Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Rasmus Steinsvik er eit tidleg døme på ein radikalisert og einsam idealist – som med åra vart meir pragmatisk og appelerte til folket.

Venstrepopulisme gjennom isen

© Illustrasjon: Knut Løvås, knutlvas@gmail.com

Ein våt og vasskald vestlandsvinter tidleg i 1890-åra. Ein einsam ung mann vandrar over heiane, bærande på ei bunke pamflettar og nokre lengre essays i skreppa si. Han frys og er kald, ser knapt noko føre seg i snø-sluddet som stevar kring han. Og så er han våt, gjennomvåt – for han har tråkka uti isen på eit vatn, men heldigvis klart å redda papira han hadde med seg i skreppa. Han kunne lett ha frose i hel om han ikkje hadde fått husly raskt etterpå.