Klassekampen.no
Onsdag 10. januar 2018
Karbonfiber: Snøgg­båtene hos Brødrene Aa er bygde med karbonfiber, eit lett og sterkt material. Her vert ei plate som skal liggje på dekket til «Future of the Fjords» løfta på plass.
• Hydrogen skal gjere snøggbåtar i lange ruter klimavenlege • Kan halvere CO2-utslepp
Nye snøggbåtar utan utslepp
Undersak

Hydrogenferje til ­Rogaland

Batteridrift duger ikkje på alle ferjestrekningar. Difor vil staten ha forsøksdrift på ei hydrogen-­elektrisk ferje.

– Om lag to tredelar av ferjerutene kan drivast med batteri, men skal vi oppnå nullutslepp av klimagassar frå heile ferjeflåten, må vi nytte hydrogen eller biodrivstoff på resten. Vegvesenet har tru på at hydrogen kan verte ei viktig energi­kjelde for ferjesektoren, seier prosjektleiar i Vegdirektoratet, Camilla Røhme.

Alle sambanda kan ikkje ha rein elektrisk drift. Årsaka er at desse rutene enten er lange, krev stor fart eller at ferjene er for store. Eller det kan vere slik at det ikkje er tilstrekkeleg med straum til å lade opp batteria ved kvart landliggje.

Røhme leier eit prosjekt for delvis hydrogendrift av sambandet Hjelmeland-Nesvik-Skipavik på riksveg 13 i Rogaland. I fjor haust kvalifiserte reiarlaga Nordled AS, Fjord1 ASA og Boreal Sjø AS seg til å konkurrere om å utvikle og drifte verdas første hydrogen-elektriske ferje. Målet er å få ferja i rute frå hausten 2021.

– Målsetjinga er fleirdelt. Vi skal oppnå null­utslepp for ferjene. Vi skal bidra til utvikling av norsk maritim næring for nullutsleppsteknologi, og vi skal lage eit regelverk for slik transport, seier Røhme.

Ho presiserer at ein føresetnad er at hydrogenet vert framstilt utan at det fører til auka klimagassutslepp.

– Det kan skje enten ved bruk av fornybar energi eller, dersom gass vert nytta, må det vere CO2-fangst for produksjonen.

DRIVSTOFF: Snøggbåtane er klima­verstingar i kollektivtransporten. I Hyen vil ei familiebedrift byggje første nullutslepp-snøggbåt i samarbeid med Flora ­kommune.

miljø

Det ligg ein svak eim av lim og løysemiddel i lufta i den eine produksjonshallen hos Brødrene Aa i Hyen. Verksemda i Gloppen i Nordfjord er kjent for snøggbåtar bygd i karbon­fiber.

Batteridrevne «Future of The Fjords», som skal frakte turistar i Nærøyfjorden er under produksjon. Plater av karbonfiber produsert etter det sokalla sandwichprinsippet, vert løfta på plass på dekket til turistbåten. Søsterskipet «Vision of The Fjords» har vunne den prestisjefylde prisen «Ship of the Year 2016» på verdas største skipsfartsmesse i Hamburg.

– Materialet er særs sterkt og samstundes lett. Det gjer det veleigna til ekspressbåtar, der det er om å gjere å halde vekta nede for å redusere drivstoffbruken, fortel vise­administrerande direktør Lars Endre Gimmestad.

Fakta:

Utslepp i båttrafikk:

• Utrekningar Nox-fondet har gjort, syner at den norske snøggbåtflåten nyttar 86.000 tonn diesel i året.

• Det gjev eit utslepp på 233.000 tonn CO2, om lag ein halv prosent av norske klimagass­utslepp.

• Utsleppa av CO2 per passasjer­kilometer er høgre for snøggbåtar enn for fly.

• For ferjetrafikken er utsleppa 400.000 tonn CO2 årleg.

• Samla utgjer utsleppa frå ferje- og snøggbåttrafikken drygt ein prosent av dei samla norske CO2-utsleppa.

Batteri duger ikkje

Drivstoffet er sentralt når neste generasjon snøggbåtar skal på beddingen. Snøggbåtar drivne på diesel pyntar ikkje akkurat på dei norske utsleppa av klimagassar (sjå faktaboks).

Medan batteridrift er løysinga for snøggbåtar i korte ruter, må det andre drivmiddel til for dei lengre snøggbåtrutene. Det lèt seg ikkje gjere å kombinere høg fart og lange strekningar med batteridrift. Batteria er for tunge, og ladinga tek for lang tid.

Snøggbåten som skal setjast i produksjon i Hyen, skal gå på ein mellomlang pendlarrute. Ruta skal binde saman kommunane Flora og Vågsøy ytst på kysten i Sogn og Fjordane. Desse vert slått saman til ein kommune, med namnet Kinn, i 2020.

Båten er 30 meter lang med plass til 100 passasjerar. Rekkevidda er 150 nautiske mil, langt nok til å dekke dei fleste snøggbåtrutene.

På sikt kan all snøggbåttrafikk i lengre ruter gå over på hydrogen.

I Sogn og Fjordane er miljøvinsten enorm. Utsleppa av CO2 frå all kollektivtrafikk i fylket kan halverast ved overgang frå diesel til hydrogen for snøggbåttrafikken.

Kostbart

– Så lenge hydrogen vert produsert utan utslepp av klimagassar, er dette særs miljøvenleg. Då er utsleppa frå snøggbåten berre vatn. Ein unngår både utslepp av CO2 og den lokale ureininga som dieselmotorane står for, seier varaordførar Jan Henrik Nygård i Flora kommune. Han er ein av initiativtakarane.

Forprosjektet, som har vore finansiert av Innovasjon Norge og Sogn og Fjordane fylkeskommune, er del av Grønt Kystfartprogram. Det har sikra løyvingar til å rekne på økonomi, miljøvinst og til å lage dei første teikningane av båten. Men prosjektet treng meir pengar.

– Vi har to alternativ. Vi kan vente til andre prosjekt er ferdigutvikla, regelverket kjem på plass og så få utlyst ein kontrakt. Alternativet er å byggje ein pilot ved å ta ein standardbåt, installere hydrogenteknologi og teste ho ut, seier Nygård.

Vil at staten skal spytte i

Sogn og Fjordane fylkeskommune har sett i gong eit prosjekt for å gjere regionen leiande i å ta i bruk hydrogenteknologi mellom anna innan sjøtransport. Fylket har overskot på fornybar vasskraft og vil nytte denne til å produsere hydrogen.

Leiar for hydrogenprosjektet, Elisabet Kjerstad Bøe, ber staten dekke meirkostnadane med å få den første snøggbåten i drift, slik den gjer for ferje­drifta (sjå undersak).

– Sjølv om fylkeskommunen og reiarlaget skulle få dekt inntil 50 prosent av meirkostnadane frå ulike offentlege støtteordningar, vil det framleis koste fleire titals millionar å bygge den første hydrogendrivne hurtigbåten. I tillegg kjem høgare driftskostnadar dei første åra og investeringar i infrastruktur på land. Dette fryktar eg at ikkje nokon fylkeskommune har økonomi til åleine, seier ho.

gunnarw@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 30. januar 2018 kl. 11.54

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk