Klassekampen.no
Egenmelding:

Siste kulturoppleving: «Snøkvit» på Det Norske Teateret med niesene mine og julekonsert på jobben.

Les dagleg: Ja, eg er nettopp ferdig med ein krim av Jørgen Jæger som heiter «Stemmen». Elles les eg både internasjonale og norske aviser dagleg.

Mitt lydspor: Alt frå listepop til klassisk musikk.

Forbilde: Nei, ikkje forbilde, men det er mange eg beundrar. Som alle som gjer ein frivillig jobb til dømes.

Trur på: Ikkje noko religiøst, men eg trur på det rasjonelle.

Det verste eg veit: Urettferd.

Det folk ikkje veit om deg: Eg er særdeles dårleg på tekniske ting. Get-boksen min har no stått ved sida av tv-en sidan eg kjøpte han i april.

Små bølger trillar inn over stranda på Bygdøy i Oslo. Ein båt duppar og slepp ut kilovis av CO2 i horisonten. Ein fiskar har kasta ut snøret frå eit svaberg, kanskje med eit håp om å dra opp ein sjøaure frå fjorden. Han helsar idet han går forbi med fiskestonga i handa. Thina Margrethe Saltvedt helsar muntert tilbake. Det er stille. Lyset er slik det berre er ein kald vinterdag nokre dagar før sola snur, og eit år er omme. Om nokre timar blir himmelen raud, før sola går ned. Deretter blir det mørkt.

Den erfarne oljeanalytikaren har trekt hua nedover øyra, knytt skjerfet rundt halsen og dampar frostrøyk.

– Det er bekymringsfullt korleis klimaendringane begynner å påverka oss. Eg synst det går utruleg fort. Eg synst det er skremmande, seier ho.

I fleire år har Thina Saltvedt, som stort sett sløyfar mellomnamnet Margrethe, vore blant landets mest profilerte oljeanalytikarar. Heller ikkje Saltvedt såg at tusenvis av norske oljejobbar skulle forsvinna då oljeprisen raste og rundt 50.000 oljearbeidarar blei arbeidsledige, men elles har ho hatt treffsikre spådommar om oljeprisens ferd dei siste åra.

– Eg er ganske nøgd. Utanom då oljeprisen stupte, har eg treft bra.

På inn- og utpust kan Saltvedt fortelja Dagsnytt 18s lyttarar kva betyding skiferolja i USA har for etterspurnaden av olje på verdsmarknaden. Ho har eit godt brukt klippekort hos TV 2 Nyhetskanalen. Saltvedt forklårar korleis uroa i Midtausten verkar inn på prisen for eit fat olje framover. I Dagens Næringsliv fortel ho kva interne konfliktar i dei oljeproduserande landa betyr, og kva rolle ho trur Russland og Saudi-Arabia vil spela framover. Til E24 seier ho at prisen på olje nok stabiliserer seg på rundt 65 dollar fatet i 2018.

Fakta:
Thina Margrethe Saltvedt

Alder: 47 år.

Sivilstatus: Singel.

Bakgrunn: Sjefanalytikar i Nordea Markets. Doktorgrad i valutasikringsstrategiar.

Aktuell med: Sluttar som oljeanalytikar for å jobba med marknaden for grøn og fornybar energi.

Før jul blei det kjent at Saltvedt gir seg som oljeanalytikar. Etter ein ferie til Sør-Afrika saman med ei venninne, der ho håpar å sjå både elefantar og pingvinar, skal ho jobba i Nordeas avdeling for grøn energi og klima­risiko. Avdelinga held til i Stockholm, men Saltvedt blir verande i Oslo.

Da jobbskiftet blei kjent, var olje­lobbyens spydspiss, administrerande direktør i Norsk Olje og Gass, Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, raskt på pletten med ein karakteristikk av det tidlegare arbeidet hennar: «Hennes analyse av energimarkedet har lenge vært preget av at hun har eit sterkt engasjement for fornybar energi», sa han til NTB. Den spydige tonen til trass: Schjøtt-Pedersen har rett i at Saltvedt har eit sterkt engasjement for fornybar energi. Ho kan ikkje dra opp eit gamalt verv frå Natur og Ungdom frå den lange cv-en, men har dei siste åra lest seg opp på temaet.

– Eg har gått i to demonstrasjonstog i livet mitt. Det eine var for renta i 1993. Det andre var faktisk klimatoget no nyleg, seier Saltvedt.

Det taktfaste ropet frå protesten i 1993 mot den høge studielånsrenta dukkar opp. Saltvedt demonstrerer.

– Ein, to, tre: renta ned. Fire, fem: ned igjen. Seks, sju, åtte: Hernes er ei rotte. Ni, ti, elleve: penga ut av kvelvet. Den sit, seier ho og ler.

Studielånet er innfridd. No er det eit bustadlån ho jobbar med. Fleire aviser har tidlegare gjort eit poeng av at finansprofilen ikkje eigde si eiga leilegheit. Det skulle ein vasslekkasje til før ho kjøpte.

– Eg trefte nesten bustadtoppen, så det er jo godt gjort for ein økonom, seier ho og ler.

Oftare er ho grundig, som når tidlegare leiar for Verdens naturfond WWF Nina Jensen og Marius Holm i Zero har spelt inn alternative rapportar og data ho burde henta inn til analysane av oljemarknaden. Ho las og innsåg at ho hadde eit for snevert grunnlag.

– Dei hadde heilt rett i det. Det var ein augneopnar, seier ho.

– Oljeanalytikar er eit innarbeidd omgrep. Kva skal me kalle deg no?

– Eg veit då søren. Eg trur tittelen er noko slikt som senior advisor in sustainable finance. Trur eg.

– Det går ikkje i norske aviser.

– Nei, det gjer jo ikkje det. Eg skal jo framleis halda på med analysar. Bærekraftsanalytikar, foreslår ho.

På Bygdøy ruller bølgene inn.

– Det fyrste som slår meg når eg står her, er at det minner om heime.

Strandlivet om sommaren og skiturar om vinteren dukkar opp når Saltvedt tenker på barndommen. Med foreldre frå Nord-Trøndelag og ein storebror vaks ho opp ved sjøen på Nøtterøy i Vestfold. Barndommen inneheldt også ein draum om å bli ballettdansar.

– Det er herleg å gå langs stranda når det er ganske stille. Å høyra klukkinga frå sjøen. Å fiska krabbe.

Saltvedt gjekk realfagslina på gymnaset. Mens andre reiste på ekskursjon til Paris og Frankrike, reiste biologiklassen til Østfold og studerte flora og fauna langs stranda og livet på botn av fjorden.

Blant kameratane til storebroren var det ein gut som heitte Vidar. Innimellom fekk ho vera med dei å leika med pil og boge i skogen.

– Vidar var den snillaste av dei, seier ho.

Vidar melde seg seinare inn i Høgre og er no klimaminister i Erna Solbergs regjering. I dag møtest Saltvedt og Helgesen rundt same bord i regjeringas klimautval.

– Det er noko samlande ved eit slikt utval. Eg synst det er eit kjempebra tiltak. Politikken kan bli så lausriven frå industrien og det som skjer ute i marknaden. Når politikarane ønsker informasjon, er det minste me kan gjera å stilla opp og bidra, seier ho.

Etter at ballettdraumen brast i slutten av tenåra, la Saltvedt aksjane inn i ei økonomiutdanning. Delar av studietida la ho til England. Ho budde i Manchester. Der fekk ho også oppleva eit bankran.

– Eg var inni banken for å ta ut pund. Plutseleg forsvinn dama bak skranken ned på golvet. Fyrst trudde eg ho fekk hjarteattakk. Rullegardinene i banken gjekk ned. Då eg snur meg, ser eg at resten av lokalet er tomt. Det er berre ein mann med ei hette på seg der.

– Blei du redd?

– Han er på veg ut før eg skjønte at det var eit bankran. Det gjekk så fort. Eg blei redd i etterkant.

Saltvedt har også vore redd under fotballkampar i England, som vitne til at hooligans braka saman. Då hang politihelikoptera over fotballstadionet og store politihestar blei sendt inn for å stoppa bråkmakarane. Og under fotball-EM i England i 1996 gjekk den største bomba sidan andre verdskrig av på britisk jord. IRA stod bak bomba, som eksploderte i sentrum av Manchester. Saltvedt hugsar det godt. Ho venta besøk av broren.

– Dei sa på radioen at det var tre andre bomber i byen. Dette var før mobilen. Han ringde frå togstasjonen og sa dei var sperra inne, og at dei trudde det var ei bombe utanfor. Eitt kvarter seinare stod han utanfor døra mi. Det var eit langt kvarter, seier ho.

Saltvedt liker framleis å reisa til andre land, men det skal vera trygt. Lista over reisemål er lang. Ho ramsar opp Australia, New Zealand, Russland, Tanzania, Kenya, India.

Det er dette som er Saltvedts dårlege klimasamvett. Ho forsøker å redusera sitt eige klimafotavtrykk. Ho meiner det er viktig å sortera søppel, også fordi det er bevisstgjerande. Ho har ikkje bil.

– Eg veit om mi største synd. Eg er veldig glad i å dra på ferie, og då flyr ein jo. Eg har ikkje noko tru på at ein skal stoppa å reisa rundt. Det har eg ikkje tru på. Ein må få transporten rein, så fort som mogleg.

– Kor mange reiser har du i året?

– Det blir jo nokre. Men det meste er jo gjennom jobben, seier ho.

– Skal du reisa til og frå Sverige med fly?

– Ja, eg må jo det, skal eg rekka alt. Det er fint med toget, men det går ikkje like fort.

– Du er ikkje villig til å ofra flyreiser for klimaets del?

– Eg trur fly snart blir klima­vennleg.

Thina Saltvedt har også fått seg ein talarstol internasjonalt. I november møtte den norske oljeanalytikaren opp i Senatet i USA og snakka om prising av klimarisiko til både republikanarar og demokratar. Fyrste helga i desember stod eit klima­toppmøte i Kina på agendaen. Saltvedt fortel at ho blei fascinert av korleis kinesarane heilt grunnleggande sett endrar vekststrategien sin. Ho seier at Kina har sett at den industrielle veksten blant anna har ført til så mykje forureining i lufta, elvene og havet at fiskar døyr, jordsmonnet blir vanskeleg å dyrka og den kinesiske levealderen fell.

– Dei snakkar no om ecological civilization. Heile veksten i Kina skal komma, ikkje på kostnad av miljøet, men med miljøet i tankane. Det er ein så grunnleggande base i deira vekststrategi no, seier ho.

Kina har sett seg som mål å ha eit heilsirkulært samfunn frå 2030. Det er ambisiøst, meiner Saltvedt.

– At eit så stort land, med 1,3 milliardar menneske, kan gjera så store omleggingar er fascinerande. Det er klart at dei ikkje har eit demokrati, og det er lettare å få igjennom endringar, men det er dette som er i kjernen av vekststrategien deira. Det er det ikkje her. Me har eit heilt anna utgangspunkt, men det ligg ikkje i kjernen av vår økonomiske strategi. Her i Noreg er me villige til å ta nokre tiltak, men me er ikkje villige til å stå løpet fullt ut, seier Saltvedt.

Ho blir skildra som sta, med ein sterk sans for rettferd. Finansbransjen er ein mannsbastion. Saltvedt har tatt til motmæle mot menn som ikkje kan oppføra seg mot kvinner.

– Eg har sagt frå når eg har meint at ting er urettferdig, seier ho.

– Vil du gi eksempel?

– Eg trur ikkje eg vil det. Men eg har sagt frå om at eg synst det er for få kvinner, og eg har fortalt sjefen om ubehageleg møte med kundar.

Ho er blitt klappa på hovudet og har fått kommentarar for utsjånad.

– Det har sikkert vore hyggeleg meint. Men det er ikkje passande når menn får kommentarar for innlegga sine og eg for korleis eg såg ut. Det har noko med settinga å gjera, seier ho, men understrekar at Nordea er ein god arbeidsplass i så måte og at det er ute ho har møtt på kjipe menn.

– Er du opptatt av å laga eit kvinnefellesskap med andre og yngre kvinner i din bransje?

– Det håpar eg. Eg vil gjerne ha fleire damer inn i finans. Både fordi det er bra for miljøet og fordi det er spennande. Heilt konkret meiner eg at bedriftene må vera flinkare å tilsetta kvinner i leiande stillingar.

Ho meiner det er viktig at kvinner heiar på kvarandre.

– Er det nokon som har vore ekstra viktige for din karriere?

– Det har ikkje vore mange damer der. Dei som har vore viktige for meg, er familien min og vener. Eg har hatt ein trygg base å stå på. Dei har dytta med opp. Foreldra mine har vore veldig flinke. Dei har også sagt at eg må tola litt. Dei har sett meg på plass, og hjelpt meg når eg har trengt det.

Den tidlegare oljeanalytikaren bad sjølv om å få skifta jobb. Det tok ei stund før ho fekk gehør.

Det er ikkje berre fordi ho er uroa for klimaet og kloden at ho vil arbeida med marknaden for grøn og fornybar energi. Ho er ein arbeidshest. Ho jobbar lange dagar, kveldar og helger. Nyleg overførte ho tre ferieveker til det nye året. Ho vil til fronten.

– Eg har ei personleg interesse for klimaet, men ser du businessmessig på det, så er det ikkje tvil om at det er på dette området dei spennande tinga kjem til å skje framover, seier Saltvedt og snakkar i veg om kostnaden for sol- og vindenergi som fell, men at det ikkje berre er sol og vind som blir interessant framover, for det finst nesten ikkje grenser for kor kjempemykje spennande som kjem framover.

Saltvedt meiner finans har ei viktig klimarolle.

– Vår oppgåve er jo eigentleg å kanalisera pengane der dei gir mest avkastning. Det er jo det me skal bidra med. Det gjer me med å prisa risiko. Me er vane til å prisa risiko på utlån, kreditt og det som har med marknadsendringar å gjera. Men no når me ser kva utfordringar klimaendringane byr på, er me nøydde til å begynna å prisa klimarisiko. Rett og slett. Det skal inn i modellane våre. Det kjem til å få store følger. Det kjem til å bidra til å flytta pengane frå ikkje-klimavennlege til klima­vennlege løysingar, seier Thina Saltvedt.

– Kva er det du synst er mest skummelt med klimaendringane?

– Slikt som at permafrosten begynner å forsvinna – kva påverking får det? Gassar er bundne i det, og på Svalbard står husa i permafrost. Dei må flyttast, kanskje. Så har du havstigning. På Fiji har dei jo alt begynt å flytta ein del av befolkninga. Dyreartar forsvinn. Det synst eg er heilt tragisk. Og kanskje er det ikkje klimaet, men når du les om all plasten i havet, og ser bildet av denne kvalen med plast, så er det heilt grotesk. Eg blir flau av å tenka på kor lite omsyn me tar av naturen rundt oss, seier ho.

Ein liten flokk ender flaksar i det kalde vatnet før dei lettar.

– Neimen, sjå på dei, seier Saltvedt, men hentar seg raskt inn att.

– Ikkje minst er det klima­flyktningar. Det blir sannsynlegvis ei aukande utfordring. Korleis skal ein klara å hjelpa? Fyrst handlar det om å klara å hindra at ein kjem til det steget, men det spørst om me er tidleg nok ute til det. Det er utruleg mange aspekt ved det. Så er det forureining og korleis det påverkar helsa til den enkelte.

annekarih@klassekampen.no

christophero@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 30. januar 2018 kl. 10.58

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk