Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Gata

  • «Jeg gikk opp Karl Johans gate og grøsset», sa Londons antiterrorsjef, Nick Aldworth, då han vitja Oslo i november. Det er ikkje så rart: I Nice, Stockholm, Barcelona og mange, mange andre byar har vi dei siste åra sett forferdelege terroråtak der bilar har køyrt inn i menneskemengder. Berre nokre dagar etterpå var responsen der: Tunge blomekassar, betongringar og benkar var plassert ut. Oslos byrådsleiar Raymond Johansen hadde stadfesta til Aldworth at tiltaka ikkje var langt unna.