Tirsdag 2. januar 2018
SPELA INN PÅ 15 DAGAR: Henrik Martin Dahlsbakken (t.h.) instruerer Benjamin Helstad på dei effektive opptaka av den premiereklare «Rett vest». Foto: Eirik Evjen
Filmskapar Henrik Martin Dahlsbakken er eit produkt av eige talent og dei regionale filmfondssatsingane:
Rett vest frå Innlandet
ONA FYR: Ingar Helge Gimle som Georg Margrethe i «Rett vest». Foto: Tour de Force
– I 2018 når eg grensa for kva eg kan oppnå med både å skriva, regissera og produsera eigne filmar, seier Henrik Martin Dahlsbakken.

film

Inkludert premieren denne veka har filmskapar Henrik Martin Dahlsbakken tre spelefilmar klare i 2018.

– Da har eg tatt ut det potensialet som finst i å laga eigenproduserte filmar for budsjett opp til fem millionar kroner, seier Dahlsbakken til Klassekampen.

Den sjølvlærte 28-åringen er eit produktivt unikum i norsk film. Fredag slepper han komedien «Rett vest» på kino. Det er hans fjerde langfilm på tre år. To til kjem før året er omme, med det betyr ikkje at filmskaparen set kvantitet framfor kvalitet.

Debuten «Å vende tilbake» vart i 2015 norsk Oscar-kandidat. Skodespelarane elskar auteuren og imponerer i roller som Dahlsbakken ofte har spesialskrive for dei.

I fjor vart Bente Børsum prisa av Filmkritikarlaget for sitt spel i thrilleren «Sensommer». I den hjartevarme landevegskomedien «Rett vest» møter vi to andre veteranar frå Dahlsbakkens filmar: Benjamin Helstad spelar den arbeidslause vikarlæraren Kasper og Ingar Helge Gimle hans nerveslitne far, transen Georg Margrethe. Saman reiser dei til Ona fyr for å heidra Kaspers døde mor med å delta i NM i quilting.

Fakta

Henrik Martin Dahlsbakken:

• Sjølvlært norsk filmskapar (f. 1989 på Hamar).

• Har skrive, regissert og produsert seks novellefilmar sidan 2010 og fire langfilmar sidan 2015.

• Driv selskapet Filmbros saman med blant andre sin bror og faste fotograf Oskar Dahlsbakken.

• Aktuell med roadmovie-komedien «Rett vest» som har kinopremiere på fredag.

Dalsbakkens metode

Overfloda av ambisiøse filmforteljingar og det halsbrekkande lanseringstempoet krev disiplin. Ein kan snakka om Dahlsbakkens metode. I tillegg til eit brennande engasjement for historiene, som han sjølv skriv og regisserer, har Dahlsbakken vilje og evne til å organisera ein filmproduksjon frå finansiering til lansering. Selskapet Filmbros, som held til i fødebyen Hamar, er bygd opp utanfor eit fåtal, dominerande, norske produksjonsmiljø.

– Eg har aldri hatt ambisjon om å bli filmprodusent, men eg har eit «gründer-gen» som gjer at eg også trivst med å få budsjett til å gå opp og finna ut av korleis ein mest effektivt kan bruka eit fåtal lanseringskroner, seier han.

Henrik Martin Dahlsbakken byrja å laga film med venene sine ute på Domkirkeodden alt i tolv-årsalderen. Sidan har fleire av jamaldringane vorte profesjonelle filmarbeidarar i Filmbros. Regissørens to år yngre bror, Oskar, er no fast filmfotograf. Sjølv har Henrik Martin Dahlsbakken lært av å systematisera praksis, i staden for å søka seg til filmskolar som den i nabobyen Lillehammer.

– Filmar vil alltid visa kor ein filmskapar står i livet, og i staden for å venta til eg blir «flink nok», lèt eg filmane veksa i lag med mine erfaringar.

Når Dahlsbakken har raffinert sitt talent som visuell forteljar gjennom eit titals filmar i novelle- og langfilmformatet, har det også vore mogleg på grunn av ein streng, sjølvutvikla produksjonsmal, som gjev fleksibilitet nok til å produsera eit breitt spekter av forteljingar innanfor eit lite budsjett, utan å gå på akkord med kvalitet. Dahlsbakken investerer si eiga løn som manusforfattar, regissør og produsent i filmane, medan skodespelarane har godtatt flat løn som ligg noko over skodespelarforbundets minstesats.

– Eg veit akkurat kva slags historier eg kan formidla innanfor dei rammene eg har, og eg er svært disiplinert på settet. «Rett vest» vart spela inn på 15 godt førebudde opptaksdagar og med eit fast team på eit titals folk bak kamera.

Regionale fond

For det store publikum var Dahlsbakken eit nytt namn, da han langfilmdebuterte med «Å vende tilbake» i 2015. Også denne filmen var eit far-son-drama. To brør legg ut på leit etter far sin, ein traumatisert Afghanistan-veteran (Ingar Helge Gimle), som forsvinn på jakttur i Rondane. Dei fleste filmane til Dahlsbakken er tatt opp i Innlandet, som både er barndomstraktene til filmskaparen og kjelda til finansiering av filmane.

– Naturen spelar ofte ei eiga rolle i filmane mine, det er eit kunstnarisk val. Samstundes hadde eg ikkje fått laga ein einaste av dei utan den lokale satsinga på regionale filmfond.

Østnorsk filmsenter og investeringsfondet Filminvest, som dekkjer Trøndelag, Hedmark og Oppland, har vore nøkkelinstitusjonar for filmane, som alle har eit budsjett på mellom tre og fem millionar kroner. Etterarbeidsselskapet til Nordisk Film, Shortcut, og den danske salsagenten Level K har også vorte viktige for realiseringa av filmane.

Utanlandslansering

Dahlsbakken har alltid tenkt utover den norske kinomarknaden, og arbeidd for å få filmane sine på utanlandske festivalar. Utanlandsavdelinga til Norsk filminstitutt har med sitt kontaktnett vore den eine, men viktige statlege støttespelaren for filmskaparen. «Rett vest» har alt vorte testa på publikum ved fleire utanlandske festivalar, før den norske kinopremieren fredag.

– Det var ei stor lette, då filmen gjekk rett heim blant publikum på CPH: PIX i København i haust.

Dei tidlegare filmane til Dahlsbakken har faktisk gjort det betre i utlandet enn heime. Skrekkfilmen «Cave» har vore ein liten suksess på heimekinomarknaden i Asia, og kortfilmen «Takk for turen» har med sin aldrande homokjærleik funne klangbotn og vunne ei rad prisar verda over.

Nye samarbeide

Dahlsbakken tenkjer langt framover og haustpremierane er alt langt på veg klare. Blant dei er lærar-elev-dramaet «En affære» med Andrea Bræin Hovig og Tarjei Sandvik Moe.

– «En affære» er nok det mest sofistikerte eg har laga til no. Eg kjem ikkje lenger kunstnarisk innanfor dei rammene eg har no.

Så har då også større produsentar fått augo opp for Dahlsbakken, og han utviklar no filmar for fleire selskap. Blant det som er i kjømda er ein julekomedie, med manus av Erlend Loe for Nordisk Film og ein varulv-musikal (!) for Miso, som blant anna har produsert tv-seriar som «Frikjent».

guri.kulaas@klassekampen.no

Tirsdag 16. januar 2018
Regjeringen vil bevare Nasjonal­galleriet som visningssted for kunst. Arkitekt Fredrik Torp mener bygget bør vies til eldre kunst.
Mandag 15. januar 2018
Kunsthøgskolen i Oslo er preget av fryktkultur og usunne maktforhold, sier tidligere student Inés Belli. Hun mener yrkesetikk må inn i alle kunstfagene.
Lørdag 13. januar 2018
I dag er det stiftelsesmøte for den nye forfatterforeningen Norske forfattere. Initiativtaker Jan Ove Ekeberg varsler at de vil kreve en del av vederlagsmidlene fra bibliotekutlån.
Fredag 12. januar 2018
Kjønnsperspektiver er nesten fraværende på jusstudiet i Oslo, viser en ny rapport. Vold mot kvinner er blant temaene som ikke står på pensum.
Torsdag 11. januar 2018
Flere aktører i kulturlivet håper Venstre-leder Trine Skei Grande blir ny kulturminister. Også opposisjonen tror at en Venstre-statsråd vil gi bedre kår for kulturlivet.
Onsdag 10. januar 2018
Språkrådet frykter at manglende norskkrav til nyansatte ved Høgskolen i Oslo og Akershus vil gjøre det vanskelig å sikre norsk fagspråk.
Tirsdag 9. januar 2018
Ledelsen ved Kunsthøgskolen i Oslo har gjennom flere tiår fått høre at en ansatt skal ha drevet seksuell trakassering. Det første varselet skal ha kommet ­allerede i 1995.
Mandag 8. januar 2018
Det er smertefullt å få avslag fra For­fatterforeningen. Likevel må terskelen for medlemskap forbli høy, sier Hanne Ørstavik.
Lørdag 6. januar 2018
Politikerskandaler er en viktig del av demokratiet, men de stiller sterke krav til presseetikk, sier medievitere.
Fredag 5. januar 2018
Morgenbladet ruster opp på nett med hjelp fra sju nye ansatte. Det kan utløse rundt tolv millioner kroner i pressestøtte.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk