Klassekampen.no
Tirsdag 12. desember 2017
Småtingsminister

Pling frå dørklokka laurdag formiddag. Utanfor, to danske herrar, nærare 60, som ville snakke om Jehova.

– Hva ville du gjøre hvis du var ghotd?

–? –Åh, GUD?

Du allmektige, -eg som berre hadde førestilt meg kva eg ville gjera om eg var herre over små ting. Slikt som gjer det lettare for «alle innbyggarane i hele landet». Forresten rart at ikkje det målet ligg i botn for alle partiprogram?

Der sto eg halvvegs i døropninga, i fleecedress, og fekk vera Gud? Straks stoppe vald mot menneske og miljø, stoppe uvettig spill av blod? I ein svimlande fart flytta eg regjeringa til Vardø for eit år, og eg rakk å glede meg over det som skjedde til dømes med jernbane, fiskeri og forholdet til Russland, før eg gjekk over til å samle ein hærskare menn for å få dei til å drøfte forvaltning av aggresjon og seksualitet utan å plage andre. Så kom eg på at ingen gud kunne ordne det, ingen damer heller, slikt må menn sjølve ta tak i ...

Nei, det var nok som Småtingsminister eg kunne utfolde meg:

Alle som får løyve til å drive butikk/servering skulle vera pålagt å rigge til den vesle rampa som trengst for å kome inn med rullestol. Må du i rullestol kjem du ikkje inn i halvparten av plassane du brukte i fjor, ikkje eingong i gågata. Dessutan skulle alle resepsjonar i alle offentlege bygg, sjukehus, hotell og liknande ha feste for krykker. Alle krykkebrukarar veit at dei alltid ramlar ned når du skal betale. Ingen bygg skulle ha trapper utan rekkverk. Kor mange er ikkje ustødig eller har gangplager av og til. Eller berre litt problem med synet, før det å gå ned ei trapp er ei utfordring.

Så klart hadde eg òg sagt nei til omsetning/ import av produkt, mat, klede, barneleiker og liknande med helsefarlege stoff. Punktum. Varetilbodet ville straks vorte sunnare. Å skrive Methylchloroisothiazolinon bittesmått på bitte små krukker, veit alle berre er ei liksomløysing. Som fløyta på redningsvesten når flyet set seg pent ned på Atlanterhavet. Få kundar har studert kjemi og ingen har fasettsyn.

Kvifor er det greitt å sprøyte vatn inn i kjøt og til og med fisk for å gjera vara tyngre? Og i neste omgang reklamere med «Uten tilsetning av vatn». Ja ja, vi sparar vernedrakt under steiking, men skal det liksom vera eit gode å få kjøpt kjukling utan ekstra vatn og salt? Tusen takk for at dei heller ikkje er glasert med hårlakk og fosfor! Eg ville og hatt grøne parsellar ved byane som folk kunne eige eller leige. For ikkje å snakke om kva eg ville gjera med parkane, kulturell appropriering frå Kina. Årleg idédugnad i kvar kommune. Og det beste av alt: Gjennomføre det som var lova. Den 7.ande dagen skulle sjølvsagt vera kviledag. (Kanskje tenke ut nytt purpose, heilt gratis.)

avalos@online.no

Artikkelen er oppdatert: 29. desember 2017 kl. 15.46

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk