Klassekampen.no
Mandag 8. januar 2018
Grynt frå bakarste rad i auditoriet.
Å bli tatt i skule

Eg prøver å sjå meg sjølv utanfrå, der eg sit i auditoriet så lang bak eg kan, med kaffikoppen i handa og eit bistert ansiktsuttrykk. Me har fått besøk frå Oslo, frå ei som skal ta oss i skule. Det er planleggingsdag. «Me» er lærarane på ein vidaregåande skule.

Ho hadde ikkje ein enkel jobb. Innimellom lurte ho på kvifor det var så lite respons i salen. Det likna sikkert på ikkje heilt uvanlege undervisningstimar rundt om: elevane ser etter naudutgangen, og læraren lurer på kva som er vitsen med det heile, men lèt som ingenting.

Det var ikkje temaet som var feil. Det var relevant, og noko me treng å reflektera over. Likevel blir kollegiet til ein seig materie av motvilje og mangel på interesse. Ei og anna hand og eit spørjande eller kritisk spørsmål, men dei fleste valde tomt blikk-strategien eller sjå ned i mobilen-strategien og tenkte på noko anna. Tre timar var til slutt over, og me kunne endeleg gjera noko nyttig.

Kvifor denne motstanden? Er lærarar som gruppe særleg uinteresserte i å forbetra kvaliteten på det arbeidet me gjer? Eg trur ikkje det. Svaret ligg snarare i måten forbetringa skal skje på.

For halvtanna år sidan la ei ekspertgruppe om lærarrolla fram ei utgreiing på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. Dei la vekt på at det sidan tusenårsskiftet har vore forsøkt på ei profesjonalisering ovanfrå i skulen, der lærarane sjølv har deltatt i mindre grad enn før.

Denne utviklinga skuldast ein dysfunksjonell måte å tenkja leiing på, frå høgaste politiske hald og nedover i systemet, saman med ein til dels tydeleg uttrykt mistillit til lærarstanden: Statistikkar og forsking blir brukt til å slå oss lærarar i hovudet med alt som er gale. Løysinga finst aldri i yrkesutøvarane sine praktiske erfaringar, men alltid i dei teoretiske modellane frå ymse skrivebord.

Når tankane og erfaringane dine ikkje tel, sluttar du etter kvart å villa delta i dei større diskusjonane. Du sig i staden ned i ein tilstand der du utfører jobben din etter beste evne innanfor dei rammene som finst, og ser mistruisk på alle nye tiltak. Dei blir nok marknadsført som forbetringar, men det er lurast å vera på vakt. Slik kan høgproduktiv og dedikert arbeidskraft omdannast til ein skeptisk jærbu med kaffikoppen på bakarste rad i auditoriet.

Avdemokratisering, mistillit og detaljstyring er ikkje noko særskilt for skulen. Det finst over alt i arbeidslivet, og har breidd om seg i takt med styringselitens og den økonomiske elitens auka makt og sjølvtillit. Dei har jo, i motsetning til oss andre, god greie på det aller meste.

Også i organisasjonslivet, inkludert dei politiske partia, har det gått feil veg ei stund. Dei fleste leiarar har vanskeleg for å sjå at det kan koma gode idear frå grunnplanet, og i så fall må dei nøye silast og kvalitetssikrast. «Innspel» og høyringsrundar er greitt, men den reelle avgjerdsmakta må sitta øvst i systemet.

Å gi rom for dei erfaringsbaserte kunnskapane lokalt er for risikabelt. Betre då å styrka den sentrale staben og utvikla idiotsikre sentrale system, der dei «profesjonelle» kan fortelja dei lokale tullingane korleis ting skal gjerast.

Det har heldigvis ikkje mangla på protestar mot denne utviklinga, sjølv om også motstanden kunne vore sterkare. Men å utvikla alternativa krev meir av oss. Teori og forsking står eigentleg ikkje i motsetning til praksis og erfaringar.

Om ikkje leiarane våre oppdagar det, er det opp til oss å finna og utvikla desse samanhengane.

ingrid.fiskaa@gmail.com

Artikkelen er oppdatert: 30. januar 2018 kl. 11.20

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk