Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Tap: Bendik Sørvig skriv godt om revolusjonen i Syria ved fem av dei som var med.

Etter opprøret

PÅ FLUKT FRÅ IS: Ei kvinne frå Raqa har søkt tilflukt i Tabqa. Foto: Delil Souleiman, AFP/SCanpix DELIL SOULEIMAN

Konflikten i Syria er komme over i ein ny fase, som vi kanskje kan kalle den tredje så langt. Opprøret starta som ein fredelig protest mot eit regime som hadde sitte ved makta i over førti år. Etter at protesten gjekk over i væpna kamp og borgarkrig, kom nye krefter til å dominere: Dei sivile og i stor grad sekulære opposisjonelle vart overdøyvd av islamistiske militsar og opprørsgrupper, mellom dei jihadistar som al-Qa’ida og IS. Ved overgangen til 2018 er desse gruppene i ferd med å bli nedkjempa, og to seierherrar står tilbake: på den eine sida regimet, på den andre dei kurdisk-dominerte militsane i nord, med respektivt Russland og USA som bakspillar på kvar side.