Torsdag 11. januar 2018
ETTER MATEN: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) heldt takk for maten-tale etter gallamiddagen under NHOs årskonferanse. Då serverte han godbiten om satsing på kompetanseheving.
Kunnskapsministeren vil ha storsatsing på kompetanseheving i arbeidslivet:
Lovar livslang læring
STASING: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) takka for maten under NHOs gallamiddag. I same slengen lova han ei heilt ny reform.

NHOs årskonferanse

Timar etter at LO-sjef Hans Christian Gabrielsen understreka behovet for ei kompetansereform under sitt innlegg på NHOs årskonferanse, svarte kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) på bestillinga.

Under takk for maten-talen sa kunnskapsministeren seg einig i at Noreg treng ei kompetansereform.

Til Klassekampen stadfestar Isaksen at han er godt i gang med arbeidet.

– Det eine konkrete politiske poenget i middagstalen var at me treng ei systematisk reform for livslang læring, altså ei kompetanse­reform. Dette bør bli ei av dei store velferdsreformene i Noreg for det neste tiåret, seier Isaksen.

– Dette bør bli ei av dei store satsingane i denne regjeringsperioden.

Fakta

NHOs årskonferanse:

• Årleg konferanse som samlar breidda i norsk næringsliv til ein dagslang konferanse i Oslo.

• Tema under årets konferanse var verdien av arbeid, sysselsetting, inkludering og verdi- og jobbskaping.

• Ei rekke næringslivstoppar og blant andre statsminister Erna Solberg (H) heldt foredrag.

Har lagt eit grunnlag

Verdien av arbeid var tema under NHOs årskonferanse. Isaksen seier at arbeidslivet står midt i store endringar.

– Det er automatisering, digitalisering og globalisering. Me har ikkje råd til å halda oss til ein politikk som ikkje klarer å utnytta kompetansen i befolkinga til det fulle og vidareutvikla kompetansen. Dette er bakgrunnen for at det er behov for ei kompetansere­form, seier han.

Ifølge Isaksen er målet å heva kompetansen både blant arbeidstakarar og dei som står utanfor arbeidslivet.

Har lagt grunnlaget

Kunnskapsministeren seier regjeringa har lagt grunnlaget for ei reform. Han viser til at myndigheitene og partane i arbeidslivet er blitt einige om ein nasjonal kompetanse­strategi, og at det er sett ned eit kompetansepolitisk råd som skal følga opp strategien. Vidare det det sett ned eit kompetansebehovsutval, leia av professor Steinar Holden ved Universitetet i Oslo, som skal greia ut kva kompetanse næringslivet treng framover.

Isaksen viser også til at regjeringa har sett i gang to forsøk med kortare opplæringstilbod innanfor vaksenopplæringa og fag- og yrkesopplæringa, og styrka finansieringa av eit opplæringstilbod i basisferdigheiter.

Eit sett av endringar

Isaksen understrekar at ei kompetansereform vil innebera eit sett av tiltak, og at det vil involvera både arbeids­livet og den formelle delen av utdanningssektoren, altså universitet, høgskular og fagskular. Han vil vurdera ei refusjonsordning for bedrifter som investerer i kompetanseheving av arbeidstakarar, etter modell frå skattefrådragsordninga Skattefunn. Ordninga skal motivera bedrifter til å satsa på forsking og utvikling, og gir skattefrådrag.

– I lys av Hans-Christian Gabrielsen innlegg på NHOs årskonferanse i går, så høyrest det ut som du leverer på bestilling frå LO her?

– Nei, eigentleg ikkje. Eg har ikkje noko imot å levera på bestilling frå LO, men dette har me snakka om lenge. Erna Solberg hadde eit stort utspel i valkampen. Det me jobbar med no, er det eg meiner kan bli ein stor velferdsreform for heile det norske samfunnet.

Også Ap lova i valkampen ei kompetansereform.

– Er det stor forskjell Ap og Høgre si kompetansereform?

– Eg meiner me har meir konkrete forslag, som Kompetansefunn, seier Isaksen.

Regjeringspartia er i forhandlingar med Venstre om ei ny regjeringsplattform på Jeløya i Moss. I går var det nestleiarane i Høgre som stilte til forhandlingar.

– Diskuterer de dette på Jeløya?

– Eg er ikkje der, men statsministeren løfta sjølv opp kompetansepolitikk som ein av Høgres store saker i valkampen. Eg er ikkje uroa for at dette ikkje er ein av tinga som blir snakka om i Moss. Men eg sit ikkje å ventar på ny regjeringsplattform.

Det lukkast ikkje Klassekampen å få ein kommentar frå LO-sjefen i går.

annekarih@klassekampen.no

Onsdag 18. juli 2018
VERRE: Meieri­giganten Tine fryktar mjølkemangel dersom mykje storfe blir slakta på grunn av fôrmangel. Tine vil ha krisemøte med bøndene og regjeringa.
Tirsdag 17. juli 2018
INKASSOKRAV: Hvor mye penger har Erna Solberg lovet Nato å bruke på forsvar de neste årene? Det er spørsmålet Bjørnar Moxnes nå krever et klart svar på.
Mandag 16. juli 2018
TØRT: Tørken som nå rammer Østlandet kan bli en del av et normalt ustabilt klima. Det vil ramme jordbruket hardt. – Det er så dårlig at en blir deprimert av å gå i åkeren, sier bonde Anders Klaseie.
Lørdag 14. juli 2018
SKADEN SKJEDD: Tørken raserer kornavlingene på Østlandet og Norge får sitt dårligste kornår siden 1974. Det er allerede for seint å berge kornhøsten.
Fredag 13. juli 2018
SLITER: Mange personer som går på sosialhjelp eller lever på stønader, har ikke råd til å gå til tannlegen, reise på ferie eller delta i fritidsaktiviteter.
Torsdag 12. juli 2018
FULLT: Bergen, Flåm og Geiranger kneler under vekta av masseturismen. Lokalbefolkninga reagerer og vil ha færre turistar.
Onsdag 11. juli 2018
BØNDA IFRA NORD: Finnmark kan ramle heilt ut av Stortinget. Finnmarks fylkesordførar er likevel open for at areal skal telje mindre enn i dag når ein fordeler stortingsmandat.
Tirsdag 10. juli 2018
TRYGD: Regjeringen vil hindre at trygde­ytelser eksporteres ut av landet. Men internasjonale avtaler gjør at forslagene får få konsekvenser. – Prinsipielt viktig, sier Erlend Wiborg (Frp).
Mandag 9. juli 2018
GASS: I Kirkenes er det på nytt håp om gassvirksomhet etter framstøt fra det russiske selskapet Novatek. Ordfører Rune Rafaelsen tror Russland vil bestemme om prosjektet får lov til å starte.
Lørdag 7. juli 2018
HARDHENDT: KrF-leder Knut Arild Hareide får en opptur på tampen av sin mektigste stortingsperiode, men får mest skryt av velgerne for å ha presset ut Sylvi Listhaug (Frp).

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk