Tirsdag 12. desember 2017
SAMLA LAG: Landsstyret i Frp er einige om at Venstre og Frp kan forhandle om regjering saman. Det er meir enn ein kan seie om landsstyret i Venstre. Her er Frp-leiar Siv Jensen og nestleiar Per Sandberg på landsmøtet i partiet våren 2017. Foto: Marthe Amanda Vannebo
• Ein av tre i Venstres landsstyre stemte mot forhandlingar • Frp var samrøystes
Meir samla enn Venstre
Undersak

Frp: Ikkje rør Sylvi Listhaug

I Venstre er det snakk om at å gå i regjering kan gje høve til å flytte på innvandrings­minister Sylvi Listhaug (Frp).

Fleire av fylkesleiarane i Frp vil ha slutt på det snakket.

– Vi driv med politikk. Det er berre tull med eit sånt krav, Listhaug er den siste vi vil flytte på, seier Liv Gustavsen, fylkesleiar i Akershus.

– Eg veit ikkje om eg skal uttale meg om det, seier Gustav Bahaus, fylkesleiar i Hordaland, før han likevel legg til:

– Men du har vel kanskje fått med deg diskusjonen om Carl I. Hagen og Nobelkomiteen? Då kan du tenkje deg sjølv kva vi meiner om at andre skal meine noko om kor våre folk skal sitja.

– For å oss er det uaktuelt å flytte på Listhaug fordi eit anna parti ønskjer det, seier Allan Ellingsen, Frps fylkesleiar i Nordland.

Frank Sve
SPLITTA HERSK: Frps landsstyre er meir samla om at Venstre skal gå i regjeringsforhandlingar enn kva Venstres landsstyre er.

REGJERINGS-FORHANDLING

Den nest siste helga i oktober hadde både Venstre og Framstegspartiet landsstyremøte. Hos Frp blei spørsmålet om regjeringsforhandlingar med Venstre – og Høgre – drøfta. Og sjølv om det er delte meiningar i både Frp-landsstyret og i partiet elles om kor vidt det er heldig med ei trepartiregjering, var konklusjonen klar:

Eit samrøystes landsstyre sa ja til å gje leiinga fullmakt til å gå i forhandlingar med Venstre med sikte på å danne ny regjering.

Det får Klassekampen opplyst frå ei lang rekkje uavhengige kjelder i partiet.

Fleire peikar på at det var kritiske ytringar i debatten før vedtaket, men at landsstyret til slutt samla seg om forhandlingsvedtaket.

Dette står i skarp kontrast til landsstyret i Venstre i helga, der kvar tredje delegat røysta mot Trine Skei Grandes framlegg om å gå i forhandlingar.

Fakta

Venstre i regjering:

• Landsstyret i Venstre gav laurdag stortingsgruppa eit råd om å byrje forhandlingar med regjeringspartia Høgre og Frp om å bli ein del av regjeringa.

• I etterkant av dette har stortingsgruppa vedteke at dei følgjer rådet. Forhandlingane byrjar etter planen over nyttår.

• KrF har gjort det klart at dei ikkje vil vere med på forhandlingar om regjeringsdeltaking.

Elleve røysta mot

Ifølgje NRK røysta elleve personar for eit framlegg frå Odd Einar Dørum om at partiet skal stå utanfor regjering og heller samarbeide som opposisjonsparti. 24 personar røysta mot dette framlegget, melder kanalen.

Betre med enn mot

Klassekampen har snakka med 14 av Frps 19 fylkesleiarar, i tillegg til Framstegspartiets Ungdom. Alle seier at dei er positive og stør vedtaket. Ein del av forhandlingsvedtaket er at leiartrioen skal kome tilbake til landsstyret for å få ei godkjenning av forhandlingsresultatet. Dette gjeld òg om forhandlingane med Venstre raknar og det berre blir forhandlingar med Høgre.

Leif Eriksen, fylkesleiar i Østfold, trur det kan blir betre om Venstre sit i regjeringa.

– Ja, det kan vel verke positivt. Det er kanskje betre å ha dei med oss enn mot oss, men det er langt fram enno, seier Eriksen.

Frank Sve i Møre og Romsdal er av same oppfatting: «Vi er positive til dette, ja», skriv han i ei tekstmelding til Klassekampen.

Klima og innvandring

Ikkje uventa er det klima og innvandring som blir dei vanskelegaste sakene, ifølgje Frp-arane.

– Det er ingen løyndom at det er stor avstand når det gjeld klima og innvandring. Men dei siste fire åra har vi kome fram til gode løysingar, seier Bjørn-Kristian Svensrud, leiar for Framstegs­partiets Ungdom.

– Det er rimeleg openbart at det grøne skiftet og innvandring og integrering er krevjande saker, seier Roy Steffensen, fylkesleiar og stortingsrepresentant frå Rogaland.

Fleire av fylkesleiarane seier at dei gjerne skulle sett ei firepartiregjering, slik også samarbeidsavtalen mellom Frp, Høgre, Venstre og KrF opna for i 2013.

I Venstre er synet langt meir delt enn det er i Frp. I går skreiv Klassekampen om korleis halvparten av ordførarane var kritiske til å gå i forhandlingar.

NRK melde søndag at Venstre-nestleiar Terje Breivik var ein av dei som var kritiske til å sitje ved forhandlings­bordet med Frp.

politikk@klassekampen.no

Lørdag 23. juni 2018
ÅPNER OPP: Denne helga vedtar etter all sannsynlighet både Sosialistisk Ungdom og Unge Høyre å åpne for statlig salg av hasj. Det sikrer flertall for ­legalisering blant ungdomspartiene.
Fredag 22. juni 2018
VIL PRØVE: Varaordføreren i Oslo mener Arbeiderpartiet bør støtte regulert salg av cannabis for å hindre at organiserte kriminelle håver inn millioner.
Torsdag 21. juni 2018
NARKO: Dei kriminelle gjengane i Oslo distribuerer narkotika ut i landet. – Me er uroa for utviklinga i Oslo, seier politiinspektør Are Sangolt i Vest politidistrikt.
Onsdag 20. juni 2018
TREND: Fleire røyker hasj. Fleire med psykiske plager. Og mindre tid på leksearbeid. Det er blant resultata etter at 25.000 har svart på ei ungdomsundersøking.
Tirsdag 19. juni 2018
NEKTER: Kommunalministeren vil la Troms overkjøre Finnmark. Tromspolitikere fra Rødt, SV og MDG sier blankt nei, og nekter å overstyre finnmarkingene.
Mandag 18. juni 2018
HØRING: Faresignalene har vært mange det siste året. I dag må byrådsleder R­aymond Johansen (Ap) svare på hva han har tenkt å gjøre for å bekjempe ungdomskriminaliteten i Oslo.
Lørdag 16. juni 2018
PÅ DØRA: Reklameguru Ingebrigt Steen Jensen og samboeren Trude Solheim er lei av at Arbeiderpartiet ikke skaper entusiasme, og fremmer ti saker som de håper kan gjenreise partiet.
Fredag 15. juni 2018
BØYER IKKE AV: Finnmark vil møte trusler fra regjeringen med sivil ulydighet. Regjeringen lover represalier.
Torsdag 14. juni 2018
RAUD ELLER DAUD: Støre meiner tida etter valnederlaget har gjort han meir oppteken av å finne løysingar på venstresida. Om 15 månader kjem folkets dom.
Onsdag 13. juni 2018
INNTOG: Amerikanske marinesoldater skal til Indre Troms – og blir der i fem år. Opposisjonen reagerer på regjeringens forsvarspolitikk.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk