Klassekampen.no
Tirsdag 12. desember 2017
Søsterskap: Kvinnene i serien «The Handmaid’s Tale».
Plutseleg gjekk me rundt og mumla gloser på latin.
Ikkje la dei ta deg

Det er få glimer av håp i HBO-serien «The Handmaid’s Tale». Me følgjer hovudpersonen Offred (spela av Elisabeth Moss) og hennar raudkledde medsøstrer i ein dystopisk framtidsvisjon der ei gamaltestamentleg sekt har teke over makta. Kvinner som Offred blir kalla «handmaids» – eller «tenarinne» – fordi dei er av dei få kvinnene som framleis kan bæra fram barn i ei verd øydelagt av kjemiske utslepp.

Tenarinnene (eller – sexslavane for overklasse­fiffen, om du vil) går med bøygde nakkar i banale kvardagar prega av handleturar og gudfryktige samtalar med tomme uttrykk som «praised be» og «blessed be the fruit». Kvinnene kan ikkje gå der dei ønsker. Tenarinnene blir oppmoda om å tysta på kvarandre for å hindra noko form for samhald og motmakt. Det sikrar at kvinnene er atomiserte, isolerte og fiendar av kvarandre.

Men ikkje alt er mørke. Ein dag når Offred er ekstra nær å gå frå vitet, legg ho seg ned i det vesle garderoberommet sitt. Heilt nede langs veggen ser ho nokre bokstavar rissa inn i veggen – «Nolite te bastardes carborundorum». Ho finn seinare ut at det betyr «Don’t let the bastards grind you down» – «Ikkje la jæklane ta deg». Orda er skribla inn av ei tenarinne som til slutt ikkje orka meir, men som innstendig ber kvinna som kjem etter henne, om å halda ut.

Korleis finna rom for motmakt og motmæle i ekstremt undertrykkjande samfunn? Dette spørsmålet kvernar igjen i heile serien, basert på boka til den kanadiske forfattaren Margaret Atwood. Serien viser kor lite som skal til for å kveika eit opprør: Først Offred sine valdsfantasiar mot overklasseparet som held henne fanga; så desse orda på latin skribla ned i desperasjon av ei ukjend kvinne. Sakte veks Offred si erkjenning over at ho ikkje er åleine.

Margaret Atwood har uttalt at alt som skjer i «The Handmaid’s Tale», har skjedd i røynda også, på ulike stader, til ulike tider. Det fascinerande med boka og serien er ikkje berre den orwellianske dissekeringa av totalitære samfunn, men også utforskinga av alle sprekkene i slike konstruksjonar.

Offred si erkjenning av at ho ikkje er åleine, basert på solidaritet og attkjenning av andre kvinner sine historier, ber eit potensiale til makt. Ei slik makt som me igjen kan finna i noko så verdsleg som ein twitterkampanje.

Maria Lavik

marial@klassekampen.no

«Kvinnene er atomiserte, isolerte og fiendar av kvarandre»

Artikkelen er oppdatert: 29. desember 2017 kl. 15.46

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk