Klassekampen.no
Onsdag 10. januar 2018
Ny tid: Hioa-rektor Curt Rice vil vera sjef for OsloMet.
OsloMet, Mesta, Ruralis. Kva er gale med forståelege norske namn?
På verdskartet

Dagsrevyen har ikkje høve til å skriva Kongen om Harald.

Dagsrevyen er pålagd å følgja norsk rettskriving. Punktum. Kongen med stor k er berre eit organ som held møte på Slottet om fredagane; under dei møta sit kongen ved bordenden. At dronninga alltid skal skrivast med liten d, skulle det òg vera uturvande å peika på. Men Slottet ser ikkje ut til å ha oppfatta at dei har plikt til å følgja rettskrivinga i all offentleg tekstproduksjon.

Regelen her er fantastisk enkel: Det finst ingen persontittel i Noreg som skal skrivast med stor bokstav.

Dagsrevyen har heller ikkje lov til å snakka om Helsinki, slik dei gjorde nokre gonger på slutten av 2017. NRK skal seia Helsingfors. Men – kan dei ikkje velja? Nei. Den skandinaviske språkbruken er i dette tilfellet regelfesta. Finland har to offisielle språk: finsk og svensk. Fleire byar der borte har difor to offisielle namn. Då er det den svenske forma som skal brukast i korrekt skandinavisk, altså i NRK, SR (Sverige), DR (Danmark) og RÚV (Island). Å peika på at engelsk og andre språk ute i verda nyttar Helsinki, har verken vekt eller relevans. Der ute snakkar dei ikkje skandinavisk.

Det er naturlegvis lov å bomma. Både i og utanfor Bibelen gjeld det at det feilfrie og fullkomne ikkje er jordisk. Derimot har ikkje NRK lov å seia: «Denne ordbruken bestemmer me internt». Kravet (frå Stortinget) om korrekt norsk i NRK gjeld uavkorta og alltid.

Me held oss til namn. Statlege institusjonar bestemmer ikkje sine namn sjølve – namnevalet må heldigvis godkjennast av overordna myndigheit, eventuelt Kulturdepartementet. Høgskolen i Oslo og Akershus oppfyller no krava til universitet. Rektor har gjort seg herostratisk berømt ved å gå inn for OsloMet. Met er forkorting for Metropolitan, og namnet fortel dermed heile verda om det nye hovudstadsuniversitetet i Noreg. Meiner han. Det er berre eín hake, Met- er like uforståeleg internasjonalt som her heime.

Vonleg har departementet vit til å venda tommelen ned. Vanleg mønster er «Universitetet i ...» pluss geografisk namn. Kvifor ikkje heidra Aker med Universitetet i Aker? Nei då, kritikarane av OsloMet er gamaldagse og ser ikkje at den nye tid er komen. (!)

Dessverre har me tradisjon for kvalitetssvikt når det gjeld statlege namn – Luftfartsverket heiter no Avinor, Norsk senter for bygdeforsking skal bli Ruralis. Alltid same argument: å koma på verdskartet. Kjenner dei ikkje den internasjonale praksisen med eitt namn nasjonalt og eit anna (forståeleg) namn på engelsk?

På Island kan dei det meste. Selskapet som står for bygging og vedlikehald av offentleg infrastruktur, heiter ISTAK. Ordet, rikt på assosiasjon og meining, fortel islendingane at ein syner ansvar for landet, at ein tek tak. Vårt Statens vegvesen burde naturlegvis for lenge sidan ha sikra seg Norveg. Men dei brukte i si tid ein halv million på konsulentar som var glupe nok til å koma opp med Mesta som si beste løysing. Eit mystisk namn utan meining, utan tradisjon – ingenting.

sylfest.lomheim@gmail.com

Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.

«Me har tradisjon for kvalitetssvikt når det gjeld statlege namn»

Artikkelen er oppdatert: 30. januar 2018 kl. 11.56
Onsdag 9. mai 2018
Ingen månad er så prega av kunnskapsprøving som mai. Her kjem eit bidrag til eldre som ofte er rådgjevarar, og til yngre som er utøvarar.Først -ning og -ing: -ing fortel om handling,...
Onsdag 2. mai 2018
Den 1. mai byrja i 1889. Og rørsla, die Bewegung, the movement, le mouvement har halde seg. Fordi mange nok stiller opp. Men eg melder eit sakn: Eitt ord var mykje fråverande i talane i går,...
Onsdag 25. april 2018
«Wara for Listhaug» var Klassekampens kreative overskrift i byrjinga av månaden. Den nye ministeren kom som vara for den tidlegare ministeren... Ein desktiar og blink me ikkje ser kvar dag. Etternamnet til...
Onsdag 18. april 2018
Aker og Acer, fru Blom? Acer er, dessverre, i ferd med å bli eit av årets ord. Kva tyder det eigentleg, dette som også går under omtalen «den tredje...
Onsdag 11. april 2018
Livet vaknar i april. Latin aprilis er «den som opnar (året)», opplyser norske ordbøker. Den autoritative franske Grand Robert skriv derimot at april har kome frå gresk
Onsdag 4. april 2018
Turid Farestvedt (og nokre til) lurer på dette med aksentar. Ho ser eg skriv òg (også), for å skilja det frå bindeordet og. Uttalen er jo den same – /åg/. Eit betimeleg spørsmål.
Onsdag 28. mars 2018
Eg vil på ingen måte vera respektlaus i påskeveka. Men det er så mykje påskestoff i dei fleste aviser at eg i dag vel å skriva om noko så aktualitetsuavhengig som ‘skål’. Eg presiserer igjen, for å møta all eventuell...
Onsdag 21. mars 2018
Ein vaken lesar, Tore Været, gjorde merksam på at i same nummer av Klassekampen som eg skreiv om forleddstilknyting, stod det, tre sider lenger bak, om ferjefri E39 på Vestlandet. SV ville slå eit slag for

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk