Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Cecilie Enger skriv om skam og sorg som vi alle burde kjenna litt på.

Sjølvinnsikt

Sjølvrettferd, «entitlement» som amerikanarane seier, kjennest som eit dominerande, innestengt og lummert drag i tidsånda. Vi kveler oss sjølve med smålegdom og egoisme. Sjølvransaking er mange av oss dess dårlegare til, i alle fall før det er for seint. Slike sannkjenningar skaper ein politisk kontekst rundt Cecilie Engers roman av året «Pust for meg» (Gyldendal). Ei bok om både sorg og sjølvgransking, som evnar å få lesaren til å gå i seg sjølv, slik god litteratur gjer.