Lørdag 23. desember 2017
Rastlaus: Sigbjørn Obstfelder foreviga av Edvard Munch i 1896. Illustrasjon: Frå boka
«En mærkelig mand»
Heildekkande: Hanne Lillebo har satt seg føre å skriva den ultimate Obstfelder-biografien. Til tider kan det bli vel mykje av det gode.

Melding

Ein mann gjev ut ei diktsamling i 1894, genial i sitt eksperimentelle formspråk. Eit par tynne prosabøker følger. Så døyr han plutseleg, 33 år gammal. Denne mannen heiter Sigbjørn Obstfelder (1866–1900). Men kven er han?

Faren er bakarmeister i Stavanger. Han klarer seg godt, og mora går stort sett gravid. Om eg har telt rett, er Sigbjørn eitt av parets fjorten barn. Åtte døyr heilt små. Fire av dei som lever opp blir alvorleg sinnslidande. Etter kvart går det same vegen med faren, som nå er enkemann og lever i fattigdom. I vaksen alder er broren Herman den einaste Sigbjørn står i jamnleg kontakt med.

Som elev på Katedralskulen i Stavanger, og seinare som student i Oslo, markerer Sigbjørn seg både fagleg og sosialt. Han er den sentrale personen i miljøa begge stader, den som med bråmogen intelligens kan levera både intelligent humor og seriøse føredrag om viktige tema i tida.

Mange vil nok kjenna at brikkene fell på plass når dei blir klare over kor enormt mykje tid Obstfelder brukar på fiolinspelet sitt. Dikta hans er oppløyste og modernistiske i forma, men like fullt påfallande musikalske.

Det er noko rastlaust i personlegdomen hans. Han bytter studier, fleire gonger. Han flyttar etter broren til USA. Han byter arbeidsplass, han byter by, han vender heim til Europa. Og kjem fram til Kristiania som nervevrak, kler seg naken og hylar og skrik framføre den fine borgarlege familien til ei jente han er interessert i. Så blir det Gaustad.

Fakta

BIOGRAFI

Hanne Lillebo

Obstfelder

Gyldendal 2017, 704 sider

Etter asylopphaldet kan det sjå ut til at han blir fullstendig paralysert i sosiale samanhengar. «Digte» (1893), får mykje merksemd, romanen «Korset» (1896) blir gjennombrotet. Nå vender han heim til Stavanger på eit kort besøk. Under den selebre middagen som heilt eller delvis må ha vore til hans ære, seier han ikkje eit kvekk. Før han snik seg vekk, og gjestene etter kvart høyrer at han spelar, verkeleg imponerande, ein annan stad i huset. Alexander Kielland går inn til han, og dei blir sittande og snakka heile kvelden. Etterpå seier Kielland: «Det var en mærkelig mand.»

Blyg, men rastlaus. Etter debuten er han stadig på flyttefot mellom Europas hovudstader. Han lever på forlagsførskot, på arbeidsstipend, på lån frå alle han kjenner. Trass blygskapen er han inne i dei nordiske kunstnarmiljøa, alle stader han kjem. Det skin klart igjennom at han er liten og stakkarsleg å sjå til, upraktisk og forvirra. Såleis handlar ein vesentleg del av Christian Krohgs humoristiske intervju med han i VG om «en rigtig Fiskekjærringparaply» Obstfelder har med seg, som han stadig mister og får att, og som han fortel i det vide og det breie om.

Som ein ironi ein ikkje er heilt ukjend med, forelskar den blyge mannen seg i den mest utåtvende og flørtande kvinna ein kan tenka seg. I København held grossererdatter Ingeborg Weeke både Obstfelder og den danske lyrikaren L.C. Nielsen varme, temmeleg varme, i eit særs langt utstrekt trekantdrama.

Men det ender med at ho vel Obstfelder. Dei gifter seg i 1898, og så er dei to som reiser rundt i Europa. Han forsøker å skriva, ho renn rundt på sjappene og pratar med kunstnarar om bøker som handlar om «erotik, aldrig andet end erotik». Før han døyr, etter at halsondet han har hatt nokre månader visar seg å vera fullt utspreidd tuberkulose. 29. juli 1890 døyr han, og han blir gravlagd 1. august. Same dag kjem hans einaste barn, dattera Lili, til verda.

Det er ein moderne biografi Hanne Lillebo har skrive. Ho held seg tett til kjeldene, siterer og reflekterer i hovudsak over dei skriftlege spora ein har å gå etter. Forma blir derfor meir dokumentarisk enn i den klassiske biografien, som utan tydelege referansar skriv kjeldeopplysingane inn i biografens eige språk og nærmast har den formfullendte romanen som førebilete.

Lillebo har tydelegvis hatt som mål å skriva den ultimate Obstfelder-biografien. Dette til glede for den stormande interesserte. Men mange vil nok finna eit kapittel på 90 sider om to år i forfattaren sitt liv noko i meste laget. Det er grenser for kor mange brev med bøn om å få låna pengar ein finn spenning i å lesa, liksom. Reint parodisk blir det når Obstfelder skal flytta til USA. Sidan Lillebo ikkje veit kva bagasje han hadde med seg, refererer ho kva ein kamerat av broren hadde med seg då han utvandra, nokre år tidlegare. Alt listar ho opp, heilt ned til dei åtte para med strømper, av dei fire par ullstrømper.

Ein biografi er ikkje ei litteraturvitskapeleg avhandling, det er klart. Men ein saknar litt forklaring på det som går føre seg i Norden i åra fram mot Obstfelders debut. Hamsuns «Sult-fragment», Georg Brandes’ introduksjon til Nietzsche og debatten om «ny-idealismen» – alt dette i 1888 – gjorde at det nye på 1890-talet var vel førebudd. Obstfelders dikt var uttrykk for noko ein gjekk og venta på. Dette er fenomen han må ha kjent til for å skriva som han gjorde, og for å finna ein forleggar som var villig til å gje det ut. Obstfelder inspirasjonskjelde, danske JP Jacobsen, burde òg fått ein skikkeleg presentasjon.

Når det er sagt, skal Hanne Lillebo ha honør for å ha skrive ei alldeles heildekkande framstilling av det ho har set seg føre å skildra, nemleg Obstfelder sitt liv. Her er mykje å bli overraska over, mykje å tenka over etter endt lesing.

bokmagasinet@klassekampen.no

Lørdag 14. april 2018
Stillfaren: Cathrine Knudsen skriv eigenarta undersøkingar om vilkåra for liv i det tekno-kapitalistiske komplekset.
Lørdag 7. april 2018
Boligdrøm: Marit Eikemos romaner skildrer behovet for til­hørighet, et sted å bo med sine nærmeste, hvis man har noen.
Lørdag 24. mars 2018
Kraft: Hvordan former vold og frykt mennesker og samfunn?
Lørdag 17. mars 2018
Skurrar: Kaj Skagen skriv rikt og ofte råkande om norsk tru og tanke, men i samtidsdiagnosen brusar han med lånte fjør.
Lørdag 10. mars 2018
Poengtert: Mary Beard manar til medvit om makt.
Lørdag 3. mars 2018
Nøysemd: Svend Brinkmann vil gjere oss til sekulære protestantar.
Lørdag 24. februar 2018
Uro: Elena Ferrante tegner opp voldens historie i kvinneliv.
Lørdag 17. februar 2018
Lange linjer: Jürgen Kocka utfordrer dem som gjerne ser på ­kapitalisme som en naturtilstand.
Lørdag 10. februar 2018
Bæ: Anna Blix skriv om korleis våre ulne vennar byggjer landet.
Lørdag 3. februar 2018
I ‘Negasjonens diktere’ (2003), det korteste essayet i Rune Skarsteins stimulerende utvalg av Hans Magnus Enzensbergers essays og dikt, utroper forfatteren «Det kommunistiske manifest» til mesterverk. Ikke fordi han er kommunist, det er han aldeles...

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk