Klassekampen.no
Onsdag 3. januar 2018
El-bil: Pirrande, for nokre.
Uklar kommunikasjon er lite tiltalande.
Usexy ordbruk

«Sexy spisesteder» var Aftenposten-overskrift i november 2017.

Dei refererte ikkje til noko kjønnsleg; det var noko spennande og attraktivt. Liknande bruk av sexy såg eg i Dagsavisen. Og ein yngre stortingsrepresentant vart for nokre år sidan klubba av presidenten for bruk av sexy om eit politisk forslag.

Eg støttar presidenten. For dagens spalte dreiar seg ikkje om at «norsk ordbruk endrar seg» – ho handlar om mi meining. Og eg meiner det er heilt i orden å ha kvalitative meiningar om språk. Kvifor skulle noko så viktig som språk vera unnateke kvalitetsvurdering?

Så eg meiner den bruken av sexy som mange (litt yngre) tydelegvis likar, ikkje er bra. Ikkje fordi ordbruken er pirrande; slikt kan jo vera fint. Grunnen er: Det er ei bruksendring som er lite funksjonell.

Sexy oppstod i mellomkrigstida i USA som slang for «seksuelt eggjande».

Logisk nylaging, adjektivet er beinveges avleidd frå substantivet sex, «kjønn» (frå latin sexus), jamfør òg uttrykket «to have sex». Til Europa – og Noreg – kom adjektivet rundt 1960.

Etter tusenårsskiftet har det vorte overraskande utbreidd å bruka sexy om forhold som ikkje er knytt til kjønn eller seksualitet. Den nye bruken er eit tap. Han gir uklar, dysfunksjonell kommunikasjon. For me har haugevis av høvande adjektiv: spennande, attraktiv, pirrande, freistande, lokkande, tiltalande, sjarmerande ...

I 2018 ønskjer eg at me hiver denne nye og uklare bruken på dynga av mislukka påhitt. Det er lite tenleg å ha eit ord som tyder både «attraktiv» og «seksuelt attraktiv».

Eit anna fenomen eg har klar meining om, er bindestreken. Det er iaugefallande behov for avklaring. Avisene skriv den eine dagen e-post, den andre dagen epost. (Forkortinga e- står for elektronisk.) I bladet Motor såg eg elbil i overskrifta og el-bil i brødteksten like nedanfor. (Forkortinga el- står for elektrisk.)

Det burde på ingen måte vera forvirring. Den overordna regelen for bruk av bindestrek inni ord er nemleg at han skal nyttast for å unngå mistolking. Difor skal me skriva e-id når me talar om å identifisera elektronisk, eid om å sverja. Det er ikkje opplagt kva ein elbuss er. Meiner me ein elektrisk buss, bør det inn ein bindestrek.

Men – ordbøker på totusentalet fører opp e-post og elverk! Kvifor? Truleg fordi dei opererer med el, ikkje berre som forkorting, men òg som eige substantiv, eit innlånt kortord frå svensk. Søkt, etter mi meining, for el er knapt brukt som substantiv (i norsk). Difor varm støtte til Dag og Tid; dei skriv el-gitar!

Mitt syn er at rettskrivinga blir mest funksjonell og tydeleg ved å praktisera regelen om at i samansetningar der første leddet er ei forkorting eller eit bokstavord, skal me ha bindestrek. Utan unntak. Med unntak av ubåten, då, han var opphavleg «undervassbåt» ...

Skriv konsekvent pc-en, bh-en, tv-program, el-sykkel, x-akse, p-pille og altså e-post. Alt dette er for klårleikens skuld. For me skriv ikkje skitunge; det blir enten ski-tunge eller skit-unge.

sylfest.lomheim@gmail.com

Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.

«Det er heilt i orden å ha kvalitative meiningar om språk»

Artikkelen er oppdatert: 30. januar 2018 kl. 10.30
Onsdag 9. mai 2018
Ingen månad er så prega av kunnskapsprøving som mai. Her kjem eit bidrag til eldre som ofte er rådgjevarar, og til yngre som er utøvarar.Først -ning og -ing: -ing fortel om handling,...
Onsdag 2. mai 2018
Den 1. mai byrja i 1889. Og rørsla, die Bewegung, the movement, le mouvement har halde seg. Fordi mange nok stiller opp. Men eg melder eit sakn: Eitt ord var mykje fråverande i talane i går,...
Onsdag 25. april 2018
«Wara for Listhaug» var Klassekampens kreative overskrift i byrjinga av månaden. Den nye ministeren kom som vara for den tidlegare ministeren... Ein desktiar og blink me ikkje ser kvar dag. Etternamnet til...
Onsdag 18. april 2018
Aker og Acer, fru Blom? Acer er, dessverre, i ferd med å bli eit av årets ord. Kva tyder det eigentleg, dette som også går under omtalen «den tredje...
Onsdag 11. april 2018
Livet vaknar i april. Latin aprilis er «den som opnar (året)», opplyser norske ordbøker. Den autoritative franske Grand Robert skriv derimot at april har kome frå gresk
Onsdag 4. april 2018
Turid Farestvedt (og nokre til) lurer på dette med aksentar. Ho ser eg skriv òg (også), for å skilja det frå bindeordet og. Uttalen er jo den same – /åg/. Eit betimeleg spørsmål.
Onsdag 28. mars 2018
Eg vil på ingen måte vera respektlaus i påskeveka. Men det er så mykje påskestoff i dei fleste aviser at eg i dag vel å skriva om noko så aktualitetsuavhengig som ‘skål’. Eg presiserer igjen, for å møta all eventuell...
Onsdag 21. mars 2018
Ein vaken lesar, Tore Været, gjorde merksam på at i same nummer av Klassekampen som eg skreiv om forleddstilknyting, stod det, tre sider lenger bak, om ferjefri E39 på Vestlandet. SV ville slå eit slag for

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk