Klassekampen.no
Torsdag 14. desember 2017
Malurt i begeret: LSD, mord, dødlege avhøyrsteknikkar, bakteriologisk krigføring og ein 60-årig tildekkingsoperasjon er kva vi får presentert i «Wormwood». Foto: Netflix.
Eric Olson lurte på om faren vart myrda av CIA i 1953. 64 års gransking har gjort han til Hamlet.
Malurt i glaset og landet
Noko er rote i USA, men den shakesperianske krimhistoria er briljant laga.

«Wormwood»

(USA, 2017)

Regi: Errol Morris.

Manus: Steven Hathaway, Molly Rokosz, Kieran Fitzgerald.

Med: Eric Olson, Errol Morris, Scott Shepherd, Tim Blake Nelson, Molly Parker, Bob Balaban.

Lengde: Seks episodar på 45 min.

Vist på: Netflix frå 15. desember.

melding

HHHHHH

Ei natt i november 1953 fór den militære biokjemikaren og trebarnsfaren Frank Olson ut gjennom det lukka glaset på rom 1018A i 13. høgda på Statler Hotel i New York. Han døydde på gata like etter. Heime i Maryland venta den niårige sonen Eric. Verda gjekk av hengsla for guten, og han skulle aldri greia å slutta å tenkja på lagnaden til faren. Ikkje berre var han død, uventa riven borte under ei kort jobbreise rett før familiehøgtida Thanksgiving. Det verste var at farens kollegaer ved den biokjemiske forskingsavdelinga i Fort Detrick i Maryland, og deira reisefølgje frå CIA, vekselvis forklarte at Frank hadde «hoppa», «stupt» og «falle» ut vindauget. Dei sa at det hadde vore sjølvmord, men også at det hadde vore ei ulukke. Korleis kunne orda henga saman? Dei gav ikkje logisk meining.

Frank Olson-saka har versert i amerikanske media med ujamne mellomrom fram til i dag, etter kvart som nye opplysingar har komme til. Likevel treng vi ein filmskapar som Errol Morris og hans komplekse intervju- og montasjeteknikk for å få oversyn over dei politiske og personlege konsekvensane av saka, inkludert Erics Olsons lange og etter kvart sjølvdestruktive misjon om å finna sanninga om farens død. For når kan ein seia at ein har gått djupt nok, at den sanninga ein sit med er god nok? Er det nok når det i kjølvatnet av Watergate og granskinga av dei hemmelege tenestene i 1975 kjem fram at faren var offer for eit uetisk LSD-eksperiment? Eller er det nok når det på 1990-talet kjem fram at LSD-historia er ei dekkhistorie, at faren har vore involvert i utvikling av bakteriologiske våpen og biokjemiske avhøyrsteknikkar, for så å ha utvikla eit for CIA uvelkomme samvit?

Eric Olsons liv endra seg i 1953 og har skrudd seg til sidan. Han er vår personlege vegvisar gjennom «Wormwood», og i intervju med Errol Morris vedgår han at historia hans er «ei åtvaring» til andre. Til å vera eit «besett» menneske, er Eric Olson overraskande rasjonell.

Han er utdanna psykolog frå Harvard, og den akademiske forskarballasten har halde han i nokolunde balanse, hevdar han sjølv. Samstundes som hans eksperimentelle utprøving av bildecollageteknikkar i terapeutisk samanheng har påverka formspråket til serien på eit interessant vis som yter til Errol Morris’ frå får kjende retoriske repertoar.

Medan Erics mor ville «gå vidare i livet» i 1953, og etter kvart vart redd for å få svar på spørsmåla sonen stilte, ville Eric koma til botnen i mysteriet.

Det vil han enno, etter 64 år, etter ei heilt unik personleg orsaking frå både president Gerald Ford og CIA-sjef William Colby i 1975, ei kongresshøyring same år, ei storjury-gransking på 1990-talet og eit søksmål mot den amerikanske staten i 2014.

Frank Olsen har vorte farsspøkjelset som seier «Hugs meg!» til Eric Olsons Hamlet. Dei nifse likskapane mellom Shakespeares tragedie og Olsen-familiens lagnad, til liks med dei mange utrulege samantreffa i denne historia, er meir enn nok til å blåsa jamvel den nøkterne sjåar bakover i stolen.

Errol Morris er filmskaparen som endra dokumentarfilmsjangeren og «true crime»-forteljingane med gjennombrotsfilmen

«The Thin Blue Line» (1988). Her brukte han rekonstruksjon av hendingar til å løysa eit mord og eit justismord med sosial slagside, ein mannsalder før «Making a Murderer».

Mord er ikkje berre noko individ, men også statar kan står bak. Ikkje minst var det tilfelle under den kalde krigens blodige kamp om informasjonsovertak via dei hemmelege tenestene og i proxykrigane frå Korea og framover. Denne mistrua til staten har prega Morris, som vart vaksen under Vietnamkrigen. Han har blant anna gått djupt inn i spørsmåla i den Oscar-vinnande portrettfilmen av tidlegare utanriksminister Robert S. McNamara, «The Fog of War» (2003).

Errol Morris vil, til liks med Eric Olson, ikkje la staten USA sleppa unna med løgn og skoddelegging av eigne brotsverk. Det har også spora han til å gå laus på den såkalla krigen mot terror, blant anna gjennom Abu Ghraib-filmen «Standard Operating Procedure» (2008) og intervjuet med det motvillige portrettobjektet Donald Rumsfeld («The Unknown Known», 2013), som var forsvarsminister under George W. Bush og (til liks med Dick Cheney) sat i administrasjonen til Gerald Ford då Olson-saka vart aktualisert! Alt kjem saman her.

I «Wormwood» tar Morris sin rekonstruksjon av faktiske hendingar til eit nytt nivå som plasserer filmen mellom alle sjangrar, jamvel om alt som vanleg er nitid etterforska og støtta av store mengder arkivmateriale. Sakte, men sikkert dreg Morris det heile saman med bibelsk tyngd. «Wormwood» er malurt på norsk og bind saman Shakespeare med Johannes’ openberring og USAs hemmelege krig mot andre statar og eigne opposisjonelle borgarar. Det er i sanning apokalyptisk.

guri.kulaas@klassekampen.no

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk