Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Tyranniet

  • «Bruk ditt Mastercard for deres fremtid.» Denne teksten prydar reklameplakatar som for tida heng over heile landet. Under eit bilete av to (presumptivt svoltne) ungar med afrikansk utsjånad får vi vite at dei snille folka i bistandsorganisasjonen Mastercard gjev vekk eitt skulemåltid for kvar gong du bruker Mastercardet i julehandelen. Eller for å seie det litt klarare: Om du ikkje bruker dette kredittkortet i julestria, er det ein afrikansk unge som blir sitjande utan skulemat. Tenk litt på dét, du.