Klassekampen.no
Torsdag 14. desember 2017
Eleven og læraren: Rey, den karismatiske Daisy Ridley, og Luke Skywalker, den aldrande Mark Hamill som spelar betre enn sitt unge sjølv.Foto: Disney
Kledeleg ironisk
For langt, men morosamt Star Wars-kapittel.

FILM

«Star Wars: The Last Jedi»

(USA, 2017)

Regi og manus: Rian Johnson.

Basert på George Lucas’ karakterar

Med: Daisy Ridley, Mark Hamill, John Boyega, Adam Driver, Oscar Isaac, Andy Serkis, Domhnall Gleeson, Kelly Marie Tran, Laura Dern.

Lengde: 2 t. 31 min.

melding

HHHHII

Det irriterande med dei nye Star Wars-filmane, er at dei blir laga. Dei er produkt frå ein kommersiell maskin bygd opp kring George Lucas’ lågbudsjetts-trass mot filmindustrien i 1977: Lucas insisterte då på å laga det han sjølv lysta, som var å flytta urgamle myteforteljingar ut i verdsrommet, uavhengig av om dei leiande filmprodusentane trudde det ville vera lønsamt eller ikkje. I dag er denne drivkrafta bak «Star Wars» snudd til sin motsats. Det tar bort mykje av gleda ved å sjå underhaldande, velspelt og visuelt flott eventyrfilm, som «Star Wars» igjen har vorte under J.J. Abrams («The Force Awakens»), Gareth Edwards («Rogue One») og no Rian Johnson. Denne gruppa av mellomaldrande Lucas-fans har vakse opp med originalfilmane og har med stor suksess nytolka 1970- og 80-talsfilmane, samstundes som dei med lett hand fornyar det visuelle formspråket frå den første trilogien.

Medan «Rogue One» var ei mørk sideforteljing til «A New Hope» (1977), held handlinga i «The Last Jedi» fram der den lettare og meir leikne «The Force Awakens» slutta. Den nye, aspirerande jedi-lærlingen Rey (den svært karismatiske Daisy Ridley) står ansikt til ansikt med den aldrande Luke Skywalker (ein god Mark Hamill). Guten som hadde lærlingrolla i originalfilmane har vorte ein avvisande eremitt, som fornektar jedireligionens evne til å verka for dei gode kreftene i universet. Med uttrykkslaust fjes kastar Luke lyssverdet sitt bak aksla og ut over ein bergvegg når Rey høgtidsamt gjev han våpenet, som ei bøn om å bli elev hos den gamle meisteren. Den tidlege scenen er uventa, komisk og ganske talande for den godt handterte sjølvironien i «The Last Jedi». Om J.J. Abrams greidde å blåsa liv i eit modernisert og mangfaldig rollegalleri, tar Johnson fornyinga eit kjærkomme steg vidare med å problematisera helterolla og heroisme. Luke Skywalker trur ikkje lenger at den einskilde kan endra verda til det betre, fordi konsekvensane av våre handlingar alltid er uoverskodelege, og jo sterkare vi prøver å påverka historias gang, jo meir alvorleg blir dei uventa følgjene. Han har feila sjølv med Kylo Ren (Adam Driver i ei rolle som er vanskeleg å gjera truverdig). Ein liknande lærdom må flygaresset Poe (Oscar Isaac) og den avhoppa stormtrooparen Finn (John Boyega) læra.

Den personlege heroismen får ein annan klangbotn enn den vi i si tid fann i smuglaren Han Solos val om å kjempa for ei større sak enn sin eigen pengepung.

Rian Johnson legg eit sosialt (og økologisk) aspekt til den lange kampen mellom den demokratiske Republikken og det autoritære (fascistiske) Imperiet/ Den nye orden. I «The Last Jedi» er den diktatoriske «Øvste leiaren», Snoke (Andy Serkis), like stereotyp som alle imperiale keisarar før han i sagaen, men dei som held terrorregimet oppe er profittørane, våpenhandlarane som tener på evig krig og som slavebind samfunn med menneske, dyr og natur, for å kunne nyta rikdomen dei har stole frå fellesskapen. Dette er eit friskt perspektiv, og Johnson, som blant anna har regissert «Breaking Bad», greier å fletta parallelle handlingstrådar på overtydande vis, men det er for mange, lange scener, med repetetivt innhald som med fordel kunne vore korta ned.

guri.kulaas@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 14. desember 2017 kl. 17.47

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk