kor lystne folk er på å melde seg inn i Venstre. Men det betra seg utover det andre halvåret, seier han.

– Så utsiktene for at Venstre blir eit regjeringsparti hjelper på?

– Det synst eg er vanskeleg å seie. Nokon vil synest det, medan andre ikkje vil det. Nettoeffekten er vanskeleg å spå, sjølv om eg jo kan tenkje meg at ein del synst det vil vere interessant å vere medlem av eit parti som er i posisjon. Vi kan kome godt ut av det.

Herzog fortel at regjeringsforhandlingane har ført til både utmeldingar og innmeldingar.

– Litt fleire innmeldingar enn utmeldingar.

Heile Venstre-Noreg er prega av nedgang. Eller, heile? Nei! Ein liten by gjer framleis motstand, dei strie, ukuelege innbyggjarrne – altaværingar, sjølvsagt! – lar seg ikkje knekkje.

Fakta:

Parti og medlemer:

• Høgre går frå 28.585 medlemer i 2016 til 29.700 i 2017.

• Venstre går frå 8048 medlemer i 2016 til 7057 medlemer i 2017.

• KrF går frå 27.122 medlemer i 2016 til 26.050 medlemer i fjor.

• Tala kjem frå partikontora til dei respektive partia. Det kan kome små justeringar av medlemstala seinare.

– Vi høyrer at det særleg i Alta folk melder seg inn?

– Ja, det er over 70 innmeldingar frå Alta, det er ein tredel, kanskje.

– Dei vil ha nytt sjukehus?

– Det er eit klart samband med sjukehussaka, seier Herzog.

Ikkje som jordas sandkorn

2017 blei nok eit dårleg år på medlemsfronten for KrF. Partiet gjekk frå 27.122 til 26.050 medlemer, ifølgje partiets landskontor. Medlemsnedgangen går inn i ein langvarig trend der medlemene forsvinn frå KrF. Ifølgje årsmeldinga til landsmøtet 2017 er om lag kvar fjerde utmelding på grunn av at personen har gått ut av tida.

KrF-leiar Knut Arild Hareide kunne kanskje ønskje seg at partiorganisasjonen hans var «talrik som stjernene på himmelen og som sanden på havsens strand», men pilene peikar nok hi vegen.

Tradisjonelt har KrF hatt ein svært sterk organisasjon og vore det største partiet i medlemstal etter Arbeidarpartiet. Den tida ser no ut til å vere forbi.

Dei seinare åra har partiet gått ned med meir enn tusen medlemer kvart einaste år, og det er lite som tyder på at utviklinga ser ut til å stoppe.

Hilde Frafjord Johnson, generalsekretær i KrF, forklarer nedgangen i ein e-post til Klassekampen:

«Når vi ser en nedgang igjen er nok dette knyttet til en langvarig trend blant alle partiene, med mindre interesse for partimedlemskap. Samtidig har KrF en eldre medlemsmasse, og en god del medlemmer faller fra hvert år uten at det skjer tilstrekkelig nyrekruttering. Det har ikke vært noen egne saker som har medført mange utmeldelser i 2017. I en ellers krevende valgkamp opplevde vi derimot at flere meldte seg inn i KrF.»

Knalltal for Høgre

I Høgre-leiren er dei glade for å ha snudd nedgang til vekst. Dei gjekk ut av fjoråret med om lag 29.700 medlemer, som er 1100 meir enn året før, då tellinga stoppa på 28.585.

– Dette er vi absolutt glade for, særleg fordi vi har hatt eit par år med nedgang, fortel John-Ragnar Aarset, generalsekretær i Høgre.

– Det var veldig kjekt då vi såg at vi tangerte 2016-talet og byrja krype oppover.

– Er det Høgres politiske medvind som har æra?

– Vi har gjort meir enn tidlegare. Vi sa at «no må vi greie å snu trenden», men ein del handlar også om det jamne trykket vi opplevde gjennom året og fram mot valet. Det har vore lettare å verve, seier generalsekretæren.

– Har du sjølv verva nokon?

– Ja, det har eg, seier Aarset etter å ha tenkt seg om.

– Det er i alle fall éin som eg tok heilt til mål.

politikk@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 30. januar 2018 kl. 12.03

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk